Det nasjonale ut or folkegrunnen

Av Håvard Tangen
Kronikken er henta frå Eg 2/3-96

Når me skal gjeva ei utsyn over grunntankane til Aasen, vert det jamt so at me byggjer på ei tolking. Dersom me skal lesa og få med oss kvart grann av det Aasen sa og skreiv, må me gå til kjeldene, skrifter i samling. Der står alt samla. Men det må òg vera lov å draga ut og lyfta fram serskilde framskotne sider ved verket til Aasen, som me kan seia ligg nærare kjernen i målstrevet hans. Utdraga og understrekingane kan skifta etter den som legg det fram, for tolking er støtt andrehands arbeid. Aasen slepp ikkje til orde lenger. Aasen-granskarane har lagt lag på ymse sider ved tankeheimen hans, ideologien hans. Det teoretiske verket hans har få drege i tvil. Om det har lovorda vore mange. Når det derimot gjeld drivmakta og kjernetanken som sette Aasen i gang, har usemja vore klår og tydeleg. Halvdan Koht, Gustav Indrebø, Dagfinn Worren, Stephen Walton og Kjell Venås har alle hatt kvar si meining om kva for syn som låg djupast til grunn hjå Aasen, og den siste av desse, Venås, har òg sett strek under det. Kor som er, det fritek ikkje Venås sjølv frå å vera ein tolkar av Aasen. Ein Aasen-biograf vel alltid noko, vandar anna. Heller ikkje det som no skal fylgja, er ei "upartisk" attgjeving av Aasen, som om noko slikt fanst. Denne framburden kjem til å byggja på noko av det andre har sagt, men det skal òg hentast fram hermingar beinveges frå Aasen-skriftene. Dei av dykk som har tid til å lesa Aasen, burde tinga boka "Om grunnlaget for norsk målreising" som Vestanbok forlag gav ut i 1984. Stephen Walton har skrive ei sterkt polemisk innleiing til boka, eit godt døme på korleis ein kan vrida Aasen til ein mest undrast på kva som er den eigenlege meininga hans. Aasen-skriftene som er samla i denne boka, er i alle høve vel verde å lesa.

Livsmanifestet 1836
Då Aasen var 23 år gamal og var huslærar på garden til Ludvig Daae i Skodje på Sunnmøre, sette han seg til å skriva eit målpolitisk manifest, eit skrift som vart ein vegvisar for alt arbeidet han gjorde sidan. I stykket, som han kalla "Om vort skriftsprog", la han for fyrste gong fram planen sin for å reisa opp att det norske målet i skrift. Han synte ikkje skriftet til nokon, og det vart fyrst utgjeve snautt tjue år etter han var daud (1909). Alt i fyrste setninga av stykket kjem Aasen inn på det nasjonale verket den norske målreisinga skulle vera:

Efterat vort Fædreneland atter er blevet hvad det engang var, nemlig fritt og selvstændigt, maa det være os magtpaaliggende at bruge et selvstændigt og nationalt Sprog, eftersom dette er en Nations fornemste Kjendemærke.

Etter 1814 var ikkje Noreg lenger ein provins av Danmerk, i breidd med Jylland og Fyn, men eit sjølvstendig rike. No galdt det om å vera sjølvstendige både i riksliv og målføring, og då kunne ikkje dansken få råda i Noreg.

Endå om dansken hadde rådt i lange tider i skrift, levde norsken enno på folkemunnen. Det var ålmugen eller "den ringere anseede Klasse" som Aasen òg kallar det, som hadde halde på det heimrøtte, norske målet. I Noregs vanmakts-dagar hadde dansken fått taka det fremste romet i landet. Nordmennene let seg rett og slett råda av danskar. Men Aasen har ein appell, ei oppmaning til å velja det norske målet no i den nyvunne sjølvstendetida: Det er ikkje uråd å vinna attende målet som forfedrene let gå frå seg. Nasjonalæra krev at me vel det norske. Det norske folket skal velta av seg den nasjonale skamma og vanheideren.

Bonden er bergingsmannen for det norske målet, skriv Aasen. Det er eit radikalt brot med den gjengse meininga i samtida om at bøndene tala eit opphakka og villvakse dansk. Rett nok fanst det sjølvsagt folk frå overklassa som tykte det var rørande og kløkkjande at bøndene tala eit mål som skilde seg ut frå deira, men dei folkelege kulturdraga vart jamt sette under ei glasklokke til pynt og pryd. Soleis kunne det nasjonale koma på mote i Kristiania i slutten av 1840-åra, utan at det låg anna under enn å syna fram folkelege pastisjar berre for kunsta si skuld (jfr. Sæterjentens søndag). For overklassa i byane vart nasjonale straumdrag i kulturlivet å likna med nye motar frå Paris og London.

På same vis som opplysningstida hadde oppdaga og skilt ut omgrepa folkesuverenitet og naturrett, kom romantikken og nasjonalromant-ikken, som fylgde rett etter, til å peika på det folkelege, nasjonale; den historiske veven som batt folk i hop i nasjonar. Folkediktinga, som før hadde vore svivyrdt, kom no etter kvart fram i ljoset, og diktinga frå mellomalderen vart funni fram att. I England fekk Shakespeare ein renessanse i denne tida.

Det var denne samfunnsråma Ivar Aasen steig fram i mot slutten av 1830-åra. Det nasjonale målet han ville setja opp, skulle stå tufta på målføra i Noreg, ikkje på ein sosiolekt som høyrde eit serskilt sosialt lag til. I skriftet "Om vort Skriftsprog" kallar han dansken tri stader "det københavnske sprog" og legg dermed i dagen kva han meiner er det rette nasjonale: Eit mål som femner om heile landet, ikkje ein liten sentrumslut der dei mektigaste bur. Ein lut av landet, endå om han var aldri so mannsterk og folkerik, skulle ikkje få avgjera oppsetet på nasjonalmålet. Med dette kravet er Aasen visseleg ein djerv nybrotsmann.

Jamvel om norsken var eit sjølvstendig mål, dulde ikkje Aasen for nokon at målet var nærskyldt både dansk og svensk, ikkje minst svensk sidan målføra langs riksgrensa hekk saman. Men som Aasen skriv treng me ikkje gå utanom grensene etter eit mål: Me skal leita i våre eigne gøymsler. Før me låner frå andre, må me sjå etter kva me sjølve eig.

Prosjektet til Aasen var å reisa eit nytt norsk mål frå grunnen av. Ein sakte reformasjon a la det Knudsen kom til å tala for, hadde Aasen lita tru på. Dersom målet skulle få vakla frå det eine til det andre, so folk til sist ikkje visste kva dei skulle halda seg til, kunne: "det rette Nationale (...) vige for det Fremmede, at nemlig Folkesproget, og ikke Skriftsproget, bliver det, som reformeres."

Dette var åtvaringa frå Aasen mot det knudsenske målstrevet og målreformismen ålment. Ser me på samtida vår i dag, er det tydeleg at det dominerande skriftmålet påverkar daglegtalen og folkemålet so mykje at talemålet misser mange av dei norske serkjenna sine. Det ser ut til at bokmålet har meir makt i seg til å fastleggja framtidmålet enn talemålet.

Aasen visste godt at målreisingsarbeidet hans kom til å møta mykje motstand. Fordom og vane var då som no ein barriere landsmålet måtte brøyta seg igjennom. Det norske folkemålet sakna den prestisjen som det tilvande danske målet hadde. Men Aasen hadde skjøna på ordskiftet mellom akademikarane i Kristiania at det fanst eit ynske om eit norsk mål. Kor som er, medan desse velskula kristianiabuane greidde seg godt med dansk livet ut, var det berrsynt at storslumpen av folket, bonde- og arbeidarklassa, trong den sosiale oppreisinga som måltanken til Aasen bar i seg.

"Det har altid smertet mig bittert, naar jeg hørte vort Almuesprog krænkes og belees, enten af velklædt Uvidenhed, eller af en rigtignok velmeent Renselses-Iver." No måtte fordomane setjast til sides. Det som før hadde vore kalla "plattheter" var derimot "norskheter". Aasen snudde dermed opp-ned på det som var den vanlege verdirangeringa på 1800-talet.

Folket kan få daning utan danskdom. 1857
Det var i 1857 at Ivar Aasen skreiv artikkelen "Om dannelsen og norskheden", og då meinte gjerne dei som ville vera på parti med framsteget at kulturen ute mellom folk flest var til meins for framgang i velstand og levekår. Eliten i samfunnet tykte at "de udannede" i grunnen var ein mellomting mellom folk og fe. Daninga slik Aasen ser på henne, er noko alle kan nå fram til når dei samlar lærdom og kunnskap på livsvegen sin. Det gjeld om å styrkja og vida ut evnene sine. Daninga skal føra til fredeleg og hyggjeleg samliv, ærlegdom og sedskap i framferda. Dersom folk med store kunnskapar driv med drukkenskap, lauslivnad og sjølvgodleik, er det noko gale med daninga deira. Aasen heldt fram at norskdomen ikkje var til hinder for den rette daninga, og at ein godt kan vera svært opplyst om ein bur i ei røykstove, søv på halm, sit på ein benk, et graut og sild og går i heimevyrkte klede. På hi sida kan ein vera svært udana og fåvitug om ein bur i eit staseleg hus og kleder seg etter dei nyaste moteteikningane frå Paris. No er det soleis at ikkje alle har tid og høve til å nå toppmålet av opplysning, men Aasen meiner mange kan koma eit godt stykke på vegen med ein god vilje. Viljen dreg halve lasset. Dessutan kan me råka på svært klår tenkjemåte hjå folk i fattige bygder endå om dei ikkje har so stor kunnskap.

"Således kan man da troe at et vist Maal af Dannelse er muligt eller kan finde Sted i enhver Stand og Næringsvei, i Bygderne saavelsom i Byerne, i smaa Huse saavelsom i de store." Den klassa i Noreg som hadde ord på seg for å vera dana, hadde ikkje monopol på daninga i landet. Det er visse stand som har hatt serskild "Leilighed" til daning, men det er dermed ikkje sagt at dei er "dannede" i røynda. For som Aasen nemner, er det sume som er frie for alt tungt arbeid og difor har betre høve enn andre til å samla seg kunne. Men slike omstende må ikkje villføra oss til å tru at daninga støtt finst i eit stand og aldri i eit anna. Aasen talar om ei falsk daning, som går ut på å apa etter sed og skikk frå utlanda. Desse skikkane vert so å seia ikjøtinga av daninga, og dermed hamnar daninga i same sekken som "Fornemhed" eller stormannsvis. Aasen seier det er eit stort mistak å blanda saman stormannsvis og daning. Han har lagt merke til at mange trur at å leggja av seg gamal levevis og gamalt mål er teikn på åndeleg framgang. Etter Aasen si syn kan daninga gå greitt i hop med dei skikkane som folk har fått i arv. Dei same skikkane har då folk føre dei nytta og kunna nytta utan nokon umake. Men sidan dei mektigaste og mest høgvyrde folk i landet tidt tek etter skikkane frå utlanda, kjem dei til stå til mønster for etterfylgjing mellom resten av folket. Då kan det snart vera likt til at ein framand skikk har rang føre skikkar frå heimlandet.

Sidan kjem Aasen inn på omgrepa nasjon og nasjonalitet, eller landslyd og folkedøme som han set dei om til. Sjølvsagt har Aasen klårt føre seg at skikk og sed skifter frå stad til stad, frå landslut til landslut, men han peikar òg på kor lett folk har for å festa seg ved det som skil og ikkje det som samlar. "Ulighed er altid lettere at merke enn Lighed." Mykje av ulikskapen er komen fram når folk har lagt av seg den gamle levemåten og retta seg etter den framande kulturen som har vore på einsidig innsig i lang tid. Det har ikkje funnest noko føredøme av ekte norsk form som kunne skapa einskap og samhald i landet. Derimot har det økonomiske tyngdepunktet i byane gjort den innførde overklassekulturen til eit ideal som har gjeve den norske kulturen trongare kår.

Jamvel om danskeveldet tok frå Noreg sjølvråderetten, var det greitt at nordmennene sjølve måtte taka sin lut av skulda for at skriftmålet vart dansk i landet. Ulikt islendingane forsømde nordmennene seg med å odla målet sitt, og då skulestellet vart utbygt i Noreg frå 1700-talet og utetter, vart dansken meir og meir fastrøtt. Denne framstemna vart endå klårare etter 1814. Norsken hadde mist prestisjen. Oppkomingane, kræmarane og forretningsmennene, vakta og vara seg vel for å nytta norske ord. Med andre ord: Atterreisinga av det norske riket etter 1814 vart inga oppreising for norskdomen. Difor kjem det som eit hjartesukk frå Aasen at han ikkje kan ha so mykje ans og sans for den folkeopplysning som går føre seg i samtida si som den opplysning på norsk grunn han helst ville ha.

"Dersom den almindelige Oplysning skal kjøbes med en Bortkastelse af Landets gamle Tungemaal og en Fordømmelse af alle gamle Landsskikke, da er den dog sandelig dyrt kjøbt alligevel."

På Aasen si tid var det òg vanleg tale at det ikkje fanst noko eige norsk, og at dansk difor måtte reknast for norsk (jfr. salongfilosof-ane i vår tid som hevdar at det norske er oppdikting). Difor såg dei førande i Aasen si samtid heller ikkje noko i vegen med å sleppa inn over seg all slag utanlandske omgrep frå engelsk, fransk og tysk. Det norske målet vart med vitende og vilje borttagt og bortlagt. Den slag omskaping som det på den vis vart lagt opp til i kulturlivet i Noreg, kunne gjera mykje ugagn. For når ingen skikkar fær lov til å få fast fot før dei vert stempla som gamle, kjem folket til å streva med omskaping og utskifting i eininga. Då kan ingen verta trygge på sitt eige liv og på at levemåten deira har verd og meining.

På Aasen si tid vart det òg sagt at det norske folket var for lite til å ha noko for seg sjølv. Det måtte ikkje stengja seg av frå omverda. Desse tonane gøymer seg enno i retorikken til ein bra slump av samfunnssynsarane og -vitarane. Aasen syner bort desse påstanda, for: "Man afsondrer seg ikke fra Verden ved det at man holder paa sin Landsviis og sit Landsmaal; thi netop det same gjør den øvrige Verden ogsaa, idet ethvert Folkeslag har sit Maal og sine Sæder for sig selv."

Dei som seier at me må knyta oss nærare resten av verda og so held på dansk, talar uvitug. For dansk er berre eit lite mål i den store samanhengen, det med. Aasen vedgår gjerne at nordmennene er eit lite folk, og det er ein lei ting for den som har "ærgjerrige Tanker og tragte efter megen Magt og Anseelse i Verden". So lenge me er nøgde me det landet me har og helst vil leva i fred med grannane, er det ikkje so gale å vera småe.

Sedene og levemåten, ættemerka som Aasen kallar dei, er band som styrkjer samhaldet og samkjensla mellom folk flest. Dersom eit stand eller ei klasse vil skilja seg ut med framandt mål eller framande seder, kan det ikkje ventast noko samhald lenger. Berre når folket går saman om å halda på og gjera det åndelege arvegodset betre kan det verta framgang for kulturlivet. Å vraka den lærdomen og den livskunnskapen som forfedrane so mødesamt har spart opp, ville vera svik både mot fedraminnet og mot oss sjølve, skriv Aasen.

No er det ikkje so at Aasen meiner samfunnet skal stivna fast i gamle far og aldri taka opp i seg nyvinningar og nytt utstyr. Sumtid kan det vera heilt påkravt med nye hjelperåder (t.d. når det gjeld våpen til krigsbruk). Det me skal akta på i samfunnsvoksteren er at kvart eit nyskifte vert eit røynleg framsteg, ei sann ombøting, ikkje nokon tankelaus overgang til ein ny mote. Visst trengst det betre husrom, kraftigare kost, meir høvelege senger og større reinsemd i Noreg. Men "Skinforbedringer" og "Sammen-skrabelse af Stas og Fjas" kan me greia oss godt utan, tykkjer Aasen.

Tungemålet var det fremste ættemer-ket, slik Aasen såg det. Han meinte det var eit tryggare merke enn den so mykje omtala nasjonalkarakteren. Aasen tykte dette var ein vanskeleg ting å få tak på. Stundom vart det sagt at nordmennene var lettsindige, andre gonger at dei var alvorsame og spak-lynde. Det einaste Aasen kunne slå fast på grunnlag av det var dette fanst båe slaga i Noreg og at me ikkje skilde oss mykje frå andre i det stykket.

So lenge me talar norsk, kan me kalla oss nordmenn, skreiv Aasen. Om norsken kom bort, kunne ikkje nordmannsnamnet ha mykje på seg lenger. Folk måtte skjøna at det målet som rådde i Noreg var dansk og ikkje norsk. No fanst det mykje i dansken som kunne kallast norsk, av di dei to måla hadde sams rot langt attende i tida. Men det norske målet som hadde vakse fram frå norrønt, levde enno i målføra. Ei mellomform av målføra skulle verta grunnlaget for å atterreisa det norske skriftmålet.

Sume skulda på at det historiske naudsynet, med læresetninga om at ei gjerning som ein gong er gjord, ikkje kan vendast, hadde avgjort lagnaden til norsken. Norsken skulle ha so mykje imot seg at det var uråd for honom å koma til velmakt att. Aasen meinte det var gale å tenkja soleis. Når folk har lote røyna ein stor urett eller ei skam, so plar dei til vanleg sjå etter om det ikkje finst nokon utveg til å få retta på skaden. Nett i høve til det norske målet baud det seg fram ei løysing, som rett nok kom til å vera kraftkrevjande, men som like vel var klårt utforma: Å gjeva det norske målet oppreising. Arven og arvingane fanst enno til, og det var eit spørsmål om vilje og medvit om denne kulturarven som kunne lyfta det norske målet fram att.

Nokre blad frå den fyrste målstriden i avisene. 1857-58
Mot slutten av 1850-åra byrja det verta fleire som tok det norske landsmålet i bruk. Aasmund O. Vinje opna bladet "Dølen" i 1858, og Jan Prahl skreiv den merkelege boka "Ny Hungrvekja". Då var det fiendane til målrørsla ana uråd og sette inn dei fyrste åtaka mot den norske målreisinga. I denne tida skriv Aasen to lange innlegg om målspørsmålet: Om Sprogsagen (på dansk) og Minningar fraa Maalstriden um Hausten 1858 (på norsk). I det fyrste skriftet held han fram at det finst og trengst eit sjølvstendig norsk mål. Når motstandarane hans seier at det er nok med ei sokalla norsk grunnstemning i det som vert skrive for at det skal kunna kallast norsk, tykkjer Aasen det vert for uhandgripeleg og lufteleg. - Det er heller ikkje noko mystisk med at norsken er sett opp i moderne tid og gjennomførd etter ei idealform. Alle skriftmål har no ein gong vorte skriftfeste, og ein gong må verta den fyrste. Når det vert sagt at nordmennene ikkje skjønar alle orda i norsken, kan det so vera. Til det skriv Aasen: "Det er umuligt at skaffe Folket et Sprog, som er saadant, at hvert Menneske strax forstaar hvert eneste Ord." Eit skriftmål treng òg abstrakte og teoretiske ord og ordlag, og slikt må lærast. Når det galdt opplæringa i dansk i den norske skulen, var det greitt at den norske ålmugen kunne læra seg dette målet. Ja, dersom det vart gjort åtgjerder for det, kunne nok folk læra seg tysk i skulen òg. Aasen meiner like vel at norsken er det lettaste målet for det norske folket so lenge det fær rettleiing og hjelp på vegen. I fyrstninga kan det nok vera vanskeleg å venja seg til dei skrivemåtane norsken krev, men etter kvart kjem det til å gå lettare med norsk enn med kva for eit anna mål som helst.

Aasen har òg høyrt gjete frå motstan-darane sine at det norske målet inneheld daude og ukjende ord. Til det svarar Aasen at dei ikkje kunne jamføra orda med dyr, som ein gong plent måtte døy og aldri koma til live att. Det er ikkje noko i vegen for at sjeldsynte ord kunne vinna ny utbreiing, på same vis som folk opp gjennom tidene har lært seg å meistra nyinnkomne ord frå framande mål som fransk og tysk. Det er gjerne det lettaste å låna frå andre mål, men ikkje nettopp det rettaste, meiner Aasen. Den framande ifyllinga som måla soleis fær i seg, er ikkje noko vilkår for å vera kulturmål:

"Det er de nye Tanker, og ikke de nye Ord, som skulde komme Kulturen til gode." Det beste og fremste i målet er noko radt anna enn ein rikdom av framand prydnad, skriv Aasen, og held på at dei norske skrivarane måtte hegna om dei norske orda og ordlaga, den gamle nasjonale ordleggjingsmåten som han kalla det. Folk skulle ikkje vera skvetne når dei møtte nye norske ord. Ein lærer alt det som ein tykkjer er umaken verdt å læra, og som ein lærer tyske og engelske ord, kan ein læra seg norske.

I skriftet "Minningar fraa Maalstriden" går Aasen noggrant fram, gjev fyrst ei utsyn over dei vanlege motlegga mot den norske målreisings-planen og legg so fram eit hugheilt forsvar for landsmålet og grunnlaget for målreisinga.

Fyrst går han imot dei som meiner oppnorsking av dansken er ein farande framveg for å få norsk mål i Noreg. Han syner til det norske innslaget i dansken, som er foruroande lite og ustøtt. I staden for å sjå på kor mykje norsk Holberg kan ha ført inn i dansken, skulle me sjå på kor mykje dansk han har ført inn i Noreg med bøkene sine. Det er uskil og urett både mot danskane og nordmennene å kalla dansken norsk.

Dessutan vart det hevda at det norske folket ikkje kunne velja mål for seg sjølv. Det skulle vera ein falsk føresetnad. Aasen tykkjer det er ille om dét skulle vera sant. For endå om mange folk og landslydar hadde vorte nøydde til å nytta eit anna mål og at tyrannane hadde fått råda med målvalet deira, var det ikkje gjeve og fastslege at det måtte gå like eins med det norske folket. Den som har måtta leva under framandt herredøme og lide mange tap med det, har ikkje dermed tapa retten til å hevda sitt eige, slær Aasen fast. Det innførde målet har ingen rett utan den som makt og ovrike kan gjeva det, men den retten varer ikkje lenger enn det makta varer. Det er grunnsetninga om at skriftmålet skulle avgjerast etter hervinningsretten, etter påbod frå okkupanten og medhjelparane hans, som er falsk. Når det vart sagt at folket skulle berre læra og ikkje mukka, må nokon taka til motmæle og vera talsmann for den målkulturelle sameiga folket ber mellom seg.

Ei anna innvending som vart reist mot målreisinga, var at bøndene ikkje var nokon nasjon. Tvert om vart det påstade at bøndene var eit stand som i mange hundreår hadde levt på eit barbarisk steg. Aasen var samd i at bøndene ikkje var nokon nasjon for seg sjølv, men det var endå visst at dei til saman var ein stor lut av folket. Og embetsmennene var like lite ein nasjon som bøndene var det. Det var berrsynt at bøndene trong opplysning og at det norske målet trong dyrking, men det var ravgale og rått å seia at målet åt bøndene ikkje var stort likare enn rauting som ein høyrer av feet, som var folket jamhøgt med feet etter vit og tenkjeevne. Dersom det var noka vinning med kulturmålet som embetsmennene rosa seg av, at det i røynda samla i seg tankar for det ålmennelege menneskevitet, måtte det ha ord som kunne ombytast med ord frå kvart mål. Tome ord med etterherming av samkvæmeformene til storfolket i andre land var det ikkje noko gagn i. Då var dette lovsungne kulturmålet eit mål som ikkje kom folket ved.

Sjølvstende og nasjonalt andsvar. 1864 og 1881
I fortala til den norske grammatikken frå 1864, set Aasen fingeren på frambrotet av dansk i Noreg. Det var ikkje fyrst og fremst tvang frå Danmark som førde til skriftmålsskiftet i landet. Tilhøva gjorde det slik at hovdingestandet i Noreg ville gjera dei danske standsbrørne sine til lags og gjekk over til å skriva dansk. Målbytet må ha vore møtt med likesæle, for det finst ikkje vitnemål om nokon nemnande norsk motstand mot dansken. I slike saker er det gjerne hovdingane som fær råda; dei kan fremja heimlandsmålet og hjelpa det opp, men dei har òg makt til å skuva det til sides. Dei norske hovdingane valde det siste. Dermed hadde Noreg vorte eit målkløyvt land, og den norske ålmugen måtte læra seg to mål: "Men i Stedet for at Byrden af Sprogenes Ulighed skulde falde paa en enkelt Stand, som netop havde den bedste Leilighed til at tænke paa slige Ting, er denne Byrde kommen til at falde paa selve Folket, paa den tusinde Ga-nge større Almue, som allermest kunde trænge til en Lettelse og ialfald til Befrielse fra unødig Møie."

Trælkinga av det norske målet auka på etter 1814. Folk som strøymde til byane og ville opp og fram i samfunnet, la vinn på å tala dana. Dersom dei skulle tala det målføret dei var oppvaksne med, ottast dei at andre kunne sjå på dei som udana. Like fullt heitte det seg at folk tala norsk, for etter 1814 hadde norsk vorte eit heidersmerke, eit merkeord som alle ville ha på si side. Aasen fortel at ein verknad av denne nemningsbruken (eller helst -misbruken) var at folk som tala målføre, fekk vita at målet deira logisk nok ikkje kunne vera norsk so lenge det veik av frå det målet som no vart kalla norsk.

I "Atter-førsla" frå 1883 kjem Aasen endå ein gong inn på dei norske hovdingane som forsømde det nasjonale andsvaret sitt og valde dansk. Han peikar òg på dei norske målføra som greiner av same stuven, alle med rot i gamalnorsk og med tydeleg skilnad frå dansk.

Det danske skriftmålet hadde i fyrste rekkje vore ei sereige for dei laga av folket som var framande for eller ville vera framande for resten av folket. Når dansken stod fram som det rette mønstret, vart bygdemåla jamt sedde på som utskjemde og forvridne. Den eine bygda kunne le av det rare målet i den andre bygda (og omsnutt), og soleis visste styringsmennene å spela bygdene ut mot kvarandre.

Målet er det tryggaste merket på folkeslaget, skriv Aasen:

"Eit Folkeslag kann vel merkja seg ut fraa andre ved Flagg og Fanor, ved Riksvaapen og Skjold-merke; men alt detta er daa berre som eit Bumerke elder ei Utanpaaskrift, medan derimot Maalet er nokot som viser inn i sjølve Hugen og Tankelaget hjaa eit Folkeslag" Målet er sjela i landslyden, hermer Aasen frå ein hollandsk målkjennar.

Når det vert sagt at den norske målreisinga er uviktig og at andre saker må gå føre, skriv Aasen: "Der er ingi Tvil um, at Landet vilde standa lika godt, at Gras og Korn vilde vekse lika viljugt, at Kyrna vilde mjølka lika godt, at Fisken vilde siga aat Landet lika tidleg (...)" ...dersom dei skreiv dansk eller eit anna mål i Noreg. Men menneskelivet er meir enn kappstrev i matvegen. Me må ikkje koma so vidt at me vyrder andre folk og framande mål so høgt at me gløymer å gjera rett mot vårt eige. Jamvel om det norske er eit lite folk og norsk ikkje er noko vidfemnt mål, har me endå noko som me kan kalla vårt eige. Det er gjævare å stå på eigne føter med eit eige mål enn å gå opp i eit større rike og eit folkesterkare mål, tykkjer Aasen og syner til kor lett mange har for å apa etter det dei store folka har funne på. Målet skal vera til gagn for heile folket, og då må målet byggja på erveminna og ættemerka, stutt sagt kulturen, som gjennom hundreåra har levt i lag med folket sjølv.

Sluttord
Me har no fylgt Ivar Aasen gjennom seks av skriftene hans over eit tidsspenn på om lag femti år, frå 1836 til 1883. Ein raud tråd som går gjennom alle skriftene hans, er påvisinga av at det norske folket har eit sjølvstendig mål og at dei har ein skyldnad til å gjeva det norske målet oppreising dersom det vil kalla seg eit norsk folk. Det nasjonale ligg hjå den norske ålmugen, "den ringere Klasse" eller bøndene, ikkje hjå embetsmennene eller overklassa i byane. Aasen snur dermed opp-ned på den vanlege verdiskalaen og set dei norske målføra i høgsætet i staden for dansken. I motsetnad til embetsmanns- og borgarklassa ville han henta det nasjonale ut or folkegrunnen, det arvegodset vanlege folk, bønder og arbeidarar, hadde fått i arv, og vyrdsla og halda fram det til det fremste merket for nasjonen. Berre når ein byrja frå grunnen av, kunne det norske målet få det romet som det burde ha i eit fritt og sjølvstendig Noreg. Men når det norske målet skulle inn, måtte det andre målet, dansken, vika. Det låg difor ei utbjoding i det norske målet. Soleis kom Ivar Aasen til å løysa ut ein av dei viktigaste og mest langvarande stridane i soga til det moderne Noreg.