Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen

>«Fyrebils-Bibelen» frå 1921:

Studentmållagsbibelen

Av alle saker Studentmållaget har hatt føre seg gjennom hundre år, er påfunnet om å gje ut den fyrste nynorske bibelomsetjinga mellom dei mest ambisiøse og oppsiktsvekkjande.

Bibelen kom ut sommaren 1921 og vart prenta i eit opplag på 50 000, som vart utselt i løpet av ein tiårsperiode. Halvparten av bibelutgåva bygde på omsetjingane til Alexander Seippel.

Bla deg gjennom Bibelen ved å bruke menyen til høgre.
Du kan sortere lista etter Det Gamle Testamentet eller Det Nye Testamentet.

Kvifor gav Studentmållaget ut Bibelen?

I den fyrste tida etter at Studentmållaget vart skipa i 1900, arbeidde laget mykje med å lage lærebøker for høgare utdanning på nynorsk. Det fanst knapt slike bøker, og laget gjorde eit svært stort arbeid i samarbeid med universitet, høgskular m.m. for å gjere meir litteratur tilgjengeleg på nynorsk.

Laget gav òg ut bokseriar som «Norske Folkeskrifter», «Klassiske bokverk», «Austerlendske bokverk» og «Bokverk frå millomalderen».

Bibelen var den kan hende viktigaste boka som ikkje fanst på nynorsk, og laget prøvde fyrst å få Bibelselskapet til å ta på seg arbeidet. Det ville dei ikkje, og då gjorde laget som så ofte før: Bretta opp erma og sette i gong med omsetjingsarbeidet! Du kan lese meir om arbeidet med den såkalla «Fyrebilsbibelen» i boka om Studentmållaget, «Studentar i målstrid».

Kvifor er Bibelen på så rar nynorsk?

Dette er 1921-utgåva av Bibelen, og då var språket litt meir konservativt enn i dag.

Takk til SigveSaker!

Bibelen er digitalisert av Stavanger-firmaet SigveSaker. Dei leverer m.a. Databibelen, som inneheld fleire versjonar av Bibelen på både nynorsk og bokmål. Ein stor takk til SigveSaker for arbeidet dei har gjort med Bibelen «vår».

Har du ein Studentmållagsbibel til overs?

Det er omtrent umogeleg å få fatt i Studentmållagsbibelen i antikvariat og brukthandlarar. Vi manglar nokre utgåver, og vil gjerne kjøpe (eller få) dersom du har ein Bibel til overs! Ta kontakt med Erik Bolstad!


Erik Bolstad og Børge Nordbø - gamle Studentmållagsmedlemer - har stått for arbeidet med å få Bibelen ut på nett.


Studentmållaget i Oslo har opphavsrett til Bibelen som ligg på desse sidene. Det er ikkje lov å kopiere eller mangfaldiggjere tekstane på desse sidene utan etter løyve frå Studentmållaget.

Dersom du vil bruke delar av Bibelen i ei oppgåve, artikkel e.l. ber vi deg vise til «Studentmållagsbibelen frå 1921, i digital utgåve på www.smio.no».

Meny

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2017