Halvårsmøte i Studentmållaget i Oslo
Me vonar du har hatt ein fin sumar og at du er klar for eit nytt semester og ein aktiv haust – både med målarbeid og studium! Me i studentmållaget gler oss til å jobba aktivt på universitetet og på høgskulen, ved å forsvara retten vår til eksamen på nynorsk. Halvårsmøtet vert torsdag 7. september kl. 19.00 på Klubbscenen på Chateau neuf.
Framlegg til sakliste:
- Opning
- godkjenning av innkalling
- godkjenning av saklista
- val av ordstyrar
- val av møteskrivar
- Semestermelding for våren 2006
Ordskifte
- Semesterplan for hausten 2006
Ordskifte
- Val av styre for haustsemesteret
Eventuelle suppleringar i skriftsstyret for Mål og Makt.
- Ymse
Etter møtet vert det sosialt samvere
Om du har vanskar med å finna fram, eller det er noko anna du lurar på, kan du ta kontakt med Ylva på telefon 913 53 864 eller Sigbjørn på 950 68 557.
Ta med deg ein ven og kom! Du er hjarteleg velkomen!
Lagt ut 4.9.06 av Anne-Stine.
Sist oppdatert 9.1.2008 14:42.
Tips ein ven om denne sida