Mål og Makt er eit tidsskrift som blir gjeve ut av Studentmållaget. Dei har eigne nettsider på www.malogmakt.no.
Mål og Makt handlar mest om målsak og kulturstrid. Dei snakkar med folk som er interessante, trekkjer ned buksene på dei som fortener det og inviterer gode skribentar inn i spaltene.
Det beste er å skrive til oss på e-post malogmakt@malogmakt.no eller i vanleg brev til Mål og Makt, Pb 285 Sentrum, 0103 Oslo.
Telefon: 23 00 29 40 (vi er sjeldan der, men Målungdomen kan ta i mot meldingar.
Mål og Makt kjem ut 3-4 gongar i året, og ei årstinging kostar berre 150 kr. Ta kontakt med oss på e-post malogmakt@malogmakt.no eller i eit brev om du ynskjer å tinge bladet.
Vi har avtale med NBF Tidsskriftformidlinga, Norli og Swets om samfakturering for bibliotek og andre institusjonar.
ISSN-nr: 0332-7744. Org.nr. 970 552 006 MVA.
Mål og Makt vart gjeve ut fyrste gong i 1934, men sovna raskt att. Etter 1934 gav Studentmållaget ut fleire aviser og blad, men noko nytt tidsskrift etter same lesten vart det ikkje før på 70-talet.
Sentrum og Periferi vart gjeve ut fyrste gong i 1971 og skulle vera eit målpolitisk tidsskrift i motsetnad til lagsavisa Fram og avisa til Norsk Målungdom, Målfront. Namnet vart valt i tråd med kampen mot sentraliseringa, men skifta året etter namn til Mål og Makt, eit blad som òg vart gjeve ut på 1930-talet. Det var ikkje planen at dette skulle verta eit periodisk måltidsskrift, men etter kvart gjekk det slik, sidan interessa for tiltaket var stor. Tidsskriftet kom ut fire gonger i året med eit samla opplag på 1500 og hadde sitt eige skriftstyre. Mållag og ungdomslag over heile landet kjøpte samla inn 7-800 eksemplar av kvart nummer og tingar-talet auka til eit brukande nivå. Mål og Makt heldt det gåande utover 1980- og 90-talet, med store endringar i redaksjonen og innhaldet fyrst i 1990 og så i 1998 og 2003. Fram til 1998 var bladet fyrst og fremst eit målteoretisk tidsskrift, men etter det store hamskiftet liknar bladet no meir på 30-talsbladet med same namn.
Lagt ut 2.3.05 av Erik Bolstad.
Sist oppdatert 5.5.2009 19:54.
Tips ein ven om denne sida