Kvifor er det slik at ein viser "Med hjarte på rette staden" på nynorsk, men ikkje "Sex og singelliv"? SmiO inviterer til debatt om haldningar til nynorsken i media, onsdag 9. november kl. 19.00 på Betong, Chateau Neuf. I panelet: Tove Lie, sjefsredaktør i Nationen Pernille Huseby, politisk kommentator i VG Yngve Benestad Hågvar, høgskulelektor ved journalistutdanninga, HiO Marit Aakre Tennø, dagleg leiar i Kringkastingsringen.
Debatt: Sex og singelliv på nynorsk Er det rett av nynorskfolk å krevja meir nynorsk i media, og i so fall, korleis bør det skje? Og vil slaget vera tapt for nynorsken viss det fortset som i dag? Nynorsken vert sensurert vekk frå store delar av media. VG og Dagbladet har forbod mot nynorsk på redaksjonell plass og NRK oppfyller ikkje kravet om 25 % nynorsk. Kva følgjer har det for nynorsken at språket er so lite synleg i media? Kva for haldningar til nynorsk vert skapte av media? Kvifor er det slik at ein viser "Med hjarte på rette staden" på nynorsk, men ikkje "Sex og singelliv"? Onsdag 9. november kl. 19.00 på Betong, Chateau Neuf. Fri inngang. I panelet: Tove Lie, sjefsredaktør i Nationen Pernille Huseby, politisk kommentator i VG Yngve Benestad Hågvar, høgskulelektor ved journalistutdanninga, HiO Marit Aakre Tennø, dagleg leiar i Kringkastingsringen Vel møtt!
Lagt ut 6.11.05 av Eva Marie.
Sist oppdatert 9.1.2008 14:42.
Tips ein ven om denne sida