Pressemelding frå Norsk Målungdom 29.11.07
I dag, 29. november, fekk Ingrid Bolsø Berdal Dialektprisen, som kvart år blir utdelt av Norsk Målungdom. Ved utdelinga reflekterte målungdoms-leiar Jens Kihl særleg over mangelen på jenter mellom dei tidlegare prisvinnarane:
– Fleire undersøkjingar tyder på at jentene lettast gjev opp dialekten. Difor er det ekstra stas å få gje prisen til ei kvinne som har flytta hit til Oslo, men som held knallhardt på dialekten sin, sa Kihl i gratulasjonstalen.
– I tillegg når Ingrid ut til ungdom med den flotte trønderdialekten sin. Gjennom å spele på trøndersk i suksessfilmen Fritt vilt har ho synt at norske filmheltar ikkje treng å tale bokmål, heldt han fram.
– Klapp på skuldra
Prisen blei delt ut på Det Norske Teatret, som til dagleg er arbeidsplassen til Ingrid Bolsø Berdal. Prisvinnaren sjølv var stolt over å vere årets prisvinnar:
– Dette er ein flott klapp på skuldra for ein dialektbrukar som meg. Eg har kjempa eit par kampar for å få bruke trøndersk, og det er fint å vite at det blir sett pris på, takk Ingrid Bolsø Berdal. Som ung skodespelar kan ein lett føle seg utrygg, meinte ho.
– Då er det godt å ha dialekten sin å støtte seg på. Eg er glad for at det er slik i arbeidet på Det Norske Teatret, smilte Bolsø Berdal.
Fakta om prisvinnaren
Ingrid Bolsø Berdal (27) kjem frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Dei siste åra har vi sett henne både på film, tv og teaterscena. Filmar som Fritt vilt og Sønner og tv-serien Kodenavn Hunter har synt at trønderdialekt passar til meir enn Rosenborg-songar og Lotto-reklame. I tillegg har ho gjennom hovudrolla Jeanie i Hair på Det Norske Teatret på ein glimrande måte synt at trønderdialekten heng nært saman med nynorsk. Ingrid mottok Heddastipendet som årets debutant i 2006, og Amandaprisen for beste kvinnelege hovurolle for prestasjonen i Fritt Vilt.
Då Bolsø Berdal blei intervjua til Motmæle hausten 2006, sa ho dette om tilhøvet mellom nynorsk og trøndersk:
«I Hair-oppsetjinga fekk eg nytta dialekten min i svært stor grad. Eg trur nesten «eg» var det einaste eg måtte nytta som ikkje er trøndersk. Og samstundes var det jo nynorsk i botnen.»
For meir informasjon:
Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom: 99 23 14 90
Klikk her for høgoppløyseleg bilete. Biletet kan nyttast fritt av presse. Foto: Norsk Målungdom/Maria Svendsen