TrønderlagetGjer eit val!

Trønderforfattarar i 100 år
Denne boka er ein antologi over trønderske forfattarar frå 1899, då Trønderlaget vart skipa, og fram til i dag. Boka har eit representativt utval av tekstar av kjende og mindre kjende trønderske diktarar som har brukt nynorsk som sin litterære reiskap.

Boka gjev eit godt inntrykk av rikdommen i den nynorske litterære produksjonen i landsdelen vår, som spenner over tekstar heilt frå dei mest kjende forfattarane våre frå først i hundreåret, som Duun og Uppdal, fram til dei yngste trønderske diktarane som har markert seg i det litterære landskapet, som Rotmo, Sund, Lind, Grønskag o.fl. Dei aller yngste er også representert ved ei samling elevtekstar.

Boka er retta inn mot alle som har interesse for nynorsk litteratur, og er eit særleg godt tilbod for norsklærarar i skoleverket.

Boka er utgitt av TAPIR forlag og Trønderlaget, og du kan tinga henne frå styret.

Barnebøker
Jubileumsboka

Framsida Styret, arbeidsprogram og lover Lokallag Skulemål Bøker Innmelding Peikarar