Nyttige fakta om nyttige ord

Det er mange som trur at me har to målføre i Noreg; nynorsk og bokmål. Andre trur at den og den snakkar nynorsk, eller snakkar bokmål. Kanskje har du sjølv lurt på kva ordet knot eigentleg tyder, eller kva ord som er rett å bruka i ymse samanhengar. Her kjem nokre nyttige fakta om nyttige ord.

Dialekt:
Alle som snakkar norsk snakkar ei eller anna form for dialekt. Ein dialekt er ein variant av eit språk som vert snakka innanfor eit avgrensa område. Dialektane er logisk oppbygde språksystem som har utvikla seg gjennom fleire hundre år her i landet. I Noreg finst fleire hundre dialektar. Me deler dei til vanleg inn i trøndske, austlandske, nordnorske og vestlandske dialektar. Desse kan ein igjen dela inn i endå mindre grupper; trøndske målføre kan ein dela inn i inntrøndsk, uttrøndsk og nordmørsk. I inntrøndsk skil ein igjen mellom verdalsdialekt, stjørdalsdialekt, gauldalsdialekt, meldalsdialekt, orkdalsdialekt osb. Alle desse dialektane kan ein vidare dela opp i endå mindre undergrupper.

Talemål:
Eit talemål tyder eit mål som ein snakkar til dagleg, eit munnleg språk. Talemål vert ofte nytta synonymt med dialekt, men er ikkje heilt det same. Dialekt er ei språkform som er knytt til ein stad og til ei gruppe, medan talemålet er knytt til einskildpersonen. Språkforskarar reknar med at me har nokre hundre dialektar i landet. Skal me rekna ut kor mange talemål som finst, er det sikkert like mange talemål som det er taleføre personar i landet. Om Vidar som snakkar vossamål har funne ut at han skal kalla ein mobiltelefon for ein handy og seia kommer i staden for kjem, har han forandra sitt personlege talemål, men ikkje på vossadialekten. Vossadialekten vert fyrst forandra om dette vert vanlege ord for dei fleste som talar dialekten.

Målføre:
Målføre er eit anna ord for dialekt. Merk: målføre og målform er ikkje det same.

Målform:
Ei målform tyder skriftform eller språknormal. Bokmål og nynorsk er båe offisielle målformer, eller skriftspråk her i landet.

Sosiolekt:
Dette er ein variant av eit språk som folk som høyrer til i den same sosiale gruppa talar. Sosiolekten er ikkje i hovudsak knytt til staden eller einskildmennesket, men altso til sosial status. (Det er nok likevel slik at folk i den same sosiale gruppa gjerne bur i det same området, men det ser me vekk i frå nett no). I sosiolekten på Singsaker i Trondheim har ein tradisjonelt sagt "jei, mei, have og mave" der resten av byen seier "æ, mæ, haga og maga".

Oslodialekt:
I radioen kan ein av og til høyra at "personen snakka oslodialekt". Med dette meiner ein gjerne at han snakka bokmål. Men oslodialekt er ikkje bokmål. Oslomålet er ein heilt vanleg norsk dialekt. Dialekten er i slekt med dei opplandske målføra nord for byen, og med dei vikværske målføra ein finn i nedre Buskerud og Austfold og Vestfold. I oslomålet heiter det t.d. ævva, ikkje øynene som på bokmål, stega (for stige) og mjælk. I oslomålet har ein ogso kløyvd infinitiv - det heiter å gjørra men å snakke. Sjølv om det altso er mange i Oslo som talar bokmål, er bokmål altso ikkje det same som oslodialekt.

Sidemål:
Sidemålet er eit mål som ein lærer i tillegg til det ein skriv til vanleg. Elevar med bokmål som fyrstespråk lærer nynorsk som sidemål. Nynorskelevar derimot, lærer bokmål som sidemål. Ordninga med obligatorisk sidemål, som Stortinget innførte i Noreg i 1907, slår fast at alle norske skuleelevar skal læra både nynorsk og bokmål. Poenget med sidemålet er at nynorsk og bokmål berre kan vera jamstelte so lenge båe språka er ein del av ålmennkunnskapen. Det å læra båe språka er ein del av det me kan kalla ei god ålmenndanning. Kan ein ikkje båe, har ein heller ikkje lært det skulen kallar norsk språk skikkeleg.

Knot:
Å knota seier ein gjerne om noko som ikkje går heilt av seg sjølv. Med andre ord noko som verkar tilgjort eller unaturleg. I språksamanheng tydar å knota ogso at ein freistar å gjera seg fin gjennom å snakka meir likt bokmål. Sjølv om knoting ikkje er serleg populært, er det ikkje noko nytt fenomen. Me veit at bønder på Hadeland nytta verbet "å knota" alt på 1600-talet for å gjera narr av folk som prøvde å snakka likt dansk.