Av Jone Aareskjold
Henta frå Motmæle 3/00
Som eg ser det, handlar striden om nynorsk fyrst og fremst om respekt. Kva er det som vert respektert og rekna som viktig? I all menneskeleg samhandling er det slik at ei eller anna form for felles reglar og normer må verta respekterte for at samspelet skal fungera. Men stundom er det slik at dei normene som ligg til grunn, grovt favoriserer ein av partane i samhandlinga. Korleis er det med respekt for kultur og språk i Noreg? Kva legg me til grunn for den respekten me har for språket me nyttar? Kva legg me til grunn for respekt for menneske?
Respekt for språkbrukarane
Ein av dei tinga som gjev respekt er å vera i sentrum. Å vera der ting hender – kulturelt, økonomisk og politisk. I nynorsken er det språkleg-kulturelle sentrumet ganske diffust, sjølv om utanforståande gradvis har definert det til å vera ein eller annan stad på Vestlandet. I røyndommen er det slik at det nynorske sentrumsområdet er Noreg, medan bokmålstradisjonen har Oslo Vest som sitt kjerneområde, og elles har gradvis veksande koloniar av kultur ute i den udanna villmarka.
Det som gjer meg arg, er ikkje at folk bur i byar, eller at fleire ynskjer å gjera det. Eg trivst godt i byen sjølv. Det som er gale, er at folk freistar å gjera det å koma frå ein by, og det å bu i ein by, til meir respektabelt enn det å koma frå ei bygd og det å bu i ei bygd. Sjølvhevdinga til bybuarane må gå på kostnad av bygdefolket.
Når ein høyrer byfolk, særleg folk frå Oslo-området, tala om landet generelt, kan ein lett få inntrykk av at Oslo er eit økonomisk kraftpunkt, som diverre vert utsugd av gamaldagse bønder som sit i resten av landet og krev overføringar. Ein av dei fremste talarane for denne oppfatninga har vore Erling Fossen, som NMU har hatt som fiendebilete i «Stogg urbanismen»-kampanjen. Kommunerapporten som kom i år, syner ei anna sanning: Dei økonomiske goda i Noreg vert stort sett produserte på Vestlandet og i kyst-Noreg, og ein ofseleg stor del av dei vert brukte i det sentrale Austlandsområdet.
Det rådande skriftspråket her i landet, bokmålet, stør opp under det Oslo-sentrerte verdssynet, der storparten av Noregskartet vert kvite felt med påskrifta «her er bønder». Bokmålet er det skriftlege uttrykket for den lett oppnorska dansken som vart tala i dei høgare sosiale laga i Oslo då nasjonalstaten Noreg vart utforma. Forventinga er at alle som vil respekterast i det ålmenne ordskiftet, skal gløyma dialekten sin når dei skriv, og i staden apa etter språket til overklassen i Oslo. Folk må språkleg sett «spela på bortebane». Det er her den demokratiske sida til nynorsken kjem inn. For dette skriftmålet byggjer på dei sams draga til dei norske dialektane, og respekterer språkbrukarane, uavhengig av kor dei kjem ifrå. Som eg nemnde tidlegare, plar bokmålsbrukarar i det austnorske språkområdet ofte hevda at nynorsken er eit vestlandsmål. Mange bokmålsbrukarar i til dømes Rogaland og Bergensområdet hevdar på si side at nynorsken er eit nordvestlandsmål. Sanninga er at nynorsken er eit norsk mål, på same måte som nysvensk er eit svensk mål. Aasen var ikkje ute etter å gjera nokon vestlandsdialekt til det samlande språket, han nytta dei eldste, og dermed også dei mest samlande formene, former som var kjende for dei aller fleste i landet. Etter kvart som dialektane har vorte vatna ut med bokmål, både i det sentrale austlandsområdet, i byområde elles i landet, og til dels òg i landet som heilskap, er det ikkje til å unngå at nynorsken har vorte mindre representativ for talemålet til delar av folkesetnaden. Likevel er det framleis slik at tre av fire talar ein dialekt som ligg nærare nynorsk enn bokmål, og enno fleire om ein set riksmål i staden for bokmål.
Av di nynorsken er tufta på mangfald, er han òg betre skikka til å respektera og ta omsyn til språklege grupper som hamnar utanfor det fastlagde systemet. Gjennom riksmålet set bokmålet opp ein normal, og tradisjonelt har riksmålsbrukarar rekna alt som fell utanfor denne normalen, som i beste fall kvardagsleg, oftare som vulgært, stygt og til og med som eit teikn på manglande mentale evner hjå brukaren. Dette ser ein kan henda aller best ved at dei folkelege og norske a-endingane i hokjønn vert nytta til å syna at noko er ufint: Dronningen og kvinnen, men hora og kjerringa.
Respekt for språket
Så kan ein tenkja, som det var vanleg å gjera ei tid, at ettersom me skal respektera alle, same kor dei kjem ifrå, så får me laga oss eit språk der alle har høve til å skriva nett som dei talar, og på dette viset gje alle den respekten dei har rett på. Dette er i samsvar med ei utbreidd oppfatning i Noreg i dag, om at språket berre er eit middel, ikkje som eit mål i seg sjølv. Så lenge ein kan gjera seg forstått på eit vis, er det ikkje så farleg kva språk og språkføring ein har. Men det er ikkje berre språkbrukarane som bør respekterast, men også språket i seg sjølv.
Om språket vert vanvyrdt, er dette ikkje berre eit estetisk problem, for dårleg språkbruk er eit hinder for nett den kommunikasjonen som skal vera målet med språket. Skrivefeil, dårleg språkføring og manglande omgrep om heilskapen i språket, er eit problem som ein støyter på heilt opp i dei øvste laga av akademia. Det same gjeld bruk av engelske faguttrykk, eller til og med daglegdagse engelske uttrykk i språket. Bruken av engelsk, og av framandord frå andre mål, kjem truleg av at språkbrukaren trur at ordvalet hans i seg sjølv kan gje det han har å seia større verde. Og dette er ei felle som den sentralistiske tradisjonen ofte har gått i. Ein kan nytta innvikla ord og omgrep i von om å heva sin eigen autoritet og status, men bodskapen endrar seg ikkje – han vert berre vanskelegare for mottakaren å få fatt i.
Når det norske målet mistar form og retning, vert det meir larm og mindre meining, og difor lyt ein ha ein samlande fylgjestreng normal, slik ein ser han i riksmålet og i den nynorsken Norsk Målungdom kjempar for.
Respekt for soge og kultur
Ein annan ting som kan respekterast eller vanvyrdast, er eiga soge. Ein viktig del av grunnlaget for samlinga om nynorsken var det historisk norske. Den nynorsken som Ivar Aasen skipa til, var ikkje berre eit folkemål, men også eit norsk mål. Ved å byggja på felles drag i dialektane sikra Aasen banda baketter til gamalnorsk, som jo var det målet som dialektane stamma ifrå.
Nærskyld til respekt for eiga soge er respekten for eigen kultur. Frå riksmålssida har det vorte sagt at «Norge er en utpreget kulturimportør». Dette er ei skildring av stoda som ho er no, og dei tykkjest meina at det ikkje er noko å gjera med det. Men det å vera ein kulturimportør er eit val me sjølve må ta. Det handlar ikkje om kor vidt ein vil isolera seg eller ikkje, men om ein er villig til å laga noko sjølv, ikkje berre ta imot frå andre. Slik eg ser det, er det berre nynorsk som er så mykje tufta på å halda ved lag sitt eige, at han er i stand til å halda ved like ein verkeleg norsk kultur i eit stadig meir globalisert samfunn. Ein språkideologi der kulturideologien er at kultur vert porsjonert ut frå sentrum, vil måtta bøya kne når større sentrum kjem stadig nærare og skuggar for den provinshovudstaden som Oslo alltid vil vera.
I tillegg til verdien av å ha mange kulturar i verda, framfor ein globalistisk forbrukskultur og berre den, har kultur og soge ein verdi som samlingspunkt for identiteten til den norske nasjonen. Sjølv om det ofte vert hevda at nasjonsideen er ein historisk konstruksjon som er i ferd med å verta borte, kan det vera lite tvil om at han framleis er svært dominerande for tenkjemåten vår. Kven hadde gidda høyra noko om A-ha om dei var ei middelmådig popgruppe frå Nederland? Nasjonstanken bind oss saman, trass i vid geografisk spreiing og ulik sosial og økonomisk bakgrunn. Stundom kan den norske nasjonalismen ta former som kan gå frå det lett kvalmande, som sjølvhevdinga når norske idrettsfolk gjer det bra internasjonalt, til det groteske, som når tanken er å skilja ut alle som ikkje er «norske nok» og driva dei frå landet. Men eg er overtydd om at nasjonen som storleik er ein god ting: Korleis skulle me vera i stand til å handla politisk, om ikkje folk oppfatta seg som ein heilskap? Kvifor skulle folk på Sinsen eller i Stjørdal nyta godt av olja i Nordsjøen, om ikkje vestlendingar rekna dei som del av den same heilskapen som dei sjølve? Nasjonaliteten gjev oss fastare grunn å stå på, og skapar samhald meir enn splitting.
No
Kvifor nynorsk? Av di nynorsk held fram ein tradisjon der språkbrukaren har respekt for seg sjølv og respekt for andre. Nynorsk skriftspråk byggjer på talemålet til fleirtalet av språkbrukarane her i landet. Dette målet respekterer både språkbrukarane og språket.
Likevel vil mange hevda at same kor mange gode sider nynorsken har, så manglar han brukarar og vyrdnad i det norske samfunnet, og difor meiner dei at det er meiningslaust å strida for han, av di han er dømd til å døy ut.
Det er rett at nynorsken har langt færre brukarar enn bokmålet, men likevel er det ikkje så reint få som nyttar dette skriftmålet her i landet. Om ein samanliknar nynorskprosenten i landet i dag, med nynorskprosenten i 1905, så kjem me svært godt ut.
Framtida
Det er viktig å hugsa på at historia jamt over er prega av raske og uventa endringar. Og dei som spår om framtida, gjer det ofte meir på grunnlag av eigne ynskje, enn ut ifrå røynleg evne til å sjå kva som kjem. I 1977 sa Ken Olson, president for Digital Equipment Corporation: «Det finst ingen grunn for noko menneske til å ha ein datamaskin heime.» Bill Gates trudde fram til 1996 at internett ikkje hadde noko framtid. Begge kom med spådommar som samsvara med deira interesser og fordommar. Slik er det også med framtidsvarsla til nynorskmotstandarane. Vonleg tek dei like feil som Olson og Gates gjorde.
Ingen kan med visse seia korleis framtida vert, me må sjølve freista å skapa den framtida me ynskjer. Det er fullt mogleg at alle - som skriv norsk - skriv nynorsk om hundre år. Det er opp til oss.