Æ tror ikke æ kan gjør det, nei sa ho, jenta som satt bak meg på bussen mellom Orkanger og Trondheim. Vorfor ikke da? spurde venninna hennar. Au då, tenkte eg.
Dialektendringar kan me kalla det. At folk byrjar tala annleis, at ord og bøyingsformer forvinn og andre kjem til er heilt vanleg og har alltid hendt. Dette veit me, men eg tykkjer noko skurrar når trønderar byttar ut koffor med vorfor.
Ein gong tala eg med ei dame frå Jæren som fortalde at ho hadde gått på skule i Vestfold på 50- talet. Klassekameratane erta henne fordi ho sa "gadå" og "jysla bra". Elevane hadde lært av dei strenge riksmålslærarane sine at det heitte det gaten og ikkje gata slik dei fleste av dei sa heime. Difor tenkte dei sikkert at gadå- ja, det måtte vel vera enno verre. Sjølv om dialektundertrykking var regelen på 50- talet slutta ikkje jenta å tala jærbu. " Kvifor skulle eg det" sa ho. "Eg visste jo at måten eg snakka på var flott, og at det var akkurat like bra norsk som det dei andre tala". Tilslutt ga medelevane opp og innsåg at "a`Gunhild er bare sånn".
Ogso kongen likar dialekt
I dag har dialektane ein heilt annan status enn på 50-talet. Jamvel
Kongen har fleire gongar uttala at han set stor pris på dialektane, og
ingen flirar av at statsministeren talar moldemål. Dei som talar
dialekt i dag møter ikkje same motstand som vetle Gunhild gjorde på
-50 talet. Likevel et bokmål og bokmålstale seg inn overalt. Mange
stader på austlandet har bokmålet heilt trengt vekk den lokale
dialekten. I andre kantar av landet skjer tilnærminga meir steg for
steg der bokmålsord som "kommer, hjem, ikke og vorfor" tek over for
dialektorda.
Haldninga avgjer
Sjølv om kongen likar dialektar er det likevel ikkje alltid er so lett
å tala dialekt. Mange unge har flytta fleire gongar og har kanskje
ikkje ein eigen dialekt og alt bokmålet ein høyrer i tv- og i radioen
påverkar. Sjølv om ein ikkje vert erta for å tala dialekt, får ein
gjerne høyra det om ein talar litt breitt. Orkdalsjentene som satt på
bussen på veg inn til Trondheim hadde kanskje fått høyra at det var
bonat å seia "æ trur itj æ kainn gjerra det, nei" og var leie av å
støtt få kommentarar på det. Kanskje dei ville at trondheimarane
skulle høyra på kva dei sa, og ikkje alltid kommentera måten dei sa
det på?
Presset mot dialektene finst framleis, og bokmålet dominerer kanskje i enno fleire samanhenger enn før, men det kan ikkje forklara alle endringane. Haldninga avgjer ogso. Haldninga til vetle Gunhild frå Jæren gjorde at ho heldt på dialekten sin, og når trønderske ungdomar byrjer seia "ikke og vordan" er dette ogso eit uttrykk for haldningane deira. Gunhild heldt på dialekten sin fordi ho visste at dette var ein fin måte å tala på, og fordi ho slett ikkje tykte det var flaut å koma frå Jæren. Dette medvitet mangla kanskje hjå orkdalsjentene?
Tru på seg sjølv
Eg er samd med Kongen i at det er flott med dialektar. Dei gjev oss
ein rikdom av ord og måtar å seia ting på. Dialektane er ogso med på å
utvikla språksansen til folk, når ein lærer å forstå dialektar,
utviklar ein ogso ein språkleg fantasi som gjer det lettare å skjøna
ulike måtar å seia ting på. Det er ikkje tilfeldig at me i
dialektlandet Noreg er flinkare til å forstå svenskar og danskar enn
dei er til å forstå oss og kvarandre.
Dialektane er eit tydeleg prov på at folk her i landet slett ikkje har lett fintfolk fortelja dei kvar skapet skal stå. Sjølv om fintfolk har hevda at det heitte "kvinnen" eller "hånden" har folk ikkje trudd på dei. Dei har heller trudd på seg sjølve, på slekta si, på naboane sine og på sine eigne tradisjonar. Forfattaren Olav Duun sa at det beste språklege førebiletet hans var kårkallen heime i Namdalen. Med å gjera dette prova han ikkje berre at namdalsmålet var "fint" nok til å kunne nyttast som litteraturspråk, han synte ogso at språket var utvikla og avansert nok til det.
Folk har heldt dialektane oppe fordi dei har vore stolte, dielektane syner oss ogso at vanlege folk over heile landet har greidd å utvikla eit finstemt språk som kan brukast til alt. Slik vert dialektene ogso utrykk for sjølvstende. Difor tykkjer eg ogso at dialekttradisjonen vår er ein av dei flottaste tradisjonane me har her i landet.
Det er me som er unge i dag som avgjer kva talemål me skal ha her i framtida. Difor lagar Norsk Målungdom ein dialektkampanje i haust. Norsk Målungdom vil arbeida for å gjera ungdomar stolte av dialektane sine og få fleire til å halda på dialektane og til å bruka dei i alle samanhengar.
Astrid Sverresdotter Dypvik
astrid.dypvik@nynorsk.no