Mange studentar ved Universitetet i Oslo (og andre lærestader) opplever ofte at dei ikkje får eksamensteksten på nynorsk. Det har ein rett til når ein har meldt seg opp på nynorsk, og det er ein enkel rett som me har som nynorskbrukande studentar.
Viss du ikkje får det, er det fleire ting du kan gjera. Det finn du på denne sida. Gje oss gjerne melding om slike hendingar!
Når du har meldt deg opp på nynorsk ved semesterregistreringa eller på anna vis gjeve universitetet eller høgskulen melding om du nyttar nynorsk, har du rett på både eksamen og brev på nynorsk.
Rettane dine er (dette gjeld sjølvsagt for bokmålsbrukarar òg.)
SPØR! Det som ofte hender er at dei har eksamensoppgåver på nynorsk liggjande. Ofte kjem eksamensvaktene med nynorskversjonen til deg etter ei stund.
SPØR FAGLÆRAR! Faglærar kjem innom på eksamen, og det er som oftast faglærar som har laga eksamensoppgåvene. Gje han eller ho dårleg samvit.
Vel du å ta eksamen trass i manglande nynorsk-tekst, bør du gå opp på instituttet etter eksamen og klaga. Mange gløymer heile saka, ein er jo letta over å vera ferdig med eksamen, men det er viktig å fylgja saka opp!
FINST DET IKKJE EKSAMEN PÅ NYNORSK, KAN DU NEKTA Å TA EKSAMEN. Nektar du, må du klaga til universitetet og gje melding til instituttet om stoda. Du har rett til å ta opp att eksamen då. (Og då er det lite truleg at dei kjem med bokmålsoppgåver ein gong til...)
Spør oss i studentmållaget om hjelp!
Lagt ut 17.11.05 av Eva Marie.
Sist oppdatert 9.1.2008 14:42.
Tips ein ven om denne sida