Pressemelding frå Norsk Målungdom og Noregs Mållag 27. august 2007
— Øystein Djupedal har svikta nynorskelevane. Han bryr seg ikkje om at nynorskbøkene kjem altfor seint nok eit år. Difor går elevar ved fleire vidaregåande skular ut i streik torsdag 30. august, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom.
I samband med streikeaksjonane lanserer Norsk Målungdom og Noregs Mållag eit underskriftsopprop der folk kan gje si støtte til kravet frå elevane.
— Retten til læremiddel på eige språk er heilt grunnleggjande, og det er trist å sjå at Djupedal ikkje tek tak i denne saka, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.
— Kampen for nynorske læremiddel er eit grunnleggjande rettferdskrav frå nynorskelevane, og eit krav mange elevar med bokmål som hovudmål sluttar seg til. Statsråden kan ikkje vente — elevane lid under mangel på læremiddel på eige språk for kvar dag som går. I dag har departementet ikkje ein gong oversyn over stoda for nynorskbøkene. Det må det bli ei endring på, krev NMU-leiar Kihl.
Elevar i Sauda, Ørsta, Volda, Sandane, Kristiansand, Bergen og Oslo vil gå ut i streik, og det er venta at fleire vil slutte seg til. Streikeaksjonane vil halde fram utover hausten.
— Vi har ikkje tenkt til å gje Djupedal fred i denne saka, avsluttar Myklebust og Kihl.For meir informasjon:
Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom: 99 23 14 90
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag: 92 81 61 36
Les meir på nynorsk.no/nmu.
For bilete:
Jens Kihl: http://www.nynorsk.no/nmu/bilete/jens07.jpg