Målprisen 2008 til:
Skare
ungdomslag
Skare Ungdomslag har i 95 år vore
ei samlande kraft i bygda. I ungdomslaget har
generasjon etter generasjon av ungdom og
vaksne teke del i foredrag, diskusjonar, arbeid med
lagsblad, amatørteater, dans og fest. I dette
kulturarbeidet har nynorsk mål vore
og er ein naturleg del, skriv Mållaget i ei
pressemelding.
Skare Ungdomslag har vist vilje og evne til å
engasjera mange i bygda. I dei siste 30-40 åra
har Skarekrinsen endra seg frå eit bygdesamfunn
til å vera dominert av eit stort byggefelt med
mange innflyttarar der dei fleste arbeider i
Odda. Krinsen er i dag inne i ei positiv
utvikling. For dei som har flytt til bygda, har
ungdomslaget også vorte ein møtestad og eit
kulturtilbod.
Les meir
24.02.2009
|
Gratis
rådgivingsteneste
Odda Mållag tilbyr no firma, organisasjonar og
enkeltpersonar hjelp til å skriva god nynorsk. Tenesta er gratis.
Vi har kompetente folk til å gi råd når det
gjeld utforming av reklame, skriv, skjema,
rapportar m.v.
Særleg legg vi vekt på rettskriving og ordval.
Vi vil og hjelpa til med å finna gode norske ord
i staden for engelske ord. Dette er ein
kulturinnsats som alle kan vera med på - også
næringslivet!
Mållaget har postadresse: Boks 342, 5751 Odda,
tlf. 53 64 22 38.
Bruk helst e-post:
harrybs@c2h.no
|