Språkkamp i Tibet

Av Heidi Fjeld
Henta frå Motmæle 2/99-

Tibet dekkjer 1,2 millionar kvadratkilometer mellom India og Kina, og har ofte vore kalla verdas tak av di området ruvar gjennomsnittleg 4000 meter over havet. Sidan Tibet blei okkupert i 1951 har landet blitt delt mellom fem ulike provinsar i Kina. Det vi omtaler som Tibet i dag, er den største av desse provinsane, Tibet Autonome Region (TAR). TAR utgjer om lag halvparten av det opphavlege tibetanske området.

Det er om lag 6 millionar tibetanarar. Meir enn 120.000 bur i eksil i India, Nepal eller Europa og USA. Det tibetanske språket høyrer til den tibeto-burmesiske språkgruppa, og er ikkje i språkfamilie med kinesisk. Denne artikkelen skal handle om tibetansk språk som ein viktig del av tibetansk identitet, og nokre av problema knytt til eit politisert språk.

Frå sjølvstendig stat til provins i Kina
Fram til den kinesiske okkupasjonen i 1950 var Tibet ein sjølvstendig stat, med sin eigen hær, eige pengesystem og flagg, frimerke og diplomatiske samband. Og det viktigaste av alt, tibetanarane oppfatta seg sjølv som ein nasjon. Det tibetanske språket og den buddhistiske trua sameina tibetanarane på det veldige fjellplatået.

Allereie eit år etter revolusjonen i Kina (1949), gjekk Folkets Frigjeringshær til åtak på Tibet, og den vesle tibetanske hæren – utan trening og våpen – makta ikkje å stå i mot åtaka. I 1959, ni år etter åtaket på Tibet, måtte Dalai Lama flykte til India, og han leier no den tibetanske eksilregjeringa frå Dharamsala nord i landet. Tibetansk gut I løpet av dei snart 50 åra Tibet har vore okkupert har 1,2 millionar tibetanarar mist livet, tusenvis er fengsla, dei aller fleste av dei gamle klostra i landet er utsletta og tusenvis av kvinner har blitt tvangssteriliserte. År med kollektivisering, følgde av ti år med kulturrevolusjon, har ikkje berre øydelagt den materielle kulturen, men også gått til åtak på tradisjonsverdiar som språk.

Assimilering er målet
Generelt har kinesisk minoritetspolitikk eitt uttalt mål: total assimilering. Dette gjeld også for dei såkalla autonome regionane. Som ledd i assimilasjonspolitikken blir det flytt kinesarar frå Kina til Tibet. Tala er uklare, men i den tibetanske hovudstaden Lhasa er tibetanarane no i mindretal. Utanom dei mest naudsynte sosiale relasjonane, som på skular og i arbeidslivet, er det liten kontakt mellom tibetanarar og kinesarar.

Identitetskonfliktar
Tibetanarane er annanrangs borgarar i Tibet i dag. Det er eit enormt kulturelt press frå den kinesiske majoritetskulturen, og tibetanarane opplever dagleg rollekonfliktar i møte med kinesarar. Dei sosiale reglane er definerte av kinesarar og tibetanarane må løyne den tibetanske identiteten sin og framheve si kinesiske side. Buddhistisk praksis, som er ein viktig del av tibetansk identitet, er også underlagd store innskrenkingar, og delar av den må gå føre seg i løyndom.

Tibetansk i dagleglivet
Offisielt er Tibet tospråkleg, men slik er det ikkje i praksis. Diskrimineringa av tibetansk språk kjem klarast fram i skulen og på arbeidsplassen for dei fleste tibetanarane. På dei aller fleste arbeidsplassane blir kinesisk, både munnleg og skriftleg mest brukt. Alle dokument blir skrivne med kinesiske teikn, og det blir forventa at alle kan kinesisk flytande. Utan kinesisk er få jobbar tilgjengelege. På dei tibetanske skulane blir tibetansk brukt som undervisningsspråk berre frå 1. til 5. klasse. Dette får ekstra uheldige konsekvensar fordi undervisninga fyrst inkluderer lese og skrivearbeid av særleg omfang etter 5. klasse.

Språk er politikk
Det har vore ulike forsøk på å endre den vanskelege situasjonen i skulen, blant anna eit prosjekt der somme klassar skulle få undervisning på tibetansk i alle fag. Prosjektet blei sett i gang i 1989, og 54 elevar deltok. Like før elevane skulle uteksaminerast i 1995, blei det til då vellukka prosjektet lagt ned av styresmaktene, trass i at elevane, foreldra og lærarane var svært nøgde med forsøket. Etter det har det vore svært vanskeleg å forhandle om utvida bruk av tibetansk i skulen.

Det er tydeleg at dei kinesiske styresmaktene motarbeider auka bruk av tibetansk trass i lovvedtak som skal sikre bruken av tibetansk i Tibet. Dette heng fyrst og fremst saman med at tibetansk språk blir nært knytt til buddhismen, som igjen blir knytt til frigjeringskampen.

Tibetansk buddhisme er bygd på skrifter nedteikna på tibetansk, og språktradisjonane er mellom anna difor sterkt knytte til heilagdom heller enn det verdslege. Språket var, og til dels er, sett på som heilagt fordi det formidlar Buddhas ord og bøner. Før den kinesiske okkupasjonen fanst det svært få verdslege bruksområde for skriftleg tibetansk. Denne nære koplinga mellom språk og religion blir problematisk om ein ser på forholdet mellom religionen og frigjeringskampen og særleg i lys av Dalai Lamas rolle. Dalai Lama har ei dobbelttrolle for tibetanarar. Han er både den politiske leiaren og den øvste religiøse leiaren (ein levande Buddha). Dei religiøse aspekta av leiarskapen hans gjer at han alltid kjem til å vere ein svært vesentleg person for dei buddhistiske tibetanarane. Dei aller fleste tibetanarane ser på Dalai Lama som leiaren av Tibet, og stør kampen han fører for sjølvstyre. Dette er eit stort problem for dei kinesiske styresmaktene. I løpet av dei siste 50 åra har tallause politiske kampanjar blitt lanserte for å svekkje den politisk opposisjonen, men utan hell. Politiseringa av det tibetanske språket og den manglande evna til styresmaktene til å stagge den politiske opposisjonen, gjer kampen for utvida språkrettar i Tibet vanskeleg.

Vanskar
Tibetansk språk og buddhistisk tru er ein viktig del av tibetansk kultur og identitet. Sidan 1997 har dei politiske kampanjane vore retta mot tibetansk kultur og språk gjennom eit sterkt negativt fokus på tibetansk identitet. Trass i at tibetanarar er sterkt opptekne av kulturbakgrunnen og kultursoga si, og det særeigne tibetanske språket, kan ein etter kvart sjå tendensar til at dei systematiske avgrensingane på språkbruk (i skule- og arbeidssystemet) får følgjer for bruken av tibetansk. Mange tibetanske ungdomar bruker kinesisk i privatlivet, for å ta notat, skrive til kvarandre o.s.fr. All skrivetreninga dei får, er på kinesisk, og dette skaper skrivevanar som er vanskelege å vende. Lite bruk av skriftleg tibetansk gjer at mange tibetanarar ikkje kan skrive korrekt, og dette fører til at mange føler at tibetansk er framandt og vanskeleg å bruke. Alternativet er å bruke ekstra tid på å studere på eiga hand og freiste å bruke tibetansk i arbeidslivet og i skulen. Dette er praktisk vanskeleg. Eit av dei største underliggjande problema i denne situasjonen, er at det er økonomisk naudsynt å kunne kinesisk, mens det berre er politisk interessant å bruke ekstra tid på tibetansk. I eit av dei fattigaste områda i verda er det få som har høve til å prioritera politikk og ideologi framfor økonomi og kampen for å overleve.