Korleis skriva nynorsk?

Mange seier til oss at «eg kunne eigenleg tenkt meg å skriva nynorsk, men eg tykkjer det er so vanskeleg». Nynorsken er ikkje vanskeleg å skriva i seg sjølv, hovudgrunnen til at sume tykkjer nynorsk er vanskeleg er vel rett og slett at nynorsk ofte er uvanleg for mange. Difor er det beste tipset for ei som vil læra seg å skriva nynorsk å freista venna seg til nynorsk; med å lesa nynorsk litteratur og rett og slett å starta skriva nynorsk.

Hjelp til sjølvhjelp
Av Språkrådet.

Nynorsk.nett.no
Språkrådet har laga dette interaktive kurset i nynorsk.

Korleis skriva betre nynorsk?
Av Oddmund Hoel.

Søk i nynorskordboka
Nynorskordboka ligg ute på nettet.

Og hugs: Om du vil byta hovudmål frå bokmål til nynorsk treng du ikkje skriva ein søknad om løyve til rektor der du grunngjev kvifor du vil skriva nynorsk. Alt du treng gjera er å seia i frå til norsklæraren din om at du frå no av har nynorsk som hovudmål. Verre er det ikkje!