Tolv medlemer var med på Molde Mållag sin kultur-tur 18. oktober 2009. Her er nokre av deltakarane medan dei tar
kaffipause i heimen til Asbjørn og Eldbjørg Lillevik (heilt til venstre i biletet). Garden deira ligg like ved «Trollpila» på Bolsøya – som var eit av måla for turen. «Trollpila» er ein bautastein, 8 alen høg (ein alen er 62,75 cm). Tradisjonen vil ha det til at bautasteinen stammar frå tida då kristendommen vart innført. Ei trollkjerring som budde i Skålafjellet blei så irritert over lyden frå kyrkjeklokkene i den nyreiste kyrkja på Bolsøya at ho kasta ei steinpil etter kyrkja. Steinpila bomma og vart stående like aust for kyrkja på Bolsøya.