Skare Ungdomslag har i 95 år vore
ei samlande kraft i bygda. I
ungdomslaget har
generasjon etter generasjon av
ungdom og vaksne teke del i foredrag,
diskusjonar, arbeid med lagsblad,
amatørteater, dans og fest. I dette
kulturarbeidet har nynorsk mål vore
og er ein naturleg del, skriv
Mållaget i ei pressemelding.
Skare Ungdomslag har vist vilje og
evne til å engasjera mange i bygda.
I dei siste 30-40 åra har
Skarekrinsen endra seg frå eit
bygdesamfunn til å vera dominert av
eit stort byggefelt med mange
innflyttarar der dei fleste arbeider
i Odda. Krinsen er i dag inne i ei
positiv utvikling. For dei som har
flytt til bygda, har ungdomslaget
også vorte ein møtestad og eit
kulturtilbod.
Laget fylgjer med i tida og har ei
flott heimeside på internett. Denne
nettstaden viser
at laget har mange allsidige
tilbod for born og ungdom i alle
aldrar – og alt er presentert på
nynorsk.
I
jubileumsåret 2008 markerte
laget seg med ei rekkje tilskipingar.
Odda Mållag la særleg merke til
teaterlaget si framføring av ”Hjelp,
det spøkjer”, som handlar om
vennskap og mobbing i ein
skuleklasse. Manuset var omsett til
nynorsk av leiaren i laget – eit
storarbeid, berre det!
Skare Ungdomslag
skaper trivsel i bygda og
gjer eit viktig kulturarbeid, som
ikkje minst er med på å gjera dei
unge tryggare i bruk av eigen
dialekt og av nynorsk. Årsmøtet i
Odda Mållag tildeler Skare
Ungdomslag
Målprisen for 2008, ein
lithografi, ”Bokstavflygaren”, av
Solveig Aksnes.