Skulemålsnemnda
Ta gjerne kontakt med skulemålsnemnda
dersom du har spørsmål om skulemålsarbeid.
Nynorsk i Hordaland
Nynorsken står sterkt på Vestlandet. Av 33 kommunar i fylket har 30 valt nynorsk
som administrasjonsmål, medan tre (Bergen, Askøy og Odda) er språkleg nøytrale.
Nynorsk.no
På vevsida nynorsk.no kan du lesa siste nytt om målsaka og nynorsken.
Hordaland fylke er delt i språkspørsmålet. I Bergen og randsona rundt Bergen har dei fleste skulane bokmål hovudmål, og bergensdialekten breier seg utover, medan resten av fylket har nynorsk. Nynorskprosenten i skulen ligg no rundt 45%. I Bergensområdet er det mange skular med parallellklassar i anna målform, både ved nynorsk- og bokmålsskular, og ein stor del av skulemålsarbeidet går ut på å få foreldre til å velja nynorsk, for på den måten å hindra bokmålsparallellar og krav om røysting.
Dei siste åra har det vore ei sterk tilflytting til Bergen og nynorskprosenten har gått ned, men ved nokre av skulane i Bergen sentrum har det lukkast å få til nynorske parallellklassar – under sterk motstand frå skulebyråkratar. Samstundes er nynorsken blitt røysta ut av skulekrinsar i Åsane (Hordvik, Kyrkjekrinsen) og Fana (Liland).På grunn av auka utflytting frå Bergen. I nabokommunane Fjell og Øygarden er det blitt oppretta fleire bokmålsparallellar. Rundt 25-30% av elevane skifter frå nynorsk til bokmål ved overgangen til ungdomsskule eller vidaregåande skule.
Tilstandsrapport 2005
I Bergen har foreldre i Landås greidd å få oppretta eiga gruppe (=klasse) i nynorsk med 14 elevar. Dette er den tredje nynorskklassen på Landås. På Krohnengen og Møhlenpris har rektor gjort forsøk på å slå saman dei nynorskgruppene som er oppretta der tidlegare (1998) med bokmålsgruppene på same trinn, men utan å lukkast. Skulemålsnemnda og folk frå Åsane Mållag har prøvd å få til parallellklassar i nynorsk på Hordvik og Kyrkjekrinsen skular etter skulemålsrøystingane i fjor. På Kyrkjekrinsen kom me for seint i gang og fekk ikkje til gruppe, men på Hordvik, derimot, låg det til rettes for ei gruppe med 12 elevar, men fordi skulen berre kunne tilby dei nynorsk i norsktimane og fellesundervisning med bokmålselevar i resten av timane, trekte dei kravet. Dette viser kor viktig det er å få ei avklaring på spørsmålet om retten til eigne grupper i alle skriftlege og munnlege fag, noko Gulating lagmannsrett no har slått fast etter klage frå foreldre i Sandnes kommune og Noregs Mållag.
Arna Mållag har sendt skulemålsfaldar til foreldra til alle førsteklassingane i Arna i 2004. Fire av skulane i Arna har bokmålsparallellar, det er Ådnamarka, Lone, Garnes og Ytre Arna, men ved Garnes og Ådnamarka er nynorskelevane i mindretal.
Ved Fauskanger skule på Askøy er det oppretta ein parallell i bokmål på 2. klassetrinn etter skulemålsrøystinga der i fjor, som gav eit klart fleirtal for nynorsk. Askøy Mållag har hatt møte med skulen for å prøva å få til ein meir positiv haldning til nynorsk. I Fjell kommune er i alt fire skular bokmålsskular (Knarrevik, Bjorøy, Hjelteryggen og Foldnes), og det er ingen nynorskparallellar ved desse skulane. Derimot er det bokmålsparallellar ved fleire av nynorskskulane (Brattholmen, Ågotnes, Kolltveit, Ulveset), og i ungdomsskulen er det 50% bokmål. I fleire andre kommunar der alle skulane er nynorskskular, blir det klaga over manglande nynorskkunnskapar hos lærarane, og i nokre av desse (Lindås, Meland, Os, Øygarden) er det bokmålsgrupper.
Skulemålsnemnda og foreldre møter også motstand frå kommunar og datatilsynet når det gjeld retten til å få utlevert elevlister, noko som er absolutt nødvendig i arbeidet med å få til parallellklassar. Noregs Mållag og skulemålsskrivaren har teke kontakt med stortingsrepresentantar for å få ei presisering av lovteksten også på dette punktet, og tilbakevisa påstandar frå Datatilsynet om innsynsretten.
Barnehagearbeidet
Skulemålsrøystinga på Askøy har aktualisert barnehagearbeidet, og Meland Mållag har nett kome ut med ei barnesongbok med nynorske songar, som me kan tilby både skular og barnehagar. Skulemålsnemnda har skrive brev til lokallaga i kommunane rundt Bergen om å invitera barnehagestyrarar til årsmøta deira for å drøfta barnekultur og nye Pirion-dagar (barnehagedagar) til hausten, og få til møte med oppvekstsjefane i kommunane om det same.
Sidemålsforsøk
Det har vore eit stormfullt år for nynorsken, med åtak på sidemålet frå statsråd Clemet og frå Oslo kommune. Samstundes har dette også ført til noko positivt, fordi det har sett i gang ein debatt om korleis norskundervisninga kan bli betre. Det er sett i gang forsøk ved over 20 ungdomsskular i heile landet med alternativ sidemålsundervisning (Åndalsnes-modellen) etter initiativ frå Noregs Mållag, blant anna i Oslo (Holmlia). Og på haustseminaret i fjor sa statssekretær Ole Helge Bergesen at den nye opplæringslova ikkje opna for utvida rett til språkblanding av klassar. Endeleg har statsråd Clemet nyleg sagt at det ikkje vil bli sett i gang nye ”forsøk” med fritak frå nynorsk før røynslene frå Oslo er blitt vurdert om tre år.
Skulemålsnemnda vil ta kontakt med NMU og med ungdomsskular med nynorsk hovudmål om fleire temadagar, for å skapa meir motivasjon for nynorsk, og prøva å få sett i gang fleire forsøk med alternativ sidemålsundervisning – det er alt i gang eit slikt forsøk på Askøy (Florvåg ungdomsskule). Skulemålsskrivaren vil i så fall stilla opp.
Møte med kommunebyråkratar
Skulemålsnemnda gjer framlegg om at HM og lokale mållag tek kontakt med politikarar og skulebyråkratar, slik dei alt har gjort i Askøy Mållag, for å drøfta
Oddvar Skre
skulemålsansvarleg