Veslemøy ved rokken
av Arne Garborg
D’er haust. Det ruskar ute
med regn og kalde vind.
Småfuglen flyg mot rute
og vilde gjerne inn.
Men under omnen god,
der ligg på sekkje-pute
han gamle Mons i ro.
Der ligg han trygg og drøymer
og blinkar stilt og smått
og alt i verdi gløymer
og hev det varmt og godt.
Og segjer ingen ting,
men liksom inn seg gøymer
med rova sveipt i kring.
Som silke-nøste fine
han ligg i mjuke skinn
med svevn i kvar den mine
og alle kløar inn.
Og glyrer likesæl
med kloke augo sine
og murrar smått og mèl.