Vi satsar på ein haust med stor aktivitet, og her kjem litt informasjon om noko av det vi har tenkt å finne på i haust.
Teatertur
Vi skal sjå Hair ved Det norske teateret den 24. november. Sidan vi i studentmållaget er snille og gode betalar vi halve billettprisen for deg, slik at billetten berre kostar deg 100 kroner. Det har du råd til!
Vi har 10 reserverte sete som skal fyllast, og her er det fyrste til mølla. Meld deg på innan sundag 22.oktober ved å sende ein e-post til camillamentzoni@hotmail.com
Grautkveld
Den tradisjonelle grautkveld vert i år den 26. oktober på Valdresstova på Sogn Studentby.
Nasjonal aksjonsdag
7. november feirar alle lokallaga i Norsk Målungdom hundreåringen Noregs Mållag, og SmiO ynskjer velkomen til Den nynorske hagen. Meir informasjon kjem snart.
Noregs Mållag skipar til den internasjonale konferansen Målstrid og mangfald i Bergen 10.-12. november. Du finn meir informasjon om han på www.nm.no
Juleavslutting
Vi samlest for å avslutte eit vellukka semester no på fredag, den 8. desember. Vi skal vere hjå Sigbjørn og Margit på Fagerborg, der det vert juleverkstad frå klokka 18.00 med påfylgjande fest. Vonar mange vil ta turen. Meir informasjon om juleavsluttinga er send ut på e-postlista.
Matpakkesamling
Vi samlar oss for å ete lunsj klokka 12.15 kvar måndag. SmiO stiller med gratis kaffi!
Lagt ut 15.10.06 av Unn C. Fyllingsnes.
Sist oppdatert 9.1.2008 14:42.
Tips ein ven om denne sida