|
Lover for Trønderlaget
§1: Trønderlaget vil arbeide for nynorsk bruksmål og for styrking av dialektane i Trøndelag.
§2: Trønderlaget er fylkeslag for mållaga i Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag utanom Namdalen.
I Trønderlaget kan den vera med som vil arbeide for målreisinga i samsvar med prinsipp-programmet
og lova for Noregs Mållag. Folk som bur slik til at dei ikkje har høve til å vera med i eit mållag,
kan verte beinveges innmelde i Trønderlaget.
§3: Laget vil nytte dei arbeidsmåtar som det til kvar tid finn mest tenleg. Mellom anna vil det
a) få mållag, arbeidsutval eller tillitsfolk i bygder og byar,
b) gjera opptak til organisasjons- og målpolitiske kurs, og få desse gjennomførte,
c) tilby lokallaga vitjing av styremedlemer eller andre talarar, og samordne felles tiltak for fleire lag,
d) arbeide for å spreie nynorske blad og bøker og for å få nynorsken inn i skole, massemedia, styringsverk,
kyrkje og forretningsliv,
e) vera med i dialektaksjonar, og elles arbeide aktivt for oppvurdering av dialektane,
f) nemne opp fagnemnder som kan arbeide med avgrensa målpolitiske saker.
§4: Mållaga vedtek sjølve sine eigne lover, men desse lovene må vera i samsvar med lovene
til Noregs Mållag og Trønderlaget. Mållaga skal kvart år - like etter at dei har haldi årsmøte -
sende årsmelding og utdrag av rekneskapen til Trønderlaget.
§5: Medlemspengane til Trønderlaget vert fastsette på årsmøtet.
§6: Trønderlaget held årsmøte på den tid styret fastset, innan utgangen av mars. Alle
medlemer har møte- og talerett. Røysterett har valde utsendingar frå mållag, og styremedlemer.
Mållag med mindre enn 25 medlemer har rett til å sende 1 utsending, lag med 25-49 medlemer
har rett til å sende 2 osb. Frå 100-149 medlemer har laget rett til 5 utsendingar osb. Medlemer
som har vori beinveges innmelde i minst eitt år kan få røysterett etter vedtak på årsmøtet.
Styret kallar inn til årsmøte der det legg fram årsmelding, rekneskap og framlegg som er
komne inn eller som styret gjer opptak til. Innkalling og sakliste skal sendast ut minst 3
veker før årsmøtet. Årsmelding og rekneskap skal sendast ut minst 1 veke før årsmøtet.
Årsmøtet gjer vedtak i dei saker som styret legg fram for det. Årsmøtet vel ved særskilde val:
Leiar (for 1 år)
3 styremedlemer (for 2 år)
6 varamedlemer (for 1 år)
2 ettersynsfolk (for 1 år)
Valnemnd (for 1 år)
Utsendingar til landsmøtet (for 1 år)
Blant styremedlemene skal årsmøtet peike ut nestleiar for eitt år.
§7: Styret har leiar, nestleiar og 5 andre styremedlemer. 3 av styremedlemene og varamedlemene
skal bu i Nord-Trøndelag og 3 i Sør-Trøndelag, og dei skal kvar for seg utgjera eit arbeidsutval
som kan avgjera mindre styresaker.
Styret vel økonomiansvarleg og skolemålsansvarleg, oppnemner studieleiar(ar) og kasserar, og gjev
nærare føresegner for arbeidsutvala, fagnemndene og studieleiaren.
§8: Framlegg til endringar i lovene må sendast til leiaren. Styret drøftar framlegget og kunngjer
det saman med tilrådinga si, samstundes med innkallinga til årsmøtet. Framlegget treng 2/3 av røystene
for å verte vedteki.
|