Studentmållaget i Oslo

Juleavslutning

No nærmar jula seg, og etter eksamen, eller midt i førebuingane, kan du koma på juleavslutninga til Studentmållaget. Avslutninga er fredag 9. desember kl. 20. Det er hjå Idun som bur i Deichmannsgt. 25 (ved Møllergata skule). Du kan koma om du er ny eller gamal, medlem eller ikkje... Velkomen er du uansett!

På juleavslutninga serverer me gløgg og pepparkaker og anna godt. Du tek med deg det du vil drikka av andre ting. Det vert kulturelle innslag, julemusikk og anna kos.

Lagt ut 17.11.05 av Eva Marie.   Sist oppdatert 9.1.2008 14:42.
Tips ein ven om denne sida

Meny

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 2010     •