Nynorsk - hjelp til sjølvhjelp (læreboknormalen)

Læreboknormalen er hovudformene i rettskrivinga, dvs. alle former som ikkje står i hakeparentes i ordbøkene. Læreboknormalen skal nyttast i godkjenningspliktige lærebøker og i statstenesta. Elevane i grunnskulen og i vidaregåande opplæring har derimot rett til å nytta sideformer i skriftlege arbeid.

Denne teksten gjev eit stutt oversyn over læreboknormalen, og kan vera til god hjelp for dei som vil læra å skriva nynorsk. Teksten er henta frå vevsida til Norsk Språkråd.


I BØYING

Nokre verb

1    bli/verta skal bøyast slik:
     bli - blir - blei - har blitt   eller
     bli - blir - vart - har vorte/vorti   eller
     verta - vert - vart - har vorte/vorti


2    Verb med -a i preteritum skal ha -ar i presens.
     Verb med -de/-te i preteritum skal ha -er i presens.

     Visse verb har valfri a- eller e-bøying. Når det gjeld
     slike verb, må ein vera konsekvent og halda seg til anten
     a-bøying eler e-bøying av same verbet. 

     Døme: Han peikar på at det han peika på i går, er viktig.
           Han peiker på at det han peikte på i går, er viktig.


 3   Pass særleg på desse verba:

     byta    - byter    -  bytte  -  har bytt          
     dekkja  - dekkjer  -  dekte  -  har dekt          
     hyggja  - hyggjer  -  hygde  -  har hygd/hygt 
     knekkja - knekkjer -  knekte -  har knekt      
     knyta   - knyter   -  knytte -  har knytt         
     krenkja - krenkjer -  krenkte - har krenkt        
     leia    - leier    -  leidde  - har leidd/leitt  
     løn(n)a - løn(n)er -  lønte   - har lønt          
     rykkja  - rykkjer  -  rykte   - har rykt        
     styrkja - styrkjer -  styrkte - har styrkt      
     svekkja - svekkjer -  svekte  - har svekt
     sørgja  - sørgjer  -  sørgde  - har sørgt
     stynja  - styn     -  stunde  - har stunt
               [stønna] er sideform
     skilja  - skil      - skilde   - har skilt
     symja   - sym       - sumde    - har sumt
     ta(ka)  - tek       - tok      - har teke/teki
              [tar - har tatt] er sideformer
     dra(ga) - dreg      - drog     - har drege/dregi
              [drar - har dradd/dratt] er sideformer
     la(ta)  - let  -    -let       - har late/lati
              [lar - har latt] er sideformer 
    
     (Den vanlegaste feilen er at desse verba til og med stynja 
     blir bøygde som a-verb.)


4    Merk særleg preteritum:

      falla  - fell     - fall (ikkje falt)    -  har falle 
      finna  - finn     - fann (ikkje fant)    -  har funne
      halda  - held     - heldt (ikkje holdt)  -  har halde
      hjelpa - hjelper  - hjelpte (ikkje hjalp)-  har hjelpt
      syngja - syng     - song (ikkje sang)    -  har sunge
      søkka  - søkk     - sokk (ikkje sank)    -  har sokke
      treffa - treffer  - trefte (ikkje traff) -  har treft

  

5    Samsvarbøying

          Han er skild, ho er skild, det er skilt (ut frå
          resten av huset), dei er skilde. 

          Jobben er gjord, oppgåva er gjord, arbeidet er
          gjort, leksene er gjorde.
     
          Eg har sett han. Han er sedd, ho er sedd, barnet er
          sett, dei er sedde på byen saman.

Nokre substantiv

6     Hankjønn
          ein benk  -  fleire benker
          ein sekk  -  fleire sekker
          ein stilk -  fleire stilker
          ein vegg  -  fleire vegger
          ein gris  -  fleire griser
          ein rett  -  fleire retter (mat) 
                    -  fleire rettar (privilegium)
  
7     Hokjønn
          ei helg   -  fleire helgar
          ei vik    -  fleire vikar


8     Inkjekjønn

eit komma  - kommaet   -  fleire komma  - desse komma/kommaa
eit skjema - skjemaet  -  fleire skjema - desse skjema/skjemaa
eit tema   - temaet    -  fleire tema   - desse tema/temaa

eit faktum - faktumet  -  fleire faktum/  - desse faktuma
                                 fakta    -       fakta/faktaa

eit kvantum - kvantumet - fleire kvantum/ - desse kvantuma
                                 kvanta   -       kvanta/kvantaa 

Samandraging/ikkje samandraging

Hovudreglar:

     Inkjekjønnsord på trykklett -el har valfri
     samandraging i bunden form eintal, obligatorisk
     samandraging i bunden form fleirtal.

     Inkjekjønnsord på trykklett -ter har valfri
     samandraging både i eintal og fleirtal.

-el-døme:
eit fengsel -  fengselet/fengslet - fleire fengsel -  fengsla
eit kapittel - kapittelet/kapitlet -       kapittel - kapitla
eit middel  -  middelet/midlet     -       middel   - midla 

(Ikkje bland saman med ein midel - midelen - midlar -  midlane
som tyder 'eige, pengar')

Du må ha konsekvens innanfor heile denne gruppa av ord når det
gjeld bruken av samandraging.


-ter-døme:
eit helikopter - helikopteret/ - fleire helikopter - helikoptera/
                 helikoptret                        helikoptra


eit krater     - krateret/     - fleire krater     - kratera/
                 kratret                             kratra  

eit teater     - teateret/      - fleire teater     - teatera/
                 teatret                              teatra



9     Konsekvens ved bøying av substantiv:

      Visse substantiv har valfritt kjønn, t.d.
           ein/ei andakt, ein/ei art, ein/ei farge, ein/ei grad,
           ein/ei plante, ein/ei maskin, ein/ei kasse, ein/ei
           klasse, ein/ei tekst osv.

     Vel eitt bøyingsmønster og bruk det gjennom heile
     teksten.



10    Merk kva kjønn desse substantiva har:

      Hannkjønn: annonse, aksje, medlem (fl. medlem(m)er), brosjyre, 
      del, myte, dialekt, nisje, fase, pause, katastrofe, reiskap, 
      kommune, runde, kontrakt, rutine, medalje, skade, medisin

      Hokjønn: form (Korleis er forma?), norm, plattform, reform, 
      rolle, sone, spalte, straff, uniform

II SKRIVEMÅTEN

1    Anten a-infinitiv eller e-infinitiv.


2    me og vi er jamstelte former.


3    Merk desse nynorskformene:

     leiar, reiar, spreiar (ikkje ledar, redar,
     spredar)

     gong, song, stong, trong (ikkje gang, sang,
     stang,trang)

     bytte, syster, sysken, lyfta (ikkje bøtte, søster,
     søsken,                            løfta)

     å tola, tolmod, tolmodig, ømtolig, ein drope
     (ikkje tåla, tålmod osv.)
 
     hamn, namn, omn (ikkje havn, navn, ovn)

     selja, sal; velja, val; ferje (ikkje selgja, salg;
     velgja, valg; ferge)

     bryggje, klyngje, rekkjefølgje, knekkja, krenkja
     (Formene utan j er klammeformer. 
     NB! Gjeld ikkje knekka.)

     å ynskja/ønskja, men eit ynske/ønske


     vekedagar: måndag, tysdag, laurdag





     Ord som stundom blir skrivne feil:

     ein blomster , fleire blomstrar (ikkje ein blomst)
     okle (ikkje ankel), tilskodar (ikkje
     tilskuar), 
     siger (ikkje seier), skjene (jernbane-)
     (ikkje skinne),  
     føresetnad (ikkje forutsetning), bustad
     (ikkje bolig),  
     (opp)gåve (ikkje gave), tal (ikkje tall),
     lêr (ikkje lær),
     ei fòr (ikkje ei fure), verka (ikkje virka)
     førre (ikkje forrige), viss (ikkje hvis)



5    annan og hennar er no dei einaste
     hovudformene.
     (Før kunne ein òg nytta [annen] og [hennes] i
     lærebøkene.)


6     å gje(va) svarar til ein gjevar
      å gi svarar til ein givar


7     innanfor        innafor
      ovan-           ova-
      bortan-         borta-     Gjennomfør -a- eller -an-.
      nedan-          neda-
      framan-         frama-

Og tenk på meininga. I eit manuskript vi fekk inn, stod det
at "husbonden sat skrått ovanfor peisen". Han gjorde kanskje
det,  men meininga er truleg at han sat framfor peisen, men litt
over mot den eine sida. Omsetjaren har blanda saman ovanfor
(over) og overfor (rett imot).


8      Samanskriving/særskriving
       likeins eller like eins   -   gjennomfør
       ei av formene.
       av di  berre i to ord
       om lag berre i to ord
       altfor berre i eitt ord
       imot berre i eitt ord

9      Samansetningar med lege-, lækjar- lækje-
       Vi må sjå nøye på kva førsteleddet kjem av. Er det ein
       lege/lækjar, eller er det snakk om å
       lækja?
          Døme: Legane/lækjarane kan slå seg saman og
          ha legesenter/lækjarsenter. For å hjelpa pasientane
          kan dei bruka lækjemiddel som er kontrollerte av
          Statens lækjemiddelkontroll.


10     Namn på statsinstitusjonar
       Alle statsinstitusjonar skal ha namn både på bokmål og
       nynorsk. Døme: Noregs el. Norges Statsbaner
                      Noregs el. Norges Bank  
   
       Bak i Magne Rommetveit: Med andre ord (NKS-
       Forlaget 1993) står det ei liste over slike namn.

       Ein del private organisasjonar har eit nynorsknamn. Det
       gjeld til dømes dei politiske partia (Det norske
       Arbeidarparti, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Framstegspartiet),
       Raudekrossen og Norsk Lærarlag.


11    Historiske og geografiske namn

      Norsk språkråd har ei "historieliste" med skrivemåten av
      nokre historiske namn. (Det blir arbeidd med ei større
      liste, vonleg ferdig i 1996.) 

      Legg merke til at det heiter Kristian 4. (ikkje
      Christian IV), og Fredrik 2. (ikkje Frederik II). Vi skriv
      Kristiania  (ikkje Christiania).

      Geografilista frå Norsk språkråd (Novus forlag 1991)
      fastset skrivemåtar for eit utval av utanlandske
      geografiske namn med avleiingar, adjektiv og innbyggjar-
      nemningar.



III ORDBRUKEN

1   tyda og tyding blir ofte misbrukte.
     Aldri: Kva tyding har dette for samfunnet?
     Men: Kva har dette å seia for samfunnet?
     Aldri: Dette tydde eit stort framsteg.
     Men: Dette var eit stort framsteg.

     Slik kan vi bruka tyda/tyding:
           Signalet tyder at trafikken må stansa.
           Det er ikkje så lett å få tak i tydinga av dette
           ordet.


2     denne, dette, desse kan i visse samanhengar gje
      eit stivt eller upresist språk. Bruk heller den, det, dei, han,
      ho, eller ta opp att substantivet.
      Døme: "Tyskarane i Bergen hadde særrettar, men
      desse fall bort etter kvart." 
      Betre: desse rettane

          "Eremitasjen er det største kunstmuseet i verda.
          Det ligg i Vinterpalasset. Dette er bygd i barokk
          stil."
          Meir presist: Vinterpalasset

          "Det er ikkje grunn til å klaga på telefonrekninga
          så låg som denne er no."
          Betre: ho

          "Dei mest verdifulle måleria var sette til sides,
          og   ingen hadde spurt etter desse enno."
          Betre: dei

           
3    den (personleg pronomen bokmål) skal normalt ikkje
     brukast som personleg pronomen i nynorsk. Det vanlege
     tilvisings-pronomenet er han for alle hankjønnsord
     og ho for alle hokjønnsord - så sant pronomenet ikke
     strir mot det naturlege kjønnet.
     Døme: "Ytringsfridommen er til liten nytte om
     han (bm. den) ikkje blir nytta i praksis."
     "Saka er vanskeleg, og vi må difor drøfta ho
     (bm.den) grundig.

     MERK: Vi kan sjølvsagt bruka den i nynorsk, men då som
           peikande pronomen: "Ikkje den har eg
           sagt, men den!"



4    st-passiv kan vera godt språk etter modale hjelpeverb:
          Binders kan brukast til så mangt.
          Spørsmål kan sendast til Språkrådet.

     Sjølvsagt kan ein gjerne skriva: "Binders kan ein/vi
     bruka til så mangt" og "Spørsmål kan ein senda til
     Språkrådet", men ofte fell det tyngre med slike
     konstruksjonar. Eit døme på det:
                 Saka skal no bli undersøkt i departementet.
          Betre: Saka skal  no undersøkjast i departementet.

     Bruk ikkje st-passiv i presens.
     Aldri: Saka undersøkjest no i departementet.
     Aldri: Avgiftsauken skuldast prisstigninga på
               verdsmarknaden
     Men: Avgiftsauken kjem av  prisstigninga ...


 
5    Nynorsk har ofte laust samansette verb der bokmål har
     fast samansetning: høyra til, leggja fram, liggja føre,
     svara til, skriva under, skriva ut

     Merk: Det heiter berre ta mot (ikkje motta).
           Men: dei mottekne pengane

     Her vise vi til kapitlet om laust og fast samansette verb
     i Fretland ofl.: På godt norsk (NKS-Forlaget 1980,
     side 114 ff.



6    nokre - blir brukt når vi veit at det er fleire av
     noko (engelsk some) 
          Vi vart verande der nokre dagar.

     nokon - i uttrykk med spørsmål, tvil og nekting
     (engelsk any)
          Det spørst om det kjem nokon fleire.

     somme - om lag som nokre, men mindre med tanke på
     talet.
          Somme dagar er veret grått.


7    Bokmål hvilken   Nynorsk har her fleire uttrykksmåtar:
                      kva     -  Kva dag er det i dag?
                      kva for  -  Kva for bøker har du?
                      (Kva slag)
     ein/ei/eit/nokre legg vi til når vi vil
     konkretisera noko
                      som kan teljast.
                      Kva for ei bok er det?
                      Kva for nokre bøker har du?
     Ofte er det godt språk å skriva berre kva.



8    Bokmål enhver er det mange som har problem med.
     Det heiter ikkje "einkvar" e.l., for det ordet har vi
     ikkje.
     
     Einkvan (eikor i hokj., eitkvart i inkjekj.) tyder
     'ein eller annan'.
     Ofte svarar enhver til 'alle', andre gonger passar
     det med 'kven som helst', 'kvar (ein)', 'kvar og ein'
     o.l.

     til enhver tid: alltid, heile tida, når som
     helst, til kvar  tid
     for enhver pris: same kva det måtte kosta, i
     alle tilfelle



9    ved (prep.)
     Tenk over om du kan bruka andre seiemåtar.
     Nokre døme:
          Ved utsetjing av gjennomføringa av prisstoppen:
                    Blir prisstoppen utsett, ...
          Ved lungebetennelse:
                    Pasientar med lungebetennelse ...
          Ved sjukdom:
                    Når nokon er sjuk, ...



10   følgende er helst ikkje "følgjande". Ofte treng vi
     ikkje ordet, andre gonger høver det med
     denne/dette/desse.
          Gjør følgende oppgaver. = Gjer desse
          oppgåvene.


 11  Mjuk og blaut
     Ver klar over at første tyding av blaut er 'særs
     våt'. Det motsette av hard er mjuk. Difor:
     mjukstål.
     Skriv for all del ikkje om blaute kroppsdelar når
     meininga er at dei er mjuke.



12   Kjemisk forbindelse: sambinding
     Andre forbindelser: samband, samanbinding,
     samanknyting, samanføying, skøyt, kontakt osb.



13   Genitiv
     Ver nøye med å variera språkbruken der bokmål har
     genitiv:
          s-genitiv
          sin-genitiv
          preposisjonsuttrykk
          eigedomsform av personleg pronomen (huset hennar mor)
          samansetningar
          heile setningar
     Sjå Hellevik: Norsk på ny. Nynorsk (1981), side 202 ff.

     Ver særleg merksam på avgrensingane i bruken av s-genitiv
     og sin-genitiv.
     Døme: Aasens ordbok, fjorten dagars tid
           Dette er kommunen sin eigedom (vekt på kommunen)

     Dette er ikkje god nynorsk:
          "Kvinnas syn på landets forsvar."  
          "Forbrukarens vurdering av varas kvalitet." 
          "Heimen sin verdi for barn si oppseding."

     Framlegg:
          Kva syn kvinna hadde på forsvaret av landet.
          Korleis forbrukaren vurderer kvaliteten på vara/varekvaliteten.
          Kva heimen har å seia for oppsedinga av barn.



TIL SLUTT NOKRE DØME PÅ BOKMÅLSFARGEN I NYNORSK:

     Gå inn i ein dialog med partane > snakk med partane
     Elevane får auka forståing av eit emne > elevane forstår
                                              emnet betre
     Arbeidet vil skapa tilknyting mellom deltakarane > arbeidet
                knyter band mellom
     Det er viktig å tilstreva ei felles forståing ... > det
               er viktig å bli samde om ...
     Det gjekk føre seg ein innmarsj av arbeidarar på ... >
          arbeidarane marsjerte inn på ...