
Norsk Målungdom NMU meiner nynorsk høver for alle, og arbeider soleis for at alle skal velja nynorsk i staden for bokmål. I dette ligg det at nynorsk ligg nærast slik dei fleste i Noreg snakkar – nynorsken byggjer på alle dialektane i Noreg, medan bokmålet byggjer på dansk.
Kvart år vitjar NMU skular over heile landet, og arbeider spesielt med rettane til nynorskelevar og nynorsk i skulen. Dei nynorske læremidla har i mange år vore ei kampsak for NMU, og nokre andre viktige emne er sidemål, morsmål og norsk2-opplæring. Norsk Målungdom engasjerer seg òg for meir nynorsk i media og i næringslivet.
NMU er den einaste ungdomsorganisasjonen som arbeider for nynorsk og dialektar. Organisasjonen er partipolitisk uavhengig, og har status som lokallag i Noregs Mållag. Det eldste lokallaget vart skipa alt i 1877 (Maalvinarlaget), og NMU kom til som samlande organisasjon i 1961, under namnet Noregs Student- og Elevmållag (NSEM). Norsk Målungdom fyller difor 50 år i 2011.
Ungdom som godtek tufta og lovene til Norsk Målungdom, kan slutta seg til oss.
Tufta er det målpolitiske grunnlaget i Norsk Målungdom. Dokumentet kan du lese her (pdf).
Lovene er dokumentet som styrer drifta av Norsk Målungdom. Det styrer mellom anna medlemskap, landsmøte, landsstyre, sentralstyre, tilskipingar og tilhøvet til andre organisasjonar. Heile dokumentet finn du her
Dette er dei mellombelse heimesidene til Norsk Målungdom, Postboks
285 Sentrum, 0103 Oslo. Vitjingsadresse: Schweigaardsgate 16, 0191 Oslo. Telefon: 23 00 29 40. Telefaks: 23 00 29 31.
E-post: nmu(a)nynorsk.no.
Heia nynorsk.