Fredag 29. september til sundag 1. oktober skipar Studentmållaget i Oslo til studentsamling. Samlinga skal finna stad i Oslo. Her samlest studentar frå heile Noreg til spanande innleiingar, ordskifte og sosialt samvere. Norsk, og særleg nynorsk,i akademia vert eit gjennomgangstema på samlinga. Det er duka for panelordskifte om stoda til det norske fagspråket, Aasen-ekspert Stephen Walton skal innleia om framtida for nynorsken, og me skal byggja sterke studentmållag.
Programmet byd òg på pøbbkos med Ragnar Hovland, det vert innleiing om nynorsken sine sjansar i den raudgrøne staten, og Hege Lothe skal læra deg korleis studentmållaget ditt vert den viktigaste organisasjonen på utdaningsstaden.
Mange gode grunnar til å koma, med andre ord. Set av helga 29. september til 1. oktober.
Tid: 29. september til 1. oktober
Tak med sovepose, liggjeunderlag
og det du treng for å overleva i Oslo. Lurer du på noko? Kontakt Elisabeth K Skatvedt, studentmållagsskrivar i NMU,
på tlf.452 14 791 eller elisabeth@nynorsk.no. Meld deg på!
Send ein e-post til
skriv@nynorsk.no.
Programmet førebels:
Fredag:
Bar-ordskifte om språk i akademia.
Stephen Walton, professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda Haakon Breien Benestad, prorektor ved Universitetet i Oslo Representant frå Studentmållaget i Oslo
Laurdag:
Ordskiftet i Norsk Barneblad.
Terminologiarbeid.
Nynorsk i ei ny tid.
Om kvelden:
Sundag: Nynorsken i den raudgrøne staten.
Lagt ut 19.9.06 av Elisabeth.
Sist oppdatert 9.1.2008 14:41.
Tips ein ven om denne sida