Kvifor er det no so bra med dialekt?

Det er ei kjend sak at mange trønderar byter ut merkeordet itj med ikke og at fleire bergensarar enn før seier hjem i staden for hem. Det er ingen hemmelegheit at det står dårleg til med dialektane mange andre stader òg. Nokre nordiskprofessorar kallar dette ei uungåeleg utvikling, men det trur ikkje Norsk Målungdom på. Me trur at me som er unge i dag kan påverka og vera med på avgjera språkframtida vår sjølve. Me unge er med på å påverka talemålsutviklinga gjennom måten me vel å snakka på, og me ser mange gode grunnar til å villa halda oppe dialektane.

Les meir:

Kor mange målføre har me i Noreg?
Har du nokon gong rista på hovudet av sidemålsmotstandarar som seier dei tykkjer det er viktig å ta vare på våre to målføre, når du veit at me har fleire hundre målføre i Noreg og at nynorsk og bokmål er to ulike skriftspråk? Har du lurt på kva som er forskjellen på dialekt, talemål og sosiolekt? Språket og omgrepa me nyttar for å snakka om språk og språkbruk er ikkje alltid like enkle. Oppklåringar på desse spørsmåla og fleire andre finn du her.

Lurar du på kva du kan gjera?
Om du er oppteken av dialektar, og har lyst til å gjera noko, men framleis ikkje veit kva, finn du kjekke aksjonstips her. Du kan ogso senda eit e-brev til skrivarstova, eller ringja oss på 22 47 71 16.

Dialektpris til Tungtvann
Rapgruppa Tungtvann fekk i 2001 dialektprisen frå NMU for god og kreativ bruk av saltenmålet. Du kan lesa meir om prisoverrekkinga her.