Kva rettar har du som nynorskskrivande student?
Når du har meldt deg opp på nynorsk ved semesterregistreringa eller på anna vis gjeve universitetet eller høgskulen melding om du nyttar nynorsk, har du rett på både eksamen og brev på nynorsk.
Rettane dine er (dette gjeld sjølvsagt for bokmålsbrukarar òg.)
- at all skriftleg korrespondanse med lærestaden skal skje på nynorsk. Dette er slege fast i lov om målbruk i offentleg teneste
- at du skal få eksamensoppgåver på nynorsk. Denne retten er soleklar og slege fast i forskrift om målform i eksamensoppgåver. Det skal heilt spesielle grunnar til for at lærestaden ikkje skal gje deg eksamen på nynorsk, og då skal studenten få melding om det minst tre månader før eksamensdagen, og studenten kan klaga på dette.
Kva gjer eg på eksamensdagen når eg ikkje får eksamen på nynorsk?
- SPØR! Det som ofte hender er at dei har eksamensoppgåver på nynorsk liggjande. Ofte kjem eksamensvaktene med nynorskversjonen til deg etter ei stund.
- SPØR FAGLÆRAR! Faglærar kjem innom på eksamen, og det er som oftast faglærar som har laga eksamensoppgåvene. Gje han eller ho dårleg samvit.
- Vel du å ta eksamen trass i manglande nynorsk-tekst, bør du gå opp på instituttet etter eksamen og klaga. Mange gløymer heile saka, ein er jo letta over å vera ferdig med eksamen, men det er viktig å fylgja saka opp!
FINST DET IKKJE EKSAMEN PÅ NYNORSK, KAN DU NEKTA Å TA EKSAMEN. Nektar du, må du klaga til universitetet og gje melding til instituttet om stoda. Du har rett til å ta opp att eksamen då. (Og då er det lite truleg at dei kjem med bokmålsoppgåver ein gong til...)
Spør oss i studentmållaget om hjelp!
Lagt ut 29.8.05 av Eva Marie.
Sist oppdatert 9.1.2008 14:41.
Tips ein ven om denne sida