Ny vervetevling!
Norsk målungdom skal verva bøttevis med nye medlemer utover våren og sumaren, og me treng hjelp av DEG! Vil du framleis ha eit levande ordskifte om nynorsken? Vil du sikra at nynorskelevane skal ha dei same rettane som bokmålselevane? Vil du vera med på å arbeida for å betra sidemålsundervisninga i skulen? Verv for NMU og vinn flotte premiar!
Les meir om vervekampanjen.
Bur du i Oslo? Les meir om vervekampanjen til SmiO.

Sumarleir i Sverige
2.-7. august er det endeleg tid for sumarleir att! Og for ein sumarleir det kjem til å verta, med både sol, glade tankar og herleg målsak. I samband med unionsoppløysinga reiser me i år til Gøteborg. Det finst mange grunnar til at akkurat DU skal koma på sumarleir i år. Innimellom fantastiske seminar, gode innleiingar og sprelske verkstadar skal me diskutera, bada, smila til kvarandre og kanskje flørta litt... Meir informasjon kjem snart.
Du kan melda deg på her.

Slepp nynorsken til!
Skriv under på oppropet for å oppheva nynorskforbodet i VG og Dagbladet.

Vellukka landsmøte!
Helga 18.–20. mars var det landsmøte i Norsk Målungdom. Det er 100-årsjubileum for unionsoppløysinga, og som hovudstad for landet vårt var Oslo difor vald til landsmøtestad.
Les meir om landsmøtet.
Sjå det nye sentral- og landsstyret.

Målpris til Ravi
Artisten Ravi har fått Norsk Målungdom sin dialektpris! – Dialektane i Noreg er truga av bokmålet. Ravi nyttar tønsbergdialekten i musikken sin og viser på den måten at austlandsdialektane fungerer godt, seier Sigbjørn Hjelmbrekke, leiar i Norsk Målungdom. – Ravi har vorte kalla ambisiøs språkfornyar. Men "ravisk" er i grunnen ikkje noko anna enn vanleg tønsbergdialekt, seier Hjelmbrekke. – For ikkje mange år sidan var det langt vanlegare enn i dag å syngja på bokmål, dersom ein i det heile song på norsk. Ravi illustrerer ei endring på dette feltet.
Les meir

Kalvø Hald på nynorsken!
Med Are Kalvø på laget laga Norsk Målungdom til ein landsfemnande kampanje retta inn mot nynorskelevar. "Eg kjenner ein som bytte frå nynorsk til bokmål då han begynte på vidaregåande. I dag er han einsam, ugift, arbeidslaus, alkoholisert og ute av stand til å gjere greie for seg. Luktar gjer han også." Dette skreiv Kalvø i flygebladet som gjekk ut til alle dei nynorskbrukande tiandeklassingane i landet.
Les meir

Jau! Stor nynorsksiger for elevane!
Regjeringa vil endeleg fjerne unntaket i opplæringslova, som har ført til at elevane berre har hatt tilgang på programvare på bokmål.
– Dette er kanskje det største framsteget for rettane til nynorskelevar sidan syttitalet, seier Sigbjørn Hjelmbrekke, leiar i Norsk Målungdom.
Les pressemeldinga

Austlandssatsing
Austlandet var eitt av dei prioriterte områda for NMU i 2004. Målet var å styrkja nynorsk- og dialektbruken i landsdelen.
Les meir i Sarpsborg Arbeiderblad

Krigserklæring frå Clemet
Utdanningsminister Kristin Clemet vil fjerna nynorskeksamen i ungdomsskulen og gjera han til trekkeksamen i vidaregåande. – Dei som vert trekte ut vil sjølvsagt rekna dette for særs urettferdig. Framlegget vil føra til meir frustrasjon over nynorsken, ikkje mindre, seier Sigbjørn Hjelmbrekke, leiar i Norsk Målungdom.
Les pressemeldinga | Les meir i Aftenposten.

Eit slag i trynet for lokaldemokratiet
Kommunal- og regionalminister Erna Solberg har lenge gått i bresjen for kommunesamanslåing. Ho hevdar at større og færre kommunar vil gagna Noreg, og seier at særleg kommunar rundt dei store byane bør slå seg saman. Norsk Målungdom meiner at samanslegne kommunar vil svekkja lokaldemokratiet og nynorskbrukarane sine rettar.
Les pressemeldinga

NMU i sidemålsordskifte
Framtida til sidemålsopplæringa i osloskulen vert dryfta for tida. Norsk Målungdom er sjølvsagt aktive i kampen for å tryggja at skuleelevane i Oslo framleis skal ha skriftleg sidemål, og dåverande fungerande leiar Unn C. Fyllingsnes var i sidemålsduell mot Riksmålsforbundet.
Les meir i Aftenposten.

Viktig datasiger for nynorsken
Etter lang tids press frå mellom anna Norsk Målungdom, so har Microsoft endeleg kome med nynorskutgåve av Office-pakka si. Dette er ein viktig siger for målrørsla. Les meir i Dagens Næringsliv.