Nyhende
Innbyding til haustseminaret 2009
Tittelen på seminaret er ”Frå eldst til yngst: Samanhengen barnehage og skule”
Kva faktorar kan vera avgjerande for kva for språk ungane våre utviklar? Å byrja med språkførebuande arbeid allereie i barnehagen, er ei utruleg viktig oppgåve.
Jens Graasvoll, musikklærar som skal på barnehageturné våren 2010
Jens har arbJens har arbeidd med førskulelærarutdanning i 35 år, og lært studentane noko om kva og korleis dei kan musisere i lag med ungane, og ikkje minst kvifor vi bør gjera det.
Nynorsk næringslivspris 2009
Nynorsk næringslivspris for 2009 gjekk til avisa Setesdølen ved Sigurd Haugsgjerd i Bygland. Prisen er etablert av Mållaga på Agder for å stimulere til bruk av nynorsk i næringslivet. Det er tredje gong Mållaga på Agder deler ut ein slik pris.
Doktordisputas med manne(s)kjønn
Svein Slettan disputerte den 18. juni i år på Universitetet i Agder, Kristiansand, med avhandlinga "Mannlege mønster. Maskulinitet i ungdomsromanar, pop og film", som er den fyrste norske doktoravhandlinga med ungdomslitteratur som emne.
17. mai i Landvik
Landvik Mållag og Landvik Historielag samarbeidde om ein skikkeleg god, gamaldags 17. mai-fest med diktopplesing, kåseri, lotteri, kjempegod mat og musikkinnslag/-underhaldning. Slike festar er sjeldan vare i dag.
Nydeleg cd: ”Okke to” med Inger Lise Stulien
Inger Lise Stulien frå Byremo i Vest-Agder har gjeve ut si fyrste soloplate med sjølvskrivne tekstar, og her kan me berre seie: spring og kjøp!
Gratulerer, Fjotland!
31.08.08: Jubileumsfeiring i Fjotland.
Kva skjer i Mållaga på Agder?
Her finn du dei viktigaste datoane for møte i 2008.
Nynorskpris til Hillestad
30.06.07: Nynorskpris til Hillestad. Folkemusikk i byen
08.05.07: Folkemusikkhungrige byfolk fekk ein herleg konsert utan å ha problem med kav setesdølsk. Belsvik hjå studentmållaget
07.05.06: Rune Belsvik seier at så lenge ein kjempar for det nynorske språket, vil det overleve. Studentmållaget i Fædrelandsvennen
07.05.06: Nynorsk utblåsing på Østsia!
Les alt om landsmøtet! Sjå bilet-serien!
01.05.06: Nynorsken er i vinden, og Noregs Mållag feira seg sjølv i Oslo i helga.
Studentmållaget i Kristiansand (SmiK) arrangerer språkfest 2.-3. mai!
26.04.06: Det blir møte med Rune Belsvik, Språk-quiz og konsert med Rammstein!
Til helga er det landsmøte i Noregs Mållag!
25.04.06: Noregs Mållag sitt 100-års jubileumslandsmøte finn stad til helga. Les meir på www.nm.no
Nytt styre i Vennesla
25.04.06: Ny optimisme for målarbeid i Vennesla!
Nynorsk i alle aviser
18.04.06: Ein viktigare dag for nynorsken enn 31. mars 2006, skal ein leite lenge etter.
Vil du bli betre i nynorsk?
27.03.06: Nynorsk-kurs på HiA for studentar onsdag 29. og torsdag 30 mars.
Fylkesårsmøta unnagjort
22.03.06: 18. mars var det fylkesårsmøte i båe fylka, og her kan du sjå kven som sit i styra no!
- Biskopen bør lære seg å skrive nynorsk
22.03.06: Underleg at Skjevesland freistar å vri seg unna, seier kulturminister Trond Giske til Setesdølen.
Biskop utan mål
13.03.06: Biskop Olav Skjevesland har vist litt liten klokskap i sin handsaming av Telemark, skriv Varden.
Mållaget reagerer på biskopen
09.03.06: - Det er ikkje ei oppgåve for kyrkja å motarbeida nynorsken, seier Trond Sæbø Skarpeteig.
Ber om å sleppa nynorsk
09.03.06: Biskop Olav Skjevesland reiser til departementet i dag, skriv NRK Sørlandet.
Flott fest med Olaug Nilssen, Gudrun Kløve Juuhl og Birgit Attestog
09.03.06: Setesdalsmuseet i Valle var fullsett av kvinner i alle aldrar 8. mars.
Første markering nokongong skriv Fevennen
09.03.06: Markeringa av Kvinnedagen i Valle i går, var den første nokongong i bygda. Temaet var «Kvinner og nynorsk i Setesdal».
8-mars-fest for Setesdal
08.03.06: Flott forfattarprogram på Setesdalsmuseet 8. mars med mellom anna Olaug Nilssen.
Målreising i hundre år
03.03.06: I år feirar me 100-årsdagen til den organiserte målrørsla, skriv prof. Martin Skjekkeland i Fevennen.
Arnesdotter ny leiar i SMiK
21.02.06: Nytt styre og ny optimisme i Studentmållaget i Kristiansand (SMiK).
Eit flott program for 100-årsjubilanten Noregs Mållag
21.02.06: To minuttar over kl. 19 fredagskvelden 3. januar var Setesdølen i samtale med Hans Majestet Kong Harald, skriv Setesdølen 7. februar.
Bokmålet vann i Kvinesdal
16.02.06: Fleirtalet røysta bokmål ved Austerdalen i dag.
Mållaga på Agder med lokal feiring
07.02.06: 4. februar 2006 er Noregs Mållag 100 år - dette skal også feirast på Agder!
Noregs Mållag i gang med feiringa
07.02.06: Setesdal har vore ein av målrørsla sine bastionar på Agder gjennom desse hundre åra, skriv Sigurd Haugsgjerd i Setesdølen.
Treng du nynorskhjelp?
05.01.06: Medlemene våre tar i eit tak dersom du treng hjelp til omsetting, rettskriving eller korrektur! Kontakt oss.
Borghild Løver tar i eit tak
03.01.06: Nytilsett reiseskrivar i Mållaga på Agder, Borghild Løver, byrja i januar i halv stilling.
Gladmeldingar frå leiaren i Evje og Hornnes Mållag
19.12.05: Mykje positivt for nynorsken både nasjonalt og lokalt, skriv Ålaug Rosseland til Setesdølen.
Hekta på fantastisk litteratur
02.12.05: Nynorsk fantasy mest populært ved Karuss skole i Vågsbygd.
Sentrale tilskipingar i jubileumsåret
23.11.05: Noregs Mållag rundar 100 år i 2006!
Aslak T. Fjermedal med heider til Setesdal Mat
01.11.05: Ikkje før har Idol-Jorun fått dialektpris, så er leiaren i Vest-Agder Mållag på farten igjen, skriv Setesdølen.
Brei støtte for sidemålet på Agder!
01.09.05: Dei fleste førstekandidatane vil ha obligatorisk opplæring og vurdering i skriftleg sidemål.
Betre karakterer på Vågsbygd vidaregåande
23.06.05: Forklaring: nynorske bøker!, skriv Fevennen
Sjå nyhende om nynorsk på www.nynorsk.no kvar dag.
Vil du ha melding om viktige nyhende? Kontakt reiseskrivaren på borghild.lover@nm.no.
NB: Noregs Mållag har flytta frå Kirkegt. 32 til Schweigaardsgt. 16 i Oslo. Postadressa er som før
(pb. 474 Sentrum, 0105 OSLO). Nytt telefonnummer er 23 00 29 30.
Her kan du lasta ned bilete av tillitsvalde og tilsette i Mållaga på Agder.

|
Nynorsk for alle på Agder
Mållaga på Agder er for nynorsk. Me arbeider for nynorsk på alle felt. Og synest alle bør skriva nynorsk.
For over hundre år sidan stod Agder i fremste rekke i arbeidet for nynorsken, som skulle ta over for dansken. Me ynskjer at også vår generasjon skal velja det nynorsk språket.
Mållaget arbeider for at nynorsken skal stå sterkt innan radio, fjernsyn, aviser, barnehage, skule, kyrkja, høgskulen, næringslivet og i kommunane her på Agder.
Synest du at alle skal høyrast som om dei kjem frå Oslo? Me vil gjerne ta vare på det fargerike språklege mangfaldet frå heile Agder.
Nynorsken er det beste skriftlege uttrykket for dei norske dialektane. Alle skriftspråk er konstruerte ut frå eit eller anna talemål. Nynorsken er laga på ein flott måte. Ivar Aasen har funne fram til fellestrekka i dialektane i heile landet, og bygt eit skriftspråk på desse. Difor liknar ikkje nynorsken hundre prosent på nokon enkelt dialekt, men har fellestrekk frå alle. Dette er ein moderne måte å laga eit skriftspråk på. Nynorsken styrkjer det språklege mangfaldet på Agder. Bruk det skriftspråket som er ei ryggstø for dialektane: Nynorsk!
Det er ikkje først og fremst språk og kulturuttrykk frå andre delar av verda som trugar norsk kultur. Til slutt og alt er me i Noreg som avgjer kva språk me vil bruka i framtida. Me må dyrka norsk språk og kultur for halda oppe det fleirkulturelle norske samfunnet, og for dermed å stå betre rusta til å møta nye kulturinntrykk – frå så vel Hollywood som Bombay.
Dersom me gjev frå oss vårt eige språk, nynorsken, mister me på same tid den største kulturarven vår. Mister Me orda, seiemåtane og songane, så mister me òg kunnskapen om fortida vår. Språket vårt, dialektane og nynorsken, er det sterkaste ankerfestet for lokal og nasjonal identitet, og difor er folk glade i språket sitt.
Me utfordrar alle som ønskjer språkleg og kulturelt mangfald til å melde seg inn i mållaget. Me er over 800 medlemer fordelt på 24 lokallag på heile Agder. Bli med du òg!
Prøv www.startsida.no! Startsida er Noregs største startside - også på nynorsk!
|