Meänkieli (tornedalsfinsk)
Språkfamilie: Ikkje-Indo-Europeisk: Finsk-Ugrisk, finsk grein. Ei blanding av forskjellige variasjonar av finsk med element av svensk, samisk og norsk.
Region: Tornedalen i Nord-Sverike.
Tal på brukarar: 25.000 til 35.000 brukarar i nord og kring 10.000 busette sør i landet.
Status: Meänkieli står i ei serstilling i høve til innvandrarspråk. Dei svenske styremaktene ser på tornedølane som ein del av del opphavlege folkesetnaden.
Offentlege tenester: Det finst ein avtale mellom dei nordiske landa som opnar for at tornedalsfinnane kan krevja tenester på finsk innan visse sektorar av det offentlege. Få nyttar seg av tilbodet sidan dei fleste snakkar svensk. Stort sett er språket avgrensa til personleg og uformell bruk, men dette er i endring.
Utdaning: Tornedølar har, til liks med sigøynarar og samar, rett på morsmålsundervisning når språket er ein del av omgjevnadene deira. Som for alle innvandrarspråka i Sverike krevst det minst fem elevar for å få morsmålsopplæring. Talet på elevar som får morsmålsundervisning er jamnt fallande og språket er i konkurranse med andre framandspråk i skulen. Jamnt over er det dei lokale skulestyresmaktene som avgjer statusen til morsmålet i skulen. Den einaste tornedalsfinske [medium school] er i Haparanda, der halvdelen av elevane kjem frå Finland og andre halvdelen frå sjølve Haparanda. Ved andre skular i regionen er språket eit fag på timeplanen som alle andre, og har ein til to timar i veka. På nokre skular er språket obligatorisk. Innan høgare utdaning kan ein få undervisning på meänkieli ved Luleå tekniska universitet og Stockholms universitet. I tillegg kan ein studera meänkieli som eit fag ved andre universitet og høgskular.
Media: Ein kan høyra meänkieli 6-8 timar i veka på lokalradioen og halvannan time i veka på riksnettet. Språket finst ikkje på fjernsynet. Det finst eit kvartalstidsskrift som inneheld stoff på svensk, meänkieli og finsk. Mellom 30 og 35 bøker kjem ut kvart år. Språket er dessutan i utstrekt bruk i amatørteatergrupper.
Ymse: Academia Tornedaliensis vart grunnlagt i 1989 som eit folkeakademi og sumaruniversitet. Svenska Tornedalingars Riksförbund - Tornionlaaksolaiset held fram kampen for juridisk godkjenning som kan styrka dei økonomiske og kulturelle råmene for språket.
Kjelde: http://www.eurolang.net/State/sweden.htm
|