nynorsk.no

Velkomen til nynorsk.no!

Vi prøver å fortelje om alt som hender i målrørsla og om målsaka. Det er ei vanskeleg oppgåve, og vi må lite på innspel frå dykk der ute. Send oss tips!

Nyhende frå nynorskverda

Ein nynorskelev i Oslo

Av nesten 55 000 elevar i grunnskulen i Oslo er det berre ei som har nynorsk som hovudmål. Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 29.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

– Dei fleste studentane ved UiB skal nytta utdanninga si i Noreg

Då er det avgjerande at dei lærer norsk språk og fageterminologi skikkeleg, skriv Odin Hørthe Omdal, leiar i Studentmållaget i Bergen. Studentmållaget helsar den nye studentorganisasjonen velkomen, og vonar den nye organisasjonen vil nytta tida på å gjera stoda for nynorskstudentar betre. Les heile saka i Studvest.

Lagt ut 28.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Attende til røtene til den norske språkhistoria

I 1814 var norsk språk dansk, og det var fyrst etter 1830 at idéen om eit folkemål fekk vind i segla. Likevel er det i perioden frå 1739-1868 me finn røtene til den moderne språkhistoria, skriv direktør i Språkrådet Sylfest Lomheim i ein kronikk i Bergens Tidende i dag. Les heile kronikken her.

Lagt ut 27.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget krev norsk i Statoil

Det er dramatisk at Statoil slutter å nytta norsk i møte med leverandørar og samarbeidspartnarar, seier leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård. Han meiner regjeringa må nytta eierskapen sin i selskapet til å sikra bruk av norsk. Les meir på aftenbladet.no.

Lagt ut 26.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Bokbrennar vert kulturbyråd

Harald Victor Hove, som brende ei nynorskordliste i ein valkampvideo i 2005, vert ny kulturbyråd i Bergen. Les meir hjå Bergens Tidende, og sjå skjermbilete frå Hoves valblogg i 2005 her, her og her.

Lagt ut 23.4.10 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Stille Fosse-boikott i nord

Medan Jon Fosse vert spelt på scener verda over, undrar dramaturg ved Det Norske Teatret, Ola E. Bø, seg over at Fosse mest ikkje er å finna i Trøndelag og nordover. Les meir på Scenekunst.no.

Lagt ut 23.4.10 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nordstoga får reiselivspris

– Det er «stuteleg» at det blir mer og mer bokmål når vi skal ha de verdiene vi har, seier Odd Norstoga etter å ha fått Telemark reiselivspris. Les saka i Telemarksavisa.

Lagt ut 23.4.10 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Språkstrid i Rauland

Språkdebatten går livleg i Rauland etter at styret i Rauland Turist AS har vedteke at heimesidene skal vera på bokmål. Ordføraren meiner Vinje kommune ville vera tent med konsekvent å nytta nynorsk i marknadsføringa. Les heile saka her.

Lagt ut 22.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Krev nynorsk nettbank

Korkje Surnadal, Rindal eller Sunndal sparebankar tilbyr nynorsk i nettbanken. No varslar leiar i Surnadal Heimbygdlag at om ikkje banken kan gje eit tilbod på nynorsk, kan det verta aktuelt å oppmoda nynorskkundar om å byta bank. Les heile saka i Driva.

Lagt ut 21.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nyttar meir nynorsk i undervisninga

Ved Bardufoss ungdomsskule i Troms har 10. klassingane nytta lærebøker på nynorsk i RLE heile året. Attendemeldingane har vore so gode at dei vil utvida tilbodet neste år og nytta lærebøker på nynorsk i RLE for alle klassetrinna neste år. Les heile saka på lnk.no.

Lagt ut 20.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha forsking om nynorsk

Stoda for nynorsken er samansett, no treng me meir forsking, seier attvald leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård. Særleg viktig er det å få meir kunnskap om målbyte. Les heile saka på lnk.no.

Lagt ut 20.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Stipend for å få nynorsk inn på nye område

Maria Tryti Vennerød og Runar Gudnason får 50 000 kroner kvar i stipend frå Noregs Mållag. Pengane skal nyttast for å få nynorsk inn på nye område. Les heile saka på lnk.no eller i Sogn avis. I tillegg har NRK Sogn og Fjordane ei sak om Maria Tryti Vennerød og NRK Møre og Romsdal ei sak om Runar Gudnason.

Lagt ut 19.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

? Nynorsk for innvandrarar er som eit Kinderegg

Attvald leiar i Noregs Mållag, Håvard Bjørkedal Øvregård, ber kunnskapsminister Kristin Halvorsen nytta fleirspråklege strategiar for opplæring. Å gje opplæring på nynorsk vil gje betre dialektforståing, redusera fordommar og stereotypar og styrka posisjonen til nynorsk. Les heile saka på morsmal.org.

Lagt ut 19.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemålsordninga må endrast

Den noverande ordninga med sidemål avlar nynorskhat, skriv Vegard (19) i eit debattinnlegg i Aftenposten. Les heile innlegget her.

Lagt ut 19.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha meir nynorsk til ungdomen

Påtroppande leiar i Norsk Målungdom, Janne Nygård, meiner NRK prioriterer feil når NRK3 og NRK Super framleis lid av bokmålsdominans. Les heile saka i Driva.

Lagt ut 15.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Ynskjer seg ein språkmedviten studentorganisasjon

Studentmållaget i Oslo helsar den nye, samla studentorganisasjonen velkomen i eit debattinnlegg i Universitas. Samstundes oppmodar dei organisasjonen til å ta dei språklege rettane til studentane på alvor. Les heile saka her.

Lagt ut 14.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Mobiliserer for nynorsk

Ei gruppe foreldre i Gjemnes går no saman om å sikra nynorskklassen på 1. trinn ved Batnfjord skule til hausten. Elevane ved 2.-7. trinn kan halda fram med nynorsk uavhengig av kor mange dei er. Les heile saka i Romsdal Budstikke.

Lagt ut 14.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Konfirmanthefte på både nynorsk og bokmål

Kvart år sender Kyrkjerådet ut konfirmanthefte til neste års kull med konfirmantar i samråd med Kirkens nødhjelp og bispedømeråda rundt i Noreg. I år finst heftet både på nynorsk og bokmål. Les heile saka hjå Bjørgvin bispedøme.

Lagt ut 14.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Fyrste band om norsk målreising klart

Historikaren Jens Johan Hyvik er no ferdig med fyrste bandet i soga om Norsk Målreising. Boka har fått tittelen Språk og nasjon 1739-1868. Oddmund L. Hoel disputerte i 2009 med avhandlinga Målreising og modernisering i Noreg 1885-1940 og skal skriva andre band, som etter planen kjem ut til hausten. Les heile saka på vevsidene til Høgskulen i Volda.

Lagt ut 13.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Sterk vekst for nynorsk OpenOffice

Kontorprogrampakka OpenOffice er på frammarsj, og stadig større delar av brukarmassen vel no den nynorske utgåva. Les meir hjå digi.no.

Lagt ut 12.4.10 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Endeleg vedtak i Gjemnes kommune

Tysdag skal formannsskapet i Gjemnes handsama spørsmålet om opplæringsmål på Batnfjord skule, etter at den rådgjevande folkerøystinga viste at 58,3 prosent ynskte å endra opplæringsmål til bokmål. Samstundes skal formannsskapet handsama framlegget om å endra namnet på skulen til Batnfjord skole. Les heile saka i Tidens Krav.

Lagt ut 12.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Haugestiftinga ein del av Nynorsk kultursentrum

Olav H. Hauge-stiftinga i Ulvik og Nynorsk kultursentrum vurderer samanslåing. I sofall vert Hauge-stiftinga ei avdeling på lik line med Ivar Aasen-tunet. Nynorsk kultursentrum driv i dag Dei nynorske festspela og Ivar Aasen-tunet, begge i Ørsta. Les meir på Utdanning.no eller på heimesidene til LNK.

Lagt ut 9.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Urovekkjande lite nynorsk på NRK SUPER

Leiar i Kringkastingsringen, Martin Toft, seier det er gledeleg å sjå at NRK i allmennkringkastingsrapporten kan visa til auka del av nynorsk i NRK1, P1, P2 og P3. Meir urovekkjande er det at NRK SUPER berre har 13 prosent nynorsk med tanke på kor viktig påverknaden frå media er for den språklege sjølvkjensla til borna. Les heile pressemeldinga på kringkastingsringen.no.

Lagt ut 9.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Årets nynorskbrukar er Maria Parr

Forfattar Maria Parr er kåra til årets nynorskbrukar 2010. Ho får prisen «(...)for utsøkt evne til å skape klok og sterk litteratur som gjer det mogleg for born og unge å få meir nærkontakt med nynorsk.» Les meir på mre.no eller på heimesidene til Ivar Aasen-tunet.

Lagt ut 8.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Oppfyller kravet om 25% nynorsk

Radiokanalen P1 nådde målet om 25 prosent nynorsk i fjor. NRK 1, P2 og P3 fylgjer rett bak med høvesvis 24, 24 og 23 prosent nynorsk. Normert nynorsk og bokmål vert i all hovudsak nytta i opplesing av nyhende og programinformasjon. Les heile saka i Avisa Hordaland.

Lagt ut 7.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Ny leiar for Nynorsk Kultursentrum

Reidar Sandal er ny styreleiar for Nynorsk Kultursentrum, som eig og driv Ivar Aasen-tunet og Dei nynorske festspela. Les meir på firda.no, hjå NRK Møre og Romsdal eller i Utdanning.

Lagt ut 7.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Staten fylgjer ikkje sine eigne forskrifter

For tredje år på rad klarer ikkje departementet fylgja opp kravet i Mållova om at 25 % av alle statlege, offentlege dokument skal vera på nynorsk. Les heile saka hjå NRK.

Lagt ut 7.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

- Nynorsk er en del av identiteten til Åmli.

Det seier ordførar Tellef Olstad. Han frykter bokmålet kan koma til å endra bygda. 3. mai er det rådgjevande folkerøysting i kommunen. Les heile saka hjå NRK Sørlandet.

Lagt ut 7.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Samisk påverka urnordisk

Michael Rießler ved Universitetet i Leipzig meiner vikingane vart påverka av samisk, og ikkje motsett, som ein tidlegare har trudd. Les heile saka her.

Lagt ut 6.4.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Ørretfiske eller aurefiske?

Søkemotorar som Google kan vera ei utfordring både for bedriftar som nyttar nynorsk og kundar som nyttar veven til å finna informasjon. Les meir på lnk.no.

Lagt ut 30.3.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

5. oktober

  • 1861 Det fyrste mållaget, Maalfelaget, vart skipa

6. oktober

  • 1877 Avisa «Fedraheimen» med Arne Garborg som redaktør kom ut for fyrste gong
  • 1899 Marius Hægstad heldt den fyrste universitets­førelesinga på nynorsk

7. oktober

  • 1899 Jon Leirfall vart fødd

10. oktober

  • 1858 Fyrste nummeret av avisa «Dølen» kom ut

13. oktober

  • 1948 Norsk Bygdekino AS vart skipa

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2016 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen