Studentmållaget i Oslo

Studentar i målstrid

Sogeboka til Studentmållaget vart gjeve ut i 2003. Du kan framleis kjøpe ho frå oss eller i bokhandelen, eller lese utdrag av ho her.

Omslag: Studentar i målstrid: Studentmållaget i Oslo 100 år

Kjøp boka om Studenmållaget!

Studentmållaget i Oslo har stått sentralt i målarbeidet heilt sidan skipinga i 1900. Arbeidet har sett far etter seg og medlemer i laget har prega norsk samfunnsliv gjennom politikk, kringkasting, presse, kyrkja, forlaga og meir. Spennet i lagslivet er stort: Fest og moro, krasse ordskifte, omfattande bok- og bladutgjeving, arbeid for distriktshøgskular og hard kamp mot unionane i 1905, 1972 og 1994. I mange saker var Studentmållaget avgjerande for utfallet.

Utan Studentmållaget hadde Noreg sett annleis ut.

Forfattarar: Oddmund Hoel, Olaf Allmenningen, Håvard Tangen og Geir Martin Pilskog.

Boka er på 352 sider, har harde permar og smussomslag.
Les om boka hjå Samlaget.


Sjå utdrag frå boka

Vi har lagt ut delar av dei ulike kapitla slik at du kan sjå på dei og vurdere om du har lyst til å kjøpe boka frå oss. Utdraga er lagt ut i PDF-format, og du må ha Adobe Acrobat Reader installert for å sjå dei. Last ned Acrobat Reader.


Tilbod: Kjøp boka i bokhandelen for 298 kr eller til lågpris frå Studentmållaget for 248 krDu kan tinge boka ved å sende ein e-post til studentmaallaget@studorg.uio.no eller eit brev til
Studentmållaget i Oslo, Pb 285 Sentrum, 0103 Oslo.

Boka kostar 298 kr i bokhandelen, men du får ho til lågpris frå Studentmållaget for 248 kr.

Om du heller vil kjøpe boka frå ein vanleg bokhandlar, kan du t.d. kjøpe ho hjå Haugen bok, Bokkilden eller MAO.

Lagt ut 1.7.03 av Erik Bolstad.   Sist oppdatert 9.1.2008 15:41.
Tips ein ven om denne sida

Meny

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 2012     •