|
Du kan sjølv velje kva språk barnet ditt skal ha
som fyrste opplæringsmål i skulen. I Noreg er det
nesten 200 nynorskklassar på bokmålsskular, mellom
anna er det nynorskklassar i dei største byane i landet.
Desse klassane har kome til fordi foreldre har ynskt at
ungane skal lære nynorsk som hovudmål frå fyrste klasse.
Kva er ein parallellklasse?
Ein nynorsk parallellklasse er ein heilt vanleg
klasse der opplæringsmålet er nynorsk, medan bokmål
er vedteke som opplæringsmålet for skulen. Nynorskklassen
har nett den same undersvininga i alle fag som
bokmålsklassen, bortsett frå at all undervisning er
på nynorsk. Det finst nynorskklassar på bokmålsskular i
Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Haugesund, Namsos,
Mosjøen og mange andre stader, og talet på nynorskklassar
i byane veks kvart år.
Kontakt Mållaget!
Om du vil ha hjelp eller meir informasjon, kan du
ta kontakt med Trønderlaget på
ola.stemshaug@hf.ntnu.no
eller Noregs Mållag på telefon 22 47 71 00.
Vi kan også hjelpe deg med å undersøkje kor mange
det er ved din skule som kunne tenkje seg nynorsk
som opplæringsmål for borna sine. Vi kan òg hjelpe til
med å skipe møte, skaffe materiell, gje rettleiing
om rettar og lovverk.
|
Kvifor nynorsk opplæringsmål?
Korleis velja nynorsk?
Om parallellklassar
|