Oslo er ikkje hovudstaden i Noreg

Oslo

Ein kar eg kjenner skremde ein heil skuleklasse på Oslo handelsgymnasium med å seia at Oslo ikkje var hovudstaden i Noreg. "Men, det er jo her kongen bur og det her regjeringa og Stortinget held til. Dessutan står det i samfunnsfagsboka vår at Oslo er hovudstad" - argumenterte elevane. Ja, det kan de ha rett i, men Oslo er ikkje ein kulturell hovudstad eller noko kulturelt sentrum i Noreg sa vår ven.

Argumentasjonen for denne merkelege påstanden var om lag slik. "Mine kjære elevar, kva tyder det for dykk at nokon snakkar normalt? Korleis snakkar ein som snakkar normalt? "De snakker slik som oss de , ikke slik som deg iallfall", meinte elevane. Men der tok dei feil - for bokmålet de snakkar er slett ingen språkleg normalitet her i landet - sa vår mann. Sjølv om hallodamene og programleiarane i underhaldnings-tv for ungdom stort sett snakkar bokmål, er ikkje bokmålstale det normale. Det vanlege i Noreg er å snakka dialekt. Ikkje ein bestemt dialekt, men dialekt.

Dialektane - ein provokasjon
"Min holdning til dialektene er for så vidt klar nok: Bare utrydd dem først som sist, gjerne med rottegift" sa nordiskproffessoren Eyvind Fjeld-Hansen på slutten av 60-talet. Fjeld-Hansen og hans likesinna gjorde iherdige utryddingsforsøk. Riksmålsforbundet reiste på føredragsturnear der dei kalla dialektane pøbelsprog og sa at dialekt var som å snakka med ei sjøpølse i munnen. Mange butikkar og kontor kravde at dei tilsette måtte snakka bokmål og husvertar skreiv p.s. ikke nordlendinger i hybelannonsar. I meir enn hundre år har nordiskprofessorar spådd at dialektane kjem til å døy ut i løpet av kort tid.

Fremleis er dei her
Framleis lever dialektane. Det å snakka dialekt er det normale. Dei aller fleste flirar litt av folk som vil utrydda dei med rottegift og tenkjer "eg snakkar som eg vil eg iallfall". Mange er til og med stolte over dialektane sine. Då kong Harald vart intervjua av Norsk Tidend spurde han "Eg synest det er heilt flott at ikkje alle høyrest ut som om dei kjem frå Oslo". Eg er samd med Kongen. Alle kjem ikkje frå Oslo. Alle kjem iallfall ikkje frå Oslo vest eller Bærum, som professor Hansen og kompisane hans, og difor er det ingen grunn til at det skal høyrast slik ut heller.

"Kommer" eller "kjæm" du i Trondheim?
I haust har Norsk Målungdom ein dialektkampanje. Ein kampanje for å snakka dialekt. Rett og slett. Sjølv om mange er stolte av dialekten sin, og sjølv om kongen er glad i dialektar, meiner me dette er naudsynt. Bokmålsformer et seg inn i dialektane og bygdeungdom byrjar snakka meir og meir slik dei gjer i byen. Bokmålspåverknad er i ferd med å utrydda dialektane over store delar av Austlandet. I Trøndelag breier former som "ikke" og "kommer" (i staden for "itj" og "kjæm") seg. Difor må me gjera noko. No.

Redsla for å vera bonat
Det me kan kalla Redsla for å vera bonat er ein av fiendane til dialektane. Sjølv om mange er stolte av dialekten sin, er ogso mange unge redde for å snakka for brei dialekt. Dei vil ikkje vera for bonat eller for spesielle. Iallfall ikkje i møte med nokon som snakkar mindre bonat. Difor legg orkdalingane om når dei kjem inn til Trondheim, og trondheimarane om når dei møter oslofolk. Sjølv om folk kan vera glade i dialekten sin, og kanskje litt stolt ogso, er dialektane truga likevel. Når ein veit at andre knotar er det lettare å gjer det sjølv. Når folk ein møter ikkje gidd å prøva å forstå legg ein gjerne om. Det talte bokmålet ein høyrer overalt og heile tida i radio, tv og andre stader påverkar.

Kvifor dialekt?
Ein gong då eg heldt føredrag i skuleklasse i Rogaland spurde eg korleis dei ville reagert om nokon sa til dei at dei snakka stygt. Elevane svara at dei ville ha vorte sinte, sure, hissige eller triste. "Me snakkar jo slik fordi det er slik me er" sa ein av elevane. Slik er det vel med dei fleste av oss - måten me snakkar på er viktig for oss. Dialekten er ein del av slik ein er, men dialekten er ikkje noko ein berre har for seg sjølv. Dialekten markerer tilhøyrsle til staden ein kjem frå og til dei folka som bur der. Dialekten avslører med ein gong du byrjar snakka kvar i landet du kjem frå. Måten å snakka på, delar du med alle andre som snakkar same dialekt.

Bokmål + dialekt er ikkje sant
Målrørsla har alltid kjempa for retten til å bruka dialekt. I dag må me som er målungdomar ogso arbeida for å gje folk vilje til å halda på dei. Me må ogso klara å syna at nynorsken er det einaste logiske språket å skriva dersom ein er oppteken av dialektar. Nynorsken byggjer på dialektane, bokmålet gjer det ikkje. I nynorsken finn du att former frå dialekten din. Bokmålet tek over for dei sereigne dialektorda og trengjer dei vekk.

Kvar er eigentleg hovudstaden?
Dialektane er ein flott, folkeleg språktradisjon. Dialektane har vorte heldt oppe fordi folk har hatt tru på seg sjølv og på at kulturen og språket deira var verdifull. Folk trudde på seg sjølve trass i at professorar som Fjeld Hansen, forfattarar som Andre Bjercke og mange andre har propagandert for bokmål i tale og skrift. Men, som vår ven sa det då han var på Oslo handelsgymnasium, Oslo vest klarte aldri å slå seg gjennom til å verta eit kulturelt eller språkleg sentrum i Noreg. I staden for har me klart å skapa mange små og ulike språklege senter kring i heile landet. Den eine dialekten er ikkje betre eller finare enn den andre. Dialektane er like bra. Oslo vest er ikkje sentrum, og det er vel eigentleg greitt nok. Målet med å påpeika dette er ikkje å vera frekk mot Oslo. Poenget er berre at språket til folk over heile landet er like viktig som Oslobokmålet.

Eva Marie Mathisen [evam.mathisen@nynorsk.no]