Nynorsk fagbokpris er på kr 100 000 kroner og er oppretta av og blir forvalta av Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo og Det Norske Samlaget. Prisen skal gå til eit fag- eller lærebokprosjekt på nynorsk. Prosjektet skal vere av høg kvalitet når det gjeld fagformidling, og bør vere pensumrelevant på universitets- og høgskulenivå.
Vi inviterer med dette faglitterære forfattarar til å sende inn forslag. Søkjarar må sende inn ei prosjektskisse på 2–3 sider, inkludert disposisjon og målgruppe (fag, nivå og aktuelle undervisningstilbod). Søkjarar bør ha eller bør skaffe seg forlagskontakt anten med Samlaget eller eit anna norsk forlag.
Frist for å sende inn prosjektforslag er 1. februar 2007. Utdelinga vil skje i august 2007. Søknaden kan sendast til:
Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo
v/Håvard Tangen
Grensa 8b
0159 OSLO
Dei innkomne prosjekta vil bli vurderte av ein jury samansett av representantar frå Skuleboknemndi og Det Norske Samlaget.
For meir informasjon kontakt Skuleboknemndi ved Håvard Tangen h.tangen@c2i.net tlf. 93424325 eller Beate Homlong tlf. 22707827.
Lagt ut 3.10.06 av Erik Bolstad.
Sist oppdatert 9.1.2008 14:43.
Tips ein ven om denne sida