Språket i avisa «Romsdal» og litt anna
(Lesarinnlegg i Romsdals Budstikke tysdag 6. november 2007)
Avisa skal, som dei sjølve seier, vere ei avis for heile Romsdal. Altså skal den lesast av folket alt frå dei ytste øyane til dei inste bygdene. Denne avisa har likevel ikkje ei einaste setning på nynorsk! Ei einsleg annonse frå Hotell Union i Geiranger på Sunnmøre er alt vi kan finne av nynorsk i oktobernummeret! Kvifor er det slik?
Det er velkjent at to rikmenn, ein frå kvar side av Romsdalsfjorden, prøver så godt dei kan å snakke eit forelda bokmål. Er det desse som er dei språklege ideala for avisa ”Romsdal”? Vi veit alle om ein kjend fotballspelar frå Kristiansund. Han har den same dialekten i dag som den gongen han drog ut i den
store fotballverda!
Som ein veit strir mange i Eide kommune for namneforma Vassgård. Dette skal visstnok vere ei slik framifrå form som skal minne oss om stordom. Vassgård vil dei ha jamvel om sanninga bak siste leddet er skòr(d) og har altså ikkje noko som helst med gard/gård å gjere. Feilskrivinga kom inn på 1700-talet. Dei som då skreiv skattelistene, visste den gongen ikkje kva ei skòr i fjellet var. Dermed endra dei i vankunna si namnet til Wasgaard!
Og andre synest det er gjævare med -gård enn med -gard som ending i etternamnet sitt Dette endå om dei har gard i talemålet sitt! Berre blad i Telefonkatalogen! I bokmålsordlista er gard og gård jamstelte former. Likevel hadde Bjørnsonfestivalen førestelling på Dalset gård. Dette måtte vel vere i Bjørnson si ånd(!)
Nei, det er visst lite staseleg med gard. Steingard og tanngard har likevel
overlevd alle språkendringar. Og det endå både steingarden og tanngarden til tider kan vere skrale!
Molde Mållag v/
Einar Langset, Kåre Magne Holsbøvåg og Øyvind Berge