Hopalong Knut får Dialektpris!

Hopalong Knut

Pressemelding frå Norsk Målungdom 04.10.06: Skarockorkesteret, Hopalong Knut, får Dialektprisen til Norsk Målungdom 2006!

– Hopalong Knut meiner det dei syng, og dialektbruken gjer dei enda meir truverdige, seier Margit Ims, politisk nestleiar i Norsk Målungdom. – Sjølv om det er akseptert å nytte dialekt offentleg, er det altfor lite dialektbruk i norsk musikk i dag. Trøndersk er eit viktig særmerke ved denne gruppa, og det at det funkar så bra, gjer dei til gode dialektføredøme for ungdom.

Norsk Målungdom deler ut dialektprisen årleg til offentlege personar som har utmerka seg på ein positiv måte med bruk av dialekt. Tidlegare mottakarar er hiphopgruppa Tungtvann, filmen United ved regissør Magnus Martens, artisten Ravi og petreduoen Are og Odin.

Prisen vert delt ut på konserten Hopalong Knut held på Ås laurdag 7.oktober klokka 22.00.

For meir informasjon: Margit Ims, politisk nestleiar i Norsk Målungdom: tlf. 99 26 83 25