TrønderlagetGjer eit val!

Trønderlaget er eit fylkeslag i Noregs Mållag, og organiserer mållaga Trøndelag sør for Namdalen. Laget arbeider for nynorsk bruksmål og for styrking av dialektane i Trøndelag.

Ingen skriftspråk er naturgjevne fenomen. Dei er alle konstruerte ut frå eitt eller anna talemål – dei fleste ut frå talemålet til priviligerte grupper i øvre lag av samfunnet.

Nynorsken er laga på ein annan måte. Ein har funne fram til fellestrekka i talemåla i heile landet der språket skal brukast, og bygd eit skriftspråk ut av det. Dette er ein moderne og demokratisk måte å laga eit skriftspråk på. Difor arbeider Trønderlaget for nynorsken.

-

Vil du stø oss i arbeidet for å ta vare på det norske målmangfaldet? Meld deg inn i mållaget.

For å gjera det lettare å få tak i gode, nynorske barnebøker har Trønderlaget laga ei barneboksamling som kan lånast ut til skolar.
Les meir

Framsida Styret, arbeidsprogram og lover Lokallag Skulemål Bøker Innmelding Peikarar