Studentmållaget i Oslo fekk 111 fleire medlemer i 2005 enn året før, takka vere den store vervekampanjen.
SmiO-styret hadde som mål å passere 300 medlemer i 2005, og det klarte vi verkeleg! No håpar vi berre på framleis framgang i år.
To vervarar fekk ny datamaskin gjennom den store vervekampanjen til SmiO. For å få ei datamaskin måtte ein verve minst 50 nye medlemer under 26 år, busette i Oslo. To andre har fått gåvekort. Vi er imponerte over innsatsen!
Har du lyst til å bli medlem, du òg kanskje?
Lagt ut 15.1.06 av Erik Bolstad.
Sist oppdatert 9.1.2008 14:42.
Tips ein ven om denne sida