nynorsk.no

2.9.2010

Nynorske dataprogram

Etter kvart finst det mange dataprogram på nynorsk. Me freistar å gje eit oppdatert oversyn på denne sida og tek gjerne imot tips. Eit anna oversyn over programvare på nynorsk finn du på sidene til Norsk Språkråd.

Lista er alfabetisk sortert.

AbiWord

Teksthandsamingsprogrammet AbiWord er gratis (open-kjeldekode), på nynorsk og tilgjengeleg for Windows, Linux, QNX mm. Last ned.

Drillpro

Eitt av dei mest brukte språktreningsverktøya i landet! Dataprogramma DrillPro Touch, DrillPro Ordleikar, DrillPro Engelskbok og tilleggssetta med norskøvingar, engelskøvingar og spesialpedagogiske norskøvingar er no klare i full nynorskversjon. Les meir på sida til Grieg Multimedia.

e-Lector

e-Lector er eit program som gjer det enklare for dyslektikarar og personar med andre lesevanskar å lese. Du kan laste ned demoversjon og fullversjon (kostar pengar) frå nettsidene deira.

Embla Familie og slekt

Slektsgranskingsprogrammet Embla Familie og slekt finst på både nynorsk og bokmål. Les meir hjå Embla.

KDE (K Desktop Environment)

KDE er eit populært brukarmiljø for Linux og andre Unix-baserte operativsystem. KDE inneheld mange små og store program - frå spel og multimedia til systemverkty, internett og skriveprogram. Versjon 3.2 av KDE er no ute, og finst mellom anna i nynorskutgåve. Meir informasjon.

Med andre ord

Med andre ord er ei elektronisk synonymordbok med omsetjingar til nynorsk. Programmet er raskt og enkelt å slå opp i, og det kan brukast saman med Microsoft Word eller som eit frittståande program. Ein slår primært opp frå bokmåls- eller fellesord medan synonyma og avløysarorda er på nynorsk. Les meir på www.samlaget.no/mao/.

Microsoft Office 2003

Dersom du har bokmålsutgåva av Microsoft Office 2003, kan du lasta ned eit språkpakke som gjev deg brukargrensesnittet på nynorsk. Les meir hjå Microsoft.

Microsoft XP

Dersom du har bokmålsutgåva av Microsoft XP, kan du lasta ned eit språkpakke som gjev deg brukargrensesnittet på nynorsk. Les meir hjå Microsoft.

Mozilla

Mozilla er ein nettlesar (med e-post- og nettsideutviklingsprogram) som er under utvikling. Informasjon og nedlasting.

Det vert no arbeidd med å få plass ei nynorsk omsetjing av utgåve 2.0 av nettlesaren Firefox og epost-klienten Thunderbird. Les meir.

Nyno

Nyno er eit kjekt lite program som omset frå bokmål til nynorsk. Du må betala for ein fullversjon, men du kan lasta ned prøve-utgåver her. Les meir på Nynodata sine heimesider.

Opera - for både nett og mobil

Opera er ein norsk-utvikla superrask nettlesar med innebygd e-postlesar. Les meir på nedlastingssida. Opera finst mellom anna for Mac, Linux og Windows.

Last ned Opera for mobil.

OpenOffice.org

OpenOffice.org er ei kontorstøttepakke som har det meste, både skrive-, rekne- og presentasjonsprogram. Pakka finst for både Windows og Linux, på både bokmål og nynorsk.

Les meir på http://no.openoffice.org.

Open Tracker

Open Tracker er "grunnstammen" i operativstystemet BeOS. Her finn du reiskapar for filbehandling, skrivebord, menyar med meir. Les meir.

SATS Novaschem

Timeplanleggingsprogrammet SATS Novaschem finst no i nynorskutgåve. Les meir om programmet. Programmet er laga for bruk i skuleverket, og du kan tinga det frå Enet.

Skulelinux

Skulelinux er eit prosjekt drive av Linux i Skulen med støtte frå Utdannings- og forskingsdepartementet. Føremålet er å lage ei fullstendig programvarepakke for grunnskulen på bokmål, nynorsk og nordsamisk med Linux som plattform.

Les meir på http://developer.skolelinux.no/.

Skype (telefonprogram)

Skype er eit dataprogram som gjer at du kan ringje gratis med breibandslina di. For å få Skype på nynorsk må du:

  1. Laste ned Skype. Dersom du lurar på kva Skype eigentleg er, kan du lese meir om det på skype.com.
  2. Laste ned den nynorske språkfila.

Omsetjinga er laga av Bjørn Svindseth. Her er nokre tips frå han:

  • Last ned fila: NorwegianNynorsk_2.0.0.103_20060507_svindseth.lang.lang. (Det ligg ei anna språkfil der og, men det er for ein eldre Skype-versjon)
  • Den nedlasta fila skal leggast i Phone-mappa inne i Skype-mappa som ligg på Programmer.
  • Deretter går ein på menyen Verktøy > Velg språk (Change language > Åpne språkfil for Skype. (Så manøvrerer du deg fram til fila i Phone -mappa inne i Skype-mappa som ligg på "Programmer".) Dobbelklikkar fila og vips so er Skype på nynorsk.

Økodata

Økodata har kurs og databøker på nynorsk. I tillegg har dei no utvikla eit fakturaprogram på nynorsk. Programmet er spesialtilpassa for bokforlag. Les meir på www.prodat.no/okodata.

4D

4D er ein database og eit programmeringsverkty med tilhøyrande integrert skriveprogram. Les meir på sida til NorSoft.

Nynorskhendingar denne veka

15. september

  • 1907 Fyrste nynorskgudteneste i Slottskapellet

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2010 nynorsk.no.