No sparkar me i gang ein storslegen vervekampanje for å nå det arbeidsprogramfeste målet om 1000 teljande medlemer innan sumarleiren. Premiane er mange og flotte, så her er det berre å verva!
Du finn reglar, premiar og meir til på vervesidene!
Pressemelding frå Norsk Målungdom, 26.03.08
Norsk Målungdom skipar til sitt 48. landsmøte på Voss i Hordaland helga 28.-30. mars.
– Organisasjonen kan sjå attende på eit godt år, med tusenvis av elevar i læremiddelstreik, historisk sidemålssiger i Oslo bystyre, og medlemsvokster, seier Jens Kihl, leiar i NMU. No samlar utsendingar frå heile landet seg for å førebu året som kjem.
Les meir!
Meld deg på, les om Voss og planlegg turen din.
Gå til landsmøtenetsidene
No er endeleg vevsidene for sumarleiren ute på netet! Alt av oppdateringar, programinformasjon, påmelding osb. vert frå no av å finna der.
Gå til sumarleirvevsidene!
No er datoen for sumarleiren fastsett, og han vert i veke 28, 8.-13. juli. Program og annan informasjon kjem litt etter kvart, men no er det i alle fall berre å setja av dei nemnde dagane til det som vert den beste veka sidan førre sumarleir!
Pressemelding frå Norsk Målungdom 29.11.07
I dag, 29. november, fekk Ingrid Bolsø Berdal Dialektprisen, som kvart år blir utdelt av Norsk Målungdom.
Les heile pressemeldinga og sjå bilete her!
Kinokampanjen er starta!
Netsidene er lagt ut og arbeidet er i gang. Kontakt skrivarstova om du lurer på noko.
Gå til nynorskkino.no-sidene
Ideologiseminarsidene er klare!
26.-28. oktober skipar Norsk Målungdom til ideologiseminar i Oslo, og no er vevsidene for
seminaret på nett! Der kan du finna førebels program, praktisk informasjon, påmeldingsskjema
og det meste andre du treng å vita om seminaret
Vitja ideologiseminarsidene her!
Badar i underskrifter!

Last ned og skriv ut underskriftsark her!
— Underskriftskampanjen for nynorske læremiddel har fått ein pangstart, seier NMU-leiar Jens Kihl, der han
ligg og kosar seg i myriadane med underskriftsark som har kome deisande ned i postkassa frå heile landet. Han er
særs nøgd med responsen kampanjen har fått berre i laupet av dei fyrste dagane.
— Me badar jo i underskrifter, flirer han.
Les meir her!