Gjer eit val!
NMU !

Språktre

Den uralske språkfamilien:
Denne familien, eller dette ”treet”, deler seg i to greiner: Samojedisk og finsk-ugrisk. Under den samojediske greina finn ein nenets, enets, nganasan og selkup. Desse har om lag 20 000 talarar fordelt over enorme område i Sibir og Nord-Russland. I tillegg høyrer 5 språk som no er utdøydde til her: Kamassisk, karagassisk, kojbalisk, motorisk og tajgi. Under den finsk-ugriske greina finn ein 16 språk med til saman 23 millionar talarar: Finsk, karelsk, ingrisk, lydisk, vepsisk, votisk, estisk, livisk, tsjeremissisk, mordvinsk, syrjensk, votjakisk, samisk, ungarsk, vogulsk og ostjakisk. Krevisk er eit utdøydd språk under denne greina. Alle desse språka er delt inn i underkategoriar under hovudgreinene.

Den indoeuropeiske språkfamilien:
Denne familien deler seg òg i to greiner: Satemspråk og kentumspråk. Under satemspråkgreina finn me baltiske språk, slaviske språk, albansk, armensk, iranske språk (t.d. persisk) og indoariske språk (t.d. hindi, urdu, sanskrit og romani). Under kentumspråkgreina finn me mellom anna gresk, keltiske språk (t.d. irsk og walisisk), romanske språk (t.d. fransk, spansk og italiensk) og germanske språk. Dei germanske språka er delte i to hovudkategoriar: Vestgermansk (t.d. tysk, nederlandsk og engelsk) og nordgermansk (t.d. norsk, dansk, svensk og islandsk).

Meänkieli Samisk Gutamål Romani Språktre Framsida Peikarar