|
Lokallag / Vegårshei Mållag
Vegårshei Mållag
Historikk
Laget blei stifta i 1976. Initiativtakar var Gunnar Hagelia frå Gjerstad Mållag. Første leiar var Tjøstolv B. Espeland. Laget hadde omlag 55 medlemar ved stiftinga, i dag er det 18 medlemar.
Visjon
Ta vare på dialekt, skriftleg og munnleg som del av bygdekulturen. Vår dialekt er ein nynorskdialekt. Vidare vil vi arbeide for å ta vare på nynorsk i skriftleg språk.
Våre arbeidsmåtar og laget sine aktivitetar
- Lagar og gjer ut eit lokalt årsskrift som heiter ”De e ogoskli”. Bladet har kome ut sidan 1986.
- Lagar ”Vegårsheikalender” med historiske bilete, saman med Vegårshei historielag.
- Held ”Norsk Barneblad” til skulen og ”Pirion” til barnehagane.
- Kjøper ”Tuss og Troll” til barnehagane kvar jul og likeeins til alle elevane i skulen frå 1. – 4. klasse.
- Har kjøpt inn eitt eksemplar av ”Den nynorske bokskatten” til kvart steg på barneskulen og eitt av dei tri barnehagane i kommunen.
- Støttar 10. klasse kvart år med pengar til tur til Polen med ”Kvite bussar”.
- Lagar til faste kulturkveldar saman med Vegårshei Folkeakademi.
- Har stands eller utstillingar på ulike store arrangement som blir haldne i lokalmiljøet.
- Sender og betaler for utsendingar til haustseminaret som Aust- og Vest Agder arrangerer saman. Det er og utsendingar til fylkesårsmøta i Aust-Agder Mållag og landsmøta i Noregs Mållag.
- Har fått innført tre gudstenester i året med nynorsk liturgi i Vegårshei kyrkje.
Oppdatert 28. desember 2004.
|