Set av 7. juni, godtfolk. Då vert det kombinert sumaravslutting for SmiO og sleppefest for nyaste nummer av Mål og Makt. Sumaravsluttinga er for medlemer og vener av SmiO, og tek til på ein plen på Blindern klokka 18.00, der me skal grilla og kosa oss i eit par timar før me flyttar oss til RF-kjellaren i Vilhelm Bjerknes hus, kring kl. 20.00. Sleppefesten, som tek til klokka 20.00, er open for alle. Sturle Brustad kjem og les og fortel frå boka "Anarchy in Åmot", som vert meld i Mål og Makt denne gongen. I tillegg vert det kviss og anna moro utover kvelden. Kom til RF-kjellaren torsdag kl 20.00, eller møt oss på plenen klokka 18.00. Velkomen!
Lagt ut 29.5.07 av Elisabeth.
Sist oppdatert 9.1.2008 14:41.
Tips ein ven om denne sida