Norsk Målungdom

Velkomen!

Norsk Målungdom er den einaste nynorskorganisasjonen for ungdom. Me arbeider for at alle i Noreg skal velja å skriva nynorsk i staden for bokmål, og for å styrka dialektane. Me arbeider for at nynorsk skal verta meir synleg i media, skulekvardagen og i lokalsamfunnet. Me arbeider for språkleg mangfald og språklege rettar.

Siste nytt:

Skulestartaksjonar

No er det tid for skulestartaksjonar. Kongsgård Elevmållag aksjonerte i Stavanger 18. august. Maria frå sentralstyret var på besøk.

Aktivistkurs

Frå 10. til 12. september skipar NMU til aktivistkurs for nye og gamle aktivistar. Det vert opplæring i korleis skipe og drive lokallag, medietrenig og aksjonsvarkstad. Det kjem til å vere på fleire plassar i Noreg, mellom anna i Oslo. Om du vil at lokallaget ditt skal ha eit slikt kurs hjå seg den helga, ta kontakt med skirvarstova på telefon: 23 00 29 40 eller på e-post: skriv@nynorsk.no

Sumarleir i Arendal 6.-11. juli

I morgon startar sumarleiren til Norsk Målungdom. Det vil difor ikkje vera folk på skrivarstova den neste veka. Dersom det ikkje hastar, kan du senda ein e-post til skriv(a)nynorsk.no, so svarar me etter leiren. Dersom det hastar, kan du ringja oss på 23 00 29 40.

Dei nye t-skjortene er på plass!

No har me fått fleire t-skjorter med «Eg hjarte Ny-norsk». Denne gongen har me kvite, rosa, eplegrøne og mintgrøne til jenter, i storleikane S-L. I tillegg har me nokre få militærgrøne og gule att. I gutevarianten (som er like fin til jenter som ikkje liker tronge t-skjorter) har me mintgrøne, lyseblå, rosa, gule og kvite, i storleikane S-XL. Med andre ord burde fargane vera perfekte til sumaren. Dersom du ynskjer å tinga ei t-skjorte, kan du senda ein e-post til skriv(a)nynorsk.no. T-skjortene kostar framleis 130,-.

Nye t-skjortar

T-skjortene med "Eg hjarte ny-norsk" er so populære at me alt har tinga eit nytt opplag. Snart kjem dei i nye friske fargar og storleikar.

I tillegg har me lyst ut ein tilfangstevling i Motmæle. Har du ein idé til kva det neste NMU skal laga av tilfang kan vera, vil me veldig gjerne vita om det! Den beste idéen får tilfanget gratis. Send idéen din til skriv(a)nynorsk(punkt)no.

Sumarleir

Har du ikkje meldt deg på sumarleir endå? Sjekk ut førebels program og meld deg på her

Vervekampanjen er i gang

No har me sparka i gang årets vervekampanje. Me skal ha 1000 teljande medlemer innan sumarleiren, og då treng me DI hjelp. Alle vervingar monnar og dreg, anten du vervar éin for å få ein Ivar Aasen-kortstokk eller 25 for å få ein interrailbillett. Les meir på vervekampanje.no.

Verv til tusen!

Eksamen på bokmål?

Studentar ved statlege universitet og høgskular har krav på eksamen på si eiga målform. Diverre hender det ofte at denne retten vert gløymt. For å gjera det enkelt for folk å klaga har Språkrådet laga eit standardbrev som du kan fylla ut, kopiera inn i ein e-post og senda til instituttet ditt. Send ein kopi av e-posten til post(a)sprakrad.no.

Vil du jobbe for Norsk Målungdom

I samband med 50-årsjubileet til Norsk Målungdom i 2011 skal det verte tilsett ein jubileumsskrivar. Skrivaren skal jobbe i 40% i fire månader i haust med å planlegge jubileumsåret 2011. frist for innsending av søknad er 29. april. Les meir i stillingsutlysinga.

Kom på sumarleir 6.–11. juli!

Ver med Norsk Målungdom på sumarleir i Lillesand 6.–11. juli. Det vert ei herleg ferieveke med sol, sumar, bading og fotballturnering. I tillegg vert det sjølvsagt kurs for nye så vel som røynde aktivistar, og kulturelle og kreative verkstader. Gå inn på www.sumarleir.no og meld deg på i dag, for dette vil du ikkje gå glipp av!

Janne Nygård vert ny leiar i Norsk Målungdom

Janne Nygård frå Jølster i Sogn og Fjordane vart vald til ny leiar i organisasjonen på landsmøtet 19.– 21. mars i Ørsta. Ho og resten av det nyvalde sentralstyret tek til 11. juli. Janne sit no som nestleiar og har tidlegare vore dagleg leiar i Norsk Målungdom.

Bror-Magnus Sviland Strand frå Sandnes i Rogaland er vald til nestleiar. Bror har vore sivilarbeidar i Norsk Målungdom, og sit no som sentralstyremedlem. Ny dagleg leiar vert Tone Rossow frå Asker i Akershus. Tone sit i dag i landsstyret i Norsk Målungdom.

Kampen for nynorsk i riksmedia står som øvste politiske prioritet i arbeidsprogrammet for perioden 2010 –2011. Norsk Målungdom skal gjennomføre ein kampanje der målet er å opne for nynorsk i dei største nettavisene. Andre viktige saker i det nye arbeidsprogrammet er å betre språkkompetansen hjå lærarstudentar, og at innvandrarar skal få norskopplæring på nynorsk i nynorskkommunar.

Landsmøtet har og vedteke strategimål for dei neste fem åra. Desse måla skal fylle rommet mellom tufta og arbeidsprogrammet. Nemnda som har arbeidd fram måla har og utarbeidd eit notat som grunngjev strategimåla. Dette er ikkje vedteke av landsmøtet, men skal gje ei betre forståing for bakgrunnen for måla.

Landsmøtet har hatt føre reknaskap for 2009, revidert budsjett for 2010 og budsjett for 2011. Rekneskapen syner eit overskot på kr. 85.000,-. Dette er svært gledeleg for organisasjonen, og det sikrar ein trygg økonomi i året som kjem.

Neste år feirar Norsk Målungdom 50 år. Framover skal vi arbeide med planlegging av jubileet, og vi skal feire oss sjølve i stor stil på neste landsmøte, som skal vere i Oslo.

Les meir om det nye styret her

Les leiartalen til Maria Svendsen her(pdf).

Utfordrar Navarsete på integrering

Leiar i Norsk Målungdom, Maria Svendsen reagerer på at innvandrarar som kjem til nynorskkommunar får opplæring på bokmål. Det er diskriminerande og tankelaust ikkje å gje innvanrarane opplæring i rett språk, seier Svendsen. I eit ope brev til kommunal- og regionaldepartementet utfordrar Norsk Målungdom ministeren til å ta saka på alvor. Les meir på utdanning.no.

Har du meldt deg inn etter 25. januar?

Då har me ikkje fått innmeldinga di, av di me har hatt eit problem med innmeldingsskjemaet på denne sida. No har me fiksa problemet, so viss du meldar deg inn på nytt, skal det gå bra!

Kom på landsmøte i Ørsta 19.-21. mars!

19.-21. mars vert det landsmøte i Ørsta. Vil du vera med å forma politikken i året som kjem, er dette staden å vera. Les meir på landsmøtesidene.

Skrivarstova tek joleferie

Skrivarstova tek joleferie frå 23.desember til 4.januar. Om du likevel treng å ha tak i oss, kan du senda ein e-post til skriv(a)nynorsk.no, so skal me svara so fort som råd. Me vil nytta høvet til å ynskja alle god jol og godt nyttår, me gler oss til å halda fram arbeidet i 2010!

Verv til jol!

Året er snart slutt, men me skal verva endå nokre til før nyttår. Ver med på verveinnspurten og vinn gjeve premiar. Medlemene må vera verva og ha betalt innan 28.desember. Me sender ikkje ut giroar i ferien, men de kan setja inn pengane på 3450.65.48618. Gå inn på vervekampanje.no for å sjå reglane, kikka på vervepremiane og registrera vervingar!

verveinnspurt

Nytt tilfang

No kan du kjøpe det nye tilfanget til NMU. På bileta under ser du kva vi har. T-skjorter finst i M, L of XL for jenter i rosa, grøn, kvit og gul, for gutar i S, M, L og XL i lyseblå, grøn, kvit og gul. Boksarar er for jenter og gutar i S, M og L i svart og kvit. For tinging send ein e-post til skriv@nynorsk.no eller ring kontoret på 22 00 29 40

T-skjortene kostar 130,- og boksarane 150,-

Nytt tilfang!

Vinterleiren 2010

Frå 22.-24. januar skipar Norsk Målungdom til vinterleir. Denne gongen i nærleiken av Bø. Les meir på vinterleiren sine vevsider

Dialektprisen 2009 til Eli Kari Gjengedal

I dag, 6. november, vart dialektprisen delt ut til Eli Kari Gjengedal, best kjent som værdame på TV2. Grungjevninga for tildelinga var mellom anna den orginale framføringa framføringa av vêret på melodien til «Ola Tveiten», og elles god bruk av dialekt på i Media. Les meir i pressemeldinga

Ber Støre protestera mot overgrep i Vest-Sahara

18 ulike ungdomsorganisasjonar, inkludert alle ungdomspartia og Norsk Målungdom ber utanriksminister Jonas Gahr Støre protestera mot ei rekkje overgrep mot menneskerettsaktivistar i det okkuperte Vest-Sahara i eit brev til utanriksministeren. Les brevet her

Vevsidene våre er nede. Dette er ei mellombels løysing til me får dei opp igjen. Om du lurer på noko, ta gjerne kontakt med skrivarstova på skriv(a)nynorsk.no

Dette er dei mellombelse heimesidene til Norsk Målungdom, Postboks 285 Sentrum, 0103 Oslo. Vitjingsadresse: Schweigaardsgate 16, 0191 Oslo. Telefon: 23 00 29 40. Telefaks: 23 00 29 31. E-post: nmu(a)nynorsk.no.
Heia nynorsk.