særleg skuleplass. Så fekk ein sentralskular med store skuleplassar, og denne leiken kom vekk. I boka
får ein vete reglane for den no halvgløymde leiken.
Boka har også eit kapittel om leikety under 2. verdskrigen. Det er jamvel eit kapittel om
leiker i samiske område.
Det er mykje informasjon frå Møre og Romsdal. Ein kan her berre nemne at eitt av bileta viser ungar ved Sæbø-nausta i Måndalen som leikar seg med seglbåtar kring 1930.
Boka har lett og korrekt nynorsk språkføring. Alle lesarar vil finne noko dei ikkje visste frå før.
Desember 2009
Kåre Magne Holsbøvåg