Torsdag 8. november 2001 fekk den nordnorske rappgruppa Tungtvann Norsk Målungdom sin dialektpris.
"Tungtvann får prisen for god og kreativ bruk av saltendialekten. Tungtvann har vore føregangsfolk og synt at det er mogleg å nytta sin eigen dialekt og samstundes få ungdom til å høyra på" sa Eva Marie Mathisen då ho gav dialektprisen til Jørgen Nordeng frå Tungtvann. Under prisoverrekkinga kunne Jørg-1 fortelja at han fyrst hadde prøvd med engelsk, men at det ikkje vart noko fart over rappinga før han gjekk over til sin eigen dialekt. "Nordnorsk er jo eit so jævlig fint og rikt språk, og det passar best til det eg vil skriva om" sa han.
I grunngjevinga frå juryen heiter det mellom anna at "Tungtvann syner at det er mogleg å nytta dialekten sin sin innanfor ein musikksjanger der engelsk har vore mest vanleg. Med dette signaliserer dei at dialekten deira er brukande i alle samanhenger. "