Gjer eit val!

Artikkel
Kart

!

Inger Johansen er tidlegare nestleiar og sentralstyremedlem i NMU. No er ho mastergradsstudent i nordisk språkvitskap på NTNU. Masteravhandlinga hennar blir ei sosiolingvistisk studie av sørsamisk språk i eit revitaliseringsperspektiv, og dermed òg i eit språkdaudeperspektiv. I denne kronikken skriv ho om samiske språk- og samfunnstilhøve, med vekt på sørsamisk.

Sørsamisk – ein minoritet i minoriteten

Når NRK sender Ođđasat (samiske nyhendesendingar) på TV er det mange samar som ikkje skjønar det som blir sagt utan å lesa den norske tekstinga. Det er ikkje fordi dei ikkje har lært samisk av foreldra sine då dei var ungar, men fordi dei snakkar samiske minoritetsspråk. Nei, samisk er ikkje berre nordsamisk, og alle samar bur ikkje i Finnmark.

I Noreg har me nynorsk, bokmål og samisk, heiter det, og me tenkjer at me snakkar norsk, og samane snakkar samisk. Enkelt og greitt. Men den samiske språksituasjonen er korkje enkel eller grei. Serleg ikkje den sørsamiske. Ei sak er at ikkje alle samar har lært samisk av foreldra sine, ei anna er at det innanfor det samiske språket finst stor variasjon, og at desse samiske språkvarietetane kan sjåast på som minoritetar innanfor minoriteten. Sørsamisk er ein av desse, og det er dét denne artikkelen innimellom handlar om. Avhandlinga mi skal vera ferdig om eitt år, og eg er langt frå å koma til botnar i alle spørsmåla eg stiller. Derfor ber denne artikkelen preg av mange halvkvedde viser de må vente eit år på å få høyre meir av. Fyrst av alt byrjar eg med nokre allmenne trekk ved samisk språk, historie og samfunnstilhøve.

Den uralske språkfamilien
Sjølv om samisk mellom anna er eit nordisk språk i geografisk tyding, er det ikkje dét i lingvistisk tyding. Samisk høyrer heime i den uralske språkfamilien. Denne familien, eller dette ”treet” deler seg i to greiner: samojedisk og finsk-ugrisk. Under den samojediske greina finn ein nenets, enets, nganasan og selkup. Desse har om lag 20 000 talarar fordelt over enorme område i Sibir og Nord-Russland. I tillegg høyrer 5 språk som no er utdøydde til her: kamassisk, karagassisk, kojbalisk, motorisk og tajgi. Under den finsk-ugriske greina finn ein 16 språk med til saman 23 millionar talarar: finsk, karelsk, ingrisk, lydisk, vepsisk, votisk, estisk, livisk, tsjeremissisk, mordvinsk, syrjensk, votjakisk, samisk, ungarsk, vogulsk og ostjakisk. Krevisk er eit utdøydd språk under denne greina. Alle desse språka er delt inn i underkategoriar under hovudgreinene, men det kjem eg ikkje nærare inn på her. Norsk høyrer som kjent inn under den germanske greina av den indoeuropeiske språkfamilien, og språka i den uralske språkfamilien er like ulike som dei i den indoeuropeiske. T.d. så er skilnaden mellom samisk og finsk om lag lik avstanden mellom norsk og tysk.

Samisk = nordsamisk
I mest alle samanhengar ein høyrer om samisk, er det snakk om nordsamisk. Og så lenge det ikkje blir presisert at det er nordsamisk det er snakk om, er det ikkje så lett å koma på av seg sjølv at det finst noko samisk som ikkje er nord. For det finst mange andre: sørsamisk, umesamisk, pitesamisk, lulesamisk, enaresamisk, skoltesamisk, kildinsamisk, akkalasamisk og tersamisk. Innanfor desse att finst det fleire varietetar; det kjem berre an på kvar ein dreg grensa. Til dømes kan ein dele inn nordsamisk i finnmarksamisk, sjøsamisk og tornesamisk. Det er med andre ord like vanskeleg å setje eit tal på dei samiske dialektane som på dei norske.

Språk eller dialekt?
Det seier seg slett ikkje sjølv kva som er ulike språk og kva som er dialektvarietetar av eit språk. Ser ein lingvistisk på det, og legg kriteriet om innbyrdes forståing til grunn, er dei fleste samiske varietetane ulike språk. Samstundes blir då norsk, svensk og dansk dialektar av same språk dersom ein set det same kriteriet her. Grunnen til at me likevel kallar norsk, svensk og dansk ulike språk, er sjølvsagt statsgrensene. Det er vanlegast å kalle dei ulike samiske varietetane dialektar av samisk nett fordi samane legg mykje vekt på at dei er eitt folk i ein samanhengande nasjon, trass i både statsgrenser og språkgrenser. Slik sett er det ikkje berre eit språkleg spørsmål, men i høgste grad eit politisk spørsmål kva som kallast språk og dialekt. Språkgrensene, eller den lingvistiske avstanden, mellom dialektane er ulik etter kven av dei ein samanliknar. Ein sørsame og ein nordsame forstår ikkje kvarandre, medan ein nordsame og ein lulesame gjer det. I utgangspunktet er det samiske språkområdet eit språkkontinuum der dei dialektane som grensar til kvarandre stort sett er innbyrdes forståelege. Hoppar ein derimot over eit ”ledd”, er dei ikkje det. Lingvistisk avstand heng med andre ord saman med geografisk avstand. Avstanden mellom nord- og sørsamisk er som mellom norsk og islandsk, medan avstanden mellom nord- og lulesamisk er som mellom norsk og svensk.

Skriftspråk
Trass i at det er vanlegast å kalle varietetane dialektar, har dei vorte handsama som ulike språk i rettskrivingssamanheng. Trass i fleire forsøk, har det ikkje vorte utvikla eit felles skriftspråk for alle dialektane. Det er serleg to årsaker til dette: Den eine er at det samiske området har vore delt inn under ulike utdanningsadministrasjonar som ikkje har samordna arbeidet med dette. Den andre årsaken er rein språkleg. Serleg at det er ulikt tal på konsonantar og vokalar og at dei vekslar ulikt, gjer det vanskeleg å sameine alle dialektane til eit skriftspråk. Det er laga eigne skriftspråk for 6 av hovuddialektane: nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk, kildinsamisk, enaresamisk og skoltesamisk. Dei andre 4 har så få brukarar at dei ikkje har fått eigne skriftspråk. Nordsamisk var fyrst ute og fekk offisielt skriftspråk i 1951. Så seint som i 1978 vart ei sørsamisk rettskriving godkjent til skulebruk i Noreg og Sverige, og i 1983 fekk lulesamisk eit eige skriftspråk. Nord- og sørsamisk er ikkje basert på det same alfabetet: Medan nordsamisk har eigne samiske teikn i alfabetet, er sørsamisk basert på bokstavteikna i norsk og svensk.

Ikkje berre i Finnmark
Det samiske busetjingsområdet, Sápmi på nordsamisk, Saemie på sørsamisk, strekkjer seg frå sør for Femunden i Noreg og frå Idre i Dalarna i Sverige og heilt ut til og med Kolahalvøya. Det kryssar landegrensene til Noreg, Sverige, Finland og Russland. Desse statsgrensene har tradisjonelt ikkje vore avgjerande for samane i korleis dei har organisert samfunna sine, men etter kvart som statane fekk meir kontroll over dei vanskeleg tilgjengelege områda samane heldt til i, har dei vore meir til praktisk hinder for samane enn til gagn på noko vis. Det er vanleg å dele inn det samiske busetjingsområdet i vestsamisk og austsamisk.

Vestsamisk
Det sørsamiske området er det sørlegaste, og strekkjer seg altså frå sør for Femunden, via Trollheimen og opp til sør for Saltfjellet i Noreg og opp til Ume elv i Sverige. ”Kjerneområda” på norsk side er Røros, Snåsa og Hattfjelldal. Nord for Ume elv talast umesamisk til Arvidsjaur og sørlege delar av Arjeplog. Pitesamisk talast i den nordlege delen av Arjeplog kommune og til Pite elv. Tidlegare fanst det umesamisk og pitesamisk også på den norske sida av grensa, men i dag er dei ikkje nemneverdig representerte. Det lulesamiske området er området mellom Pite elv og Kaitum elv i Sverige og i Tysfjord, Hamarøy og Sørfold i Noreg. Frå Kaitum elv i Sverige og Ofoten i Noreg byrjar det nordsamiske området og held fram inn i Finland i alle dei fire kommunane der samisk talast: Utsjok, Enare, Sodankylä og Enontekiö.

Austsamisk
Enaresamisk er avgrensa til Enare kommune i Finland. Skoltesamisk område byrjar tradisjonelt i Enare. Før var Neiden eit skoltesamisk område i Noreg, men i dag brukast språket knapt av nokon der. Det skoltesamiske området har tradisjonelt halde fram inn i Russland og vore tala i grenseområdet i vest. Kildin- og akkalasamisk område er den sentrale delen av Kola, medan tersamisk område har vore resten av Kola-halvøya i aust. Det samiske språkområdet er stort i høve til talet på samar og ikkje minst talet på samisktalande. Språktettleiken varierer frå at samisk er fleirtalsspråk i nokre kommunar i Finnmark, til at det berre finst språkøyar eller berre einskildspersonar i den eldre generasjonen som kan språket. Nordsamisktalande er den gruppa som prosentvis har auka innan den samiske folkesetnaden. Det er dei som best har klart seg mot assimilasjonen frå majoritetsspråka. Den prosentvise auka skuldast likevel ikkje ei auke i absolutte tal, men fyrst og fremst ein dramatisk tilbakegang i dei andre hovuddialektane.

Kor mange?
På spørsmålet ”Kor mange samar finst det?”, krevst det eigentleg eit langt svar, der ein mellom anna må svara på kva som definerer ein same og kva kriterie som ligg til grunn for at ein kan kalle seg same. Nordisk Sameråd har laga denne definisjonen av ein same: ”En same er: Den som har samisk som førstespråk, eller som har far, mor eller en av besteforeldrene med samisk som førstespråk, eller – den som anser seg selv som same, og blir betraktet som same, og som fullt ut innordner seg samenes samfunnsorden, og som av det representative samiske organet godkjennes som same, eller – den som har far eller mor som er same etter de vilkår som er nevnt ovenfor”. Som me ser, er det ikkje lett å laga slike definisjonar. Det finst ingen offisiell statistikk over samiske tilhøve i Noreg, og det er litt av grunnen til at det blir skrive mange ulike tal, både på samar og på samisktalande. Når det gjeld talet på samisktalande, er det like vanskeleg, om ikkje vanskelegare, å talfeste enn talet på samar. Kor godt må ein kunne språket for å vera ein samisktalande? Og kor mykje og ofte må ein bruke det? Alle tala ein kan lesa på desse storleikane er gjort på skjønn, og er ikkje resultat av grundige vitskaplege undersøkjingar.

Om lag 60 000
Magga (1997) skriv at ein på grunnlag av valmanntalet til Sametinget kan rekne med at det finst om lag: 30-40 000 samar i Noreg, 17-20 000 i Sverige, 5-6 000 i Finland og ca. 2 000 i Russland. Dette er mellom 54 og 68 000 i alt. Ikkje alle av desse snakkar samisk, men alle reknar seg som samar på grunnlag av eitt eller fleire av elementa i den samiske identiteten, som språk, slektskap, kultur, yrke eller andre trekk som til saman utgjer den samiske identiteten. Magga anslår talet på samisktalande til å vera om lag 30-40 000, men føyer til at dette er høgst diskutabelt. Om fordelinga på dei ulike hovuddialektane, skriv Sammallahti (1998) at: 10 000 snakkar nord-samisk i Noreg, 5 000 i Sverige og 2 000 i Finland. Ume-, pite-, akkala- og ter-samisk har stort sett berre nokre få eldre talarar, medan sør-, enare- og skolte-samisk har 300-500 brukarar kvar. Til slutt nemner han kildinsamisk med ca. 650 talarar og lulesamisk med 2-3 000 talarar. Dette blir i alt mellom 20 -22 000, og altså eit lågare tal enn det Magga føreslår. Det er med andre ord svært vanskeleg å koma til botnar i denne talfestinga utan å gjennomføre svært omfattande forskingsprosjekt. Dersom de møter på andre tal enn desse i andre kjelder, så ikkje bli overraska. Når det gjeld talet på sørsamar, har eg lese alt frå at det er 500 til saman i Noreg og Sverige, til at det er om lag 1500 på kvar side av grensa. Det vanlegaste, og det eg etter kvart held meg til, er å seie at det finst om lag/ litt i underkant av 1000 sørsamar i Noreg, og det tilsvarande i Sverige. Når det gjeld talet på talarar av det sørsamiske språket, er det svært vanskeleg å seie, og her er det gjort endå mindre undersøkjingar enn på sjølve talet på samar. Sammallahti føreslår altså mellom 300 og 500, og men er mogleg dette er noko pessimistisk.

Syntetisk språk
Samisk er eit veldig annleis språk enn norsk, og mykje er heilt annleis oppbygd enn i dei språka me kjenner best, som engelsk, tysk, fransk og spansk. Eg skal her berre gje døme på nokre få trekk som er annleis. Samisk er eit syntetisk språk med eit rikt bøyings- og avleiingsmønster. Til samanlikning er norsk er eit meir analytisk språk, og har dermed ikkje fullt så komplisert avleiings- og bøyingsmønster. Kort sagt går skilnaden ut på lengda og talet på ord. I reindyrka analytiske språk har ein eitt ord per språkleg ”funksjon” eller meining, og ein får mange ord, medan ein i reindyrka syntetiske språk legg nye avleiingar til ordstammar ein har frå før, og ein får dermed generelt lengre ord, og meir informasjon per ord, enn i analytiske språk. Eit fenomen me på norsk treng fleire ord for å uttrykkje, uttrykkjer samar med berre eitt. Omgrepa analytisk og syntetisk er i kvar sin ende av eit spekter, og korkje norsk eller samisk er reindyrka analytiske eller syntetiske språk, men heller til kvar si side av skalaen. Her er eit døme på avleiingar frå verbet ”å eta” – borrat på nordsamisk:

”ete litt”, ”ete fort”: borralit ”ete langsamt”: borradit ”byrje å ete”: borrat eller borragoahtit ”bli eten”: borrot ”ha til mat”: borrahahttit ”miste matlysta”: borohuvvat

8 kasus
Dei samiske verba blir bøygde både i tempus, tal og modus. I tillegg finst det eigne former for dualis, eller to-tal. Her er eit døme frå sørsamisk på verbet ”å koma” – båetedh:

”eg kjem”: båatam ”du kjem”: båatah ”han/ho kjem”: båata ”me to kjem”: båetien ”de to kjem”: båeteden ”dei to kjem”: båetiejægan ”me kjem”: båetebe ”de kjem”: båetede ”dei kjem”: båetieh

I tillegg til dette, har samisk fleire substantivkasus enn norsk. Medan nordsamisk har 6, har sørsamisk 8: nominativ, akkusativ, genitiv, illativ, inessiv, elativ, komitativ og essisiv. Til gjengjeld har dei ikkje skilnad på bunden og ubunden form av substantiva (bestemtheit), og dei har ikkje grammatisk kjønn. Trass i at sørsamisk er den vestlegaste samiske dialekten og den som lengst har vore i kontakt med germanske språk, er nokre av dei opprinnelege trekka frå uralsk og finsk-ugrisk best halde i hevd nett her. Døme på det er subjekt-objekt-verb-ordfyljga og setningar utan verb, som t.d. ikkje finst i nordsamisk.

Beinhard fornorsking
Det er ingen som helst grunn til å vera stolte av den norske staten og det norske storsamfunnet si handtering av den samiske minoriteten opp igjennom tida. Assimilering og språktvang har heldigvis vorte avløyst av ei gryande anerkjenning og respekt for samisk kultur og språk, noko mellom anna Sametinget er eit resultat av. Frå slutten av 1800-talet og fram til 2. verdskrigen vart samisk aktivt motarbeidd av det offisielle Noreg. I etterkrigstida er samisk næringsliv endra frå sjølvforsyning til industriell drift, det har vakse fram samiske organisasjonar, og samane har vorte aktivt med i internasjonalt arbeid for urfolk. Samisk kunst har fått ei oppblomstring og samisk musikk, litteratur og skaparevne opplever ein renessanse. Fyrst på 70-/80-talet byrja den norske staten med ein meir human samepolitikk, og etter det har den offisielle haldninga til samisk språk og kultur endra seg, og i 1992 fekk t.d. samisktalande rett til å bruke og å få svar på samisk i kontakt med den offentlege forvaltninga.

Samemisjon
Det er inkje som tyder på at nordmenn i norrøn tid gjorde framstøyt mot samane med noka åsikt å gjera dei norske. Det var fyrst under pietismen, på slutten av 1600-talet, då misjonstanken slo gjennom for alvor i kyrkja, at fokuset vart retta mot samane. Kong Frederik IV oppretta eit misjonskollegium i 1714 som hadde ansvar for misjonen mellom samane. I dei sørsamiske områda byrja misjoneringa nokre år etter, på 1720-talet. Thomas von Westen oppretta eit seminar for lærarar som skulle undervise samar, og lærte dei samisk. Gjennom delar av 1700-talet hadde samar kanskje betre undervisning enn bygdefolk flest, grunna fokuset på misjoneringa. Men i 1775 vart samisk språk bytt ut med dansk i undervisninga av samane, og i løpet av 1800-talet vart fornorskinga av samane viktigare og viktigare for den norske staten. I 1848 byrja eit meir systematisk og målretta åtak på samisk språk og kultur ved at Stortinget ba regjeringa om å intensivere norskundervisninga av samane, og i samband med det vart Finnefondet oppretta i 1851. Dette var pengar Stortinget sette av til iverksetjing av språk- og kulturskifte blandt samane. I 1888 vart Finnemisjonsselskapet skipa, og frå 1910 arbeidde dei òg i dei sørsamiske områda. I 1898 kom endå ei innstramming, og frå no av skulle samisk språk brukast berre dersom det var heilt naudsynt. Dette la grunnen for fornorskingspolitikken heilt fram til 1960-talet. Samane reagerte med å organisere seg, og Sør Trøndelag Amts Lappeforening vart skipa i 1907, og var byrjinga på ei samisk organisering for å få rettar på lik line med andre nordmenn. Denne organiseringa skaut fart fyrst på 1950-talet, og det vart skipa organisasjonar som dekkjer alle dei samiske samfunnsområda. Altasaka i 1979-1981 kan sjåast på som eit symbol for den samiske motreaksjonen mot den statlege undertrykkjinga, og denne saka markerer òg slutten på den systematiske statlege diskrimmineringa av samane.

Språkdaude
Kva fornorskingspolitikken gjorde med samisk språk, kultur og sjølvkjensle er ikkje dokumentert i tal, så det er umogleg å seie kor mange samar det kunne ha vore i dag, eller kor mykje meir samisk språk kunne ha vore bruka dersom historia hadde vore ei anna. Likevel er det ingen tvil om at ein slik politikk ført overfor ein minoritet gjer uopprettelege skadar, og at det i beste fall set i gang ein språkbyteprosess, eller ein språkdaudeprosess, for å seie det meir brutalt. Slik sett kan ein nesten seie at det er eit under at samisk språk enno finst. Og kanskje serleg sørsamisk språk: I tillegg til at sørsamane er veldig få, er dei spreidde over eit stort område. Dette gjer at dei ikkje er i majoritet nokon stad, som t.d. nordsamar er i nokre kommunar. Det at sørsamisk ikkje er dominerande nokon stad er ein av grunnane til at det faktisk ikkje finst stader ein kan gå og høyre at folk står t.d. på butikken og snakkar sørsamisk saman. Tettleiken på busetnaden til språkbrukarane kan altså ha mykje å seie for eit språk. To samar saman er sterkare enn ein same her og ein same der, for å seie det banalt. For t.d. lulesamane er situasjonen heilt annleis: Dei bur stort sett konsentrert i Tysfjord kommune (og litt i Sørfold og Hamarøy, som nemnt tidlegare), og har høve til å ha heilt andre samiske fellesskap enn det sørsamane har.

Språkdaude i verdssamanheng
Før eg går vidare med å plassere sørsamisk i ein språkdaude- eller revitaliseringssamanheng, skal eg heilt kort seie litt om tilhøva for det store språkmangfaldet i verda og korleis utsiktene ser ut til å vera. Det finst kring 7 000 språk i verda. Grunnen til at det er vanskeleg å setje eit presist tal er mellom anna problemet med å avgjera kva som er eit eige språk og kva som er ein dialekt av eit anna språk. Desse språka varierer mykje i storleik – frå å ha hundretals millionar til berre eit par levande talarar att. Det er berre to tredelar av desse som i det heile er skriftfesta, og om lag 2 500 står altså heilt utan skriftspråk. Det er 189 statar i verda, og dei har om lag 100 (ja, hundre!) offisielle språk til saman. Med andre ord er det altså berre 1.5% av alle språka i verda som har offisiell status. Det er laga mange prognosar og spådommar for kor mange prosent av språka me har i dag som kjem til å vera utdøydde om 100 år, eller berre om 20 år. Alle desse blir meir eller mindre tilfellelege spekulasjonar, men det er heilt klart at dersom det ikkje skjer noko drastisk innan kort tid, sit me att med berre ein liten prosentdel av dei språka me har i dag, om hundre år. Der er unekteleg ein massiv språkdaude på gang på verdsbasis, og dét i stor fart. Det som er viktig å hugse i denne samanhengen er at desse små språka som døyr ut, slett ikkje er dømd til undergang på noko som helst vis. Det er inkje i språket i seg sjølv som tilseier at dette skal døy og det andre ikkje. Utviklinga i menneskeverda er på ingen måte mekanisk eller underlagd regelbundne lover av noko slag, og dermed er det heller ingen språkleg logikk i kva språk som døyr og kva språk som overlever eller blir større. Forklaringa på kvifor nokre språk døyr og andre ikkje, er framføre alt kompleks. Det er eit utal faktorar som spelar inn, og ein faktor som er bra for eitt språk, kan vera dårleg for eit anna.

Språkdaude – mord eller sjølvmord?
Når eit språk døyr, er det i regelen vanskeleg å fordele skulda for det. Språk døyr fordi folk sluttar å bruke det – og det kan det vera mange grunnar til. Det er berre unntaksvis ein kan plassere skulda hjå ein eintydig mordar, og det er rett og slett ved folkemord. Eit vanleg døme på dette er Tasmania. Der vart urinnvånarane utrydda, og dermed gjekk språket i grava med språkbrukarane. Men dette er altså ikkje den vanlege måten språk døyr på. Det er dermed ikkje sagt at alle andre tilfelle av språkdaude er sjølvmord. I alle desse tilfella har ei folkegruppe vorte utsett for ei eller anna form for press som har ført til at dei har bytta ut morsmålet sitt med eit anna. I dette presset kan det vera alt frå element av folkemord og systematisk undertrykkjing basert på etnisitet, til passiv undertrykkjing i form av t.d. sosiale hierarki. Eit døme på det siste kan vera foreldre som medvite unngår å lære ungane sine deira eige morsmål fordi dei meiner det er det beste dei kan gjera for ungane dersom dei skal ”koma seg fram her i verda”. Undertrykkjing av ei etnisk gruppe kan slå ulikt ut, både på ulike grupper og innanfor ei og same gruppe. Nokon reagerer med å kjempe for sitt eige språk og sin eigen kultur, medan ein òg kan sjå utvikling av sjølvundertrykkjing. Grunna stigmatiseringa dei har opplevd er det mange som nektar for sitt eige etniske opphav og som utgjer dei sterkaste motstandarane av at gruppa skal ha same rettar som majoritetsgruppa. I mange samiske samfunn har ein sett element av dette der samar sjølve har vore dei som t.d. har skrudd av radioen når det har vore samiske sendingar, eller som har skote ned samiske skilt i dei kommunane som har innført skilting på samisk. I andre tilfelle kan språkbytet ha gått heilt ”smertefritt” føre seg, heilt utan kamp korkje i den eine eller andre leia. Språkdaude er med andre ord ingen kjemisk formel der ein alltid får same resultatet dersom ein blandar dei same ingrediensane.

Globalisering – rota til alt vondt?
Skal ein gå inn på grunnane til at heile folkegrupper skiftar språk, må ein sjå på tilhøve både på samfunns-, gruppe- og individnivå. Det finst eit utal modellar og teoriar ein kan bruke på dei ulike nivåa for å forklare språkbyte og språkdaude. Dersom ein byrjar med å sjå på samfunnsnivå og dei verkeleg store linene, slepp ein ikkje unna å nemne globalisering. Eg skal ikkje gå djupt inn i dét omgrepet her, men i denne samanhengen legg eg i globalisering at fleire og fleire tidlegare isolerte lokalsamfunn verda over blir dregne inn i eit storsamfunn der levemåten og kulturen deira blir definert som avleggs og ”gamaldags”. I samanheng med dette viser Trosterud (2003) korleis busetjingsmønster og dominerande næringsveg heng saman med språkmangfald. Han deler verda grovt inn i tre busetjingsmønster:

    1) Område dominert av føragrare samfunn. Dette er område der jordbruksrevolusjonen og industrialiseringa ikkje har nådd, det vil seie at det stort sett er snakk om fangstkulturar. Det er her dei verkeleg små og mange språka finst. Indonesia er eit døme på slike område.

    2) Jordbruksområde som har vakse fram av føragrare samfunn. Europa er eit døme på dette. Her er det eitt språk over mindre område, samt mykje meir dialektrikdom enn i den siste kategorien: settlarsamfunna.

    3) Settlarsamfunna er resultatet av store migrasjonsbylgjer i nyare tid: Amerika, Australia, midtre Sibir. Her er det snakk om store område og berre eitt språk.

Å sjå på desse strukturane gjev likevel ikkje heile svaret på kvifor folk skiftar språk. Det at folkegrupper er meir i kontakt med andre folkegrupper i seg sjølv forklarer ikkje kvifor den eine gruppa byrjar snakke språket til den andre gruppa. Då må vi ned på eitt av dei andre nivåa og sjå på prosessar som går føre seg på gruppe- og individnivå.

Etnolingvistisk vitalitetsmodell
På gruppenivå er det mange faktorar å ta med som kan ha innverknad på språksituasjonen. I avhandlinga mi kjem eg til å ta utgangspunkt i ein modell som heiter etnolingvistisk vitalitetsmodell. Modellen er delt inn i tre hovudkategoriar som dei ulike faktorane er delte inn i. Den fyrste hovudkategorien er status, og under denne finn ein kategoriar som økonomiske, sosiale, sosiohistoriske og språklege statustilhøve. Skal eg trekkje tråden til sørsamisk her, så kan eg kort seie at statustilhøva for dei stort sett har vore overlag dårlege. Likevel tyder dét at språket i det heile har overlevd, på at det var vore ein viss språkleg status innetter i den etniske gruppa, trass i at det utetter har vore knytt til noko underlegent det norske. Og slik vil det alltid vera. Språket er eitt av dei viktigaste samhaldsmarkørane i ei gruppe, og derfor vil det indre samhaldet alltid representere ei motvekt til eit ytre press. Kopla til den økonomikse statusen, er tilhøva her likevel noko spesielle for samane: Det er alltid berre samar som har drive reindrift i Noreg, og det har gjort at næringsvegen deira har vore eit sterkt samisk domene, der det ikkje har vore tradisjon for norsk språk i det heile. Det har gjort at økonomisk status innetter i gruppa har vore knytt til eit sterkt samisk språkdomene, og dermed at det å ”koma seg opp og fram i verda” ikkje nødvendig vis har tydd å ta del i det norske storsamfunnet og leggje vekk det samiske. Under dette med språkleg status kjem òg spørsmålet om skriftspråk. Det er ikkje slik at eit språk er ”redda” berre det blir skrive ned og får eit eige skriftspråk. Fleire språk har fått skrift og bibel for fleire hundre år sidan, og likevel døydd ut. Derimot kan skriftfesting av eit språk av og til føre til det motsette: Ein skriftlaus kultur kjem gjennom skriftspråket meir i kontakt med eit storsamfunn der det er vanskelegare å halde minoritetskulturen og dermed –språket i hevd enn utanfor. Dermed kan velmeinande lingvistar koma i skade for å setje i gang ei svekkjing av språket heller enn ei styrkjing av det. Det er lenge sidan samane i Noreg var ei ”isolert” gruppe, og kontakten med og innlemminga i det norske storsamfunnet er eit faktum for lenge sidan. Derfor er det no snakk om å ta med det samiske inn i det moderne samfunnet, og då blir eit eige skriftspråk ekstremt viktig for å vise at det er mogleg å bruke samisk språk i nye situasjonar, og ikkje berre i dei tradisjonelle. Her har nordsamisk språk kome både eitt og to hakk lenger enn sørsamisk, og stiller i utgangspunktet ikkje så langt opp på skalen over kor truga språket er som sørsamisk. Spørsmålet er likevel om snunaden i statustilhøve dei siste 20 åra er nok til å revitalisere språket og få samar som ikkje kan samisk til å lære seg det og ta det i bruk.

Demografi
Den andre hovudkategorien i den etnolingvistiske vitalitetsmodellen er demografi. Her går det altså på tal og utbreiing, noko eg alt har vore mykje inne på. Når det gjeld tal, er det ikkje berre talet på brukarar i seg sjølv som er viktig. Ein, i tal, liten minoritet kan både lære seg eit majoritetsspråk og samstundes lære minoritetsspråket vidare til ungane og halde det i live som fyrstespråk. Det er når ein samanliknar alderspyramiden for den etniske gruppa med alderspyramiden for språkdugleiken at ein ser om språket er i ferd med å døy ut. Dersom det er slik at dei under 20 år knapt kan minoritetsspråket, og berre brukar majoritetsspråket, er det gode sjansar for at språket døyr ut innan 100 år. I tillegg må ein ta omsyn til fødselsrata, inngifte og utflytting/ innflytting. Det er gjort lite eller ingen målingar av språkdugleiken i det sørsamiske samfunnet, og det kjem ikkje eg til å gjera i avhandlinga mi heller. Derfor er det vanskeleg å seie noko absolutt om korleis stoda er. Eg reknar likevel med å få eit bra innsyn i desse tilhøva gjennom intervju med folk i ulike aldersgrupper og med ulikt syn på framtida til sørsamisk språk.

Institusjonell støtte
Den siste hovudkategorien i modellen er kalla institusjonell støtte, og går på situasjonen når det gjeld massemedia, utdanning, offentlege tenester, industri, religion og kulturliv. Her har altså sørsamisk vore i etterkant av utviklinga av nordsamisk, og står i dag overfor eit mogleg løft: Snåsa kommune har sett i gang ei utgreiing om dei skal bli ein såkalla forvaltningskommune for sørsamisk språk. Dersom dette blir gjennomført vil det i så fall seie at alle som tek kontakt med offentleg administrasjon har krav på svar på sørsamisk, det blir skilta på sørsamisk i tillegg til på norsk, og det vil bli oppretta mange nye stillingar med sørsamisk som arbeidsspråk. I tillegg vil altså sørsamisk bli mykje meir synleg i samfunnet, og symboleffekten av det vil truleg vera viktig for ein revitaliseringsprosess.

Sosialt nettverk
Sjølv om det er vanskeleg å setje vasstette skott mellom på kva nivå mange av desse faktorane er på, er det fyrst på individnivå ein finn dei personlege grunnane til språkbyte. Her er det serleg to teoriar som er mykje bruka: tilpassningsteorien, og teorien om sosialt nettverk. Den fyrste går, kort sagt, ut på at språkbrukarane tilpassar språket sitt etter den ein snakkar med, etter om ein vil vise nærleik eller avstand. Vil ein vise avstand, markerer ein språkleg avstand og gjer han større enn han er i utgangspunktet, og omvendt dersom ein vil vise nærleik eller tilhøyrsle til den ein snakkar med. Den andre går, endå kortare sagt, ut på at typen sosialt nettverk ein er knytt til, i stor grad styrer språkbruken: Er ein knytt til eit tett sosialt nettverk der alle kjenner alle, er ein utsett for eit større språkleg konformitetspress enn i opne nettverk. Men andre ord har det mykje å seie for språkbruken kven ein snakkar med, og kor mykje ein snakkar med vedkommande i det daglege livet. Det at sørsamane er såpass spreidde ut over eit så pass stort område, gjer at dei sosiale nettverka deira truleg ser annleis ut enn hjå andre samar, der busetnaden er meir konsentrert.

Saemesth amma! Snakk samisk!
Det er altså ei revitalisering av sørsamisk på gang. Den er lite dokumentert samla sett, og det er denne eg skal fokusere på i arbeidet mitt. Like lite som det er ei enkel oppskrift på korleis språk døyr, er det ei enkel oppskrift på korleis ein vekkjer eit språk opp att frå dei halvdaude. Med ei språkreising fylgjer, som me i målrørsla veit, ei kulturreising. Historia viser at det er inkje som er umogleg på dette feltet. I teorien er det mogleg å snu ein språkdaudeprosess på eit kvart stadium. Hebraisk er det klassiske dømet på ein vellukka revitaliseringsprosess: Frå å vera eit daudt liturgisk språk, vart det språket til den israelske staten. Det er likevel ikkje mange døme på slikt. Det krevst store ressursar for å revitalisere eit språk, og paradoksalt nok ser det ut til at ein språkdaudeprosess kan gå ganske langt, kanskje for langt, før folket sjølv ser på det som eit tap. Og revitaliseringspolitikk på vegner av eit folk som ikkje er budd på målstid, er daudfødd: Skal ein språkskifteprosess snu, held det ikkje med skriftfesting av språket, bruk av det i utradisjonelle domene som litteratur og media. Det er foreldra sjølve, i det dei gjev ungane sine eit språk, som må leie snuoperasjonen, ikkje skule og stat. Desse er greitt å ha med som hjelparar, men det er foreldra og dei åleine som sit med nøkkelrolla. I det sørsamiske området er det mykje på gang: Det er laga nye læreverk i sørsamisk for nybyrjarar, og vaksne sørsamar som ikkje lærte samisk av foreldra sine går på kurs og vil lære språket. Det er eit veksande medvit mellom ungdomar på at dei vil ta vare på sørsamisk språk og kultur, og lagar samlingar der dei mellom anna har kombinerte konkurransar med snøbrettkøyring og lassokasting. Det er utprøving av språkbad der ungar blir sende i barnehagen med besteforeldregenerasjonen som språklærarar, og det er mykje meir optimisme å spore enn berre for nokre år sidan. Så er det berre for oss ikkje-samar å støtte opp under ei slik utvikling og å hjelpe til med å auke interessa for samisk språk og kultur og håpe på det beste.

Litteraturliste:

  • Engen, T. O. & Kulbrandstad, L. A. (1998): Tospråklighet og minoritetsundervisnning. Oslo: Ad Notam Gyldendal
  • Bull, E. H. & Toven, S. B. P. & Dunfjeld, S. (1992): Forslag til tiltak på ulike sektorer for å øke bruken av samisk i det sørsamsiske dialektområdet. Innstilling frå utgreiingsgruppa for sørsamisk på Sametinget
  • Daerpies Dierie - Sørsamisk kirkeblad.
  • Hætta, O. M. (1992): Samene – en arktisk urbefolkning. Karasjok: Davvi Girji OS
  • Hyltenstam, K. & Stroud, C. (1991): Språkbyte och språkbevarande. Om samiskan och andra minoritetsspråk. Lund: Studentlitteratur
  • Lombard, A. (1996): Alle jordens språk. Oslo: Pax Forlag
  • Magga, O. H. (1997): ”Samisk Språk”. I Karker, A.; Lindgren, B. & Løland, S. (red.): Nordens Språk. Oslo: Novus Forlag, s. 137-160
  • Magga, O. H. (2000): ”Samebevegelsen og det samiske språket”. I Ottar nr. 232, 2000 ”En nasjon blir til”. Tromsø: Tromsø Museum, s. 39-48
  • Minde, H. (2002): ”Fornorskinga av samene – hvorfor, hvordan og hvilke følger?” Upublisert bakgrunnsnotat for (det norske) Sametinget til møtet 27.-31. mai 2002, sak 23/02: Samefolkets fond
  • Sammallahti, P. (1998): The Saami Languages. An Introduction. Karasjok: Davvi Girji O.S.
  • Trosterud, T. (2003): ”Språkdaude, purisme og språkleg revitalisering”. I Sandøy, H.; Brodersen, R. og Brunstad, E.: Purt og reint. Om purisme i dei nordiske språka. Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet nr. 15. Volda: Høgskulen i Volda, s. 181- 216
  • Vangberg, Å. & Brandsfjell, H. B. (2003): Saemesth amma! Sørsamisk for nybegynnere – bok 1. Hattfjelldal: Sijti Jarnge
  • Vikør, L. S. (1992): The Nordic Languages. Oslo: Novus Forlag.
Meänkieli Samisk Gutamål Romani Språktre Framsida Peikarar