Halvårsmøtet i SmiO vert torsdag 8. september kl. 19.00 på Uglebo (kjellarpøbben på HF, Blindern). Etter møtet vert det pølse og øl/brus til alle som har vore på møtet.
Vel møtt!
Halvårsmøtet er flytt, og skal altså ikkje vere 1. september slik vi har sendt ut melding om tidlegare. Her er innkallinga: INNKALLING TIL HALVÅRSMØTE I STUDENTMÅLLAGET I OSLO Gode medlem og interesserte! Me vonar du har hatt ein fin sumar og at du er klar for eit nytt semester og ein aktiv haust – både med målarbeid og studiar! Me i studentmållaget gler oss til å jobba aktivt på universitetet og på høgskulen, ved å forsvara retten vår til eksamen på det språket me brukar, og til å feira unionsoppløysinga. I haust er det rektorval på Universitetet i Oslo, og me ynskjer å stilla krav til kanidatane slik at me får ein rektor som sikrar våre rettar. I november har me planlagt ein fantastisk republikkfest for å markera kva Studentmållaget i Oslo gjorde i striden for unionsoppløysinga for hundre år sidan. Korleis dette skal gjerast og gjennomførast, kan du få vera med å avgjera på halvårsmøtet, i tillegg til mange andre saker. Me kallar inn til semesterets fyrste møte, halvårsmøte torsdag 8. september kl. 19.00 på Uglebo. Uglebo er kjellarpøbben på HF (Det humanistiske fakultet) på Blindern. Framlegg til sakliste: 1. Opning - Godkjenning av innkalling - godkjenning av saklista - val av ordstyrar - val av møteskrivar 2. Semestermelding for våren 2004 Ordskifte 3. Semesterplan for hausten 2004 Ordskifte 4. Val av styre for haustsemesteret Evntuelle suppleringar i skriftsstyret for Mål og Makt. 5. Ymse Etterpå vert det pølse og øl til alle. Alle får ein pils og tre pølser kvar. Viss du vil ha noko anna enn øl, kan du sjølvsagt få det. Om du har vanskar med å finna fram, eller det er noko anna du lurar på, kan du ta kontakt med Eva Marie på telefon 9520 1958. Ta med deg ein ven og kom! Du er hjarteleg velkomen! Målhelsingar frå STUDENTMÅLLAGET I OSLO Eva Marie Mathisen leiar
Lagt ut 29.8.05 av Eva Marie.
Sist oppdatert 9.1.2008 15:42.
Tips ein ven om denne sida