Ivar Aasen -

Ivar Aasen vart fødd i 1813 på garden Åsen i Ørsta på Sunnmøre. Han voks opp i eit intellektuelt bygdemiljø der språkmedvitet stod sterkt. Ivar Aasen hadde hug til boka, og utdaninga si fekk han ved å lesa seg gjennom alle dei boksamlingane han kom over.

Ivar Aasen Det hadde alltid gjort han vondt å høyra nokon spita og le av det 'forkvakla' målet folk tala. Dette var ei viktig drivkraft til at han sette i gang målreisingsprosjektet: Han ville gje det norske målet den vørdnaden det fortente, ikkje berre med gode ord, men ved å faktisk ta det i bruk i skrift òg. Han kom fram til at i staden for å halda fram med å skriva dansk her i landet, burde me i staden få vårt eige skriftmål, bygd på dei norske målføra.

Dette kan me lesa i stykket «Om vort skriftsprog» som han skreiv 22 år gamal. Det vart han sjølv som til slutt tok på seg det svære arbeidet det var å skriftfesta det norske målet. Med arbeidet hans Ivar Aasen var det ikkje lenger tvil. Det norske 'folkesprog' var ikkje forkvakla dansk, alle dei ulike målføra kunne førast beint attende til det gamle norske målet frå før dansketida.

Det me kjenner som nynorsk i dag er resultatet av arbeidet til Ivar Aasen og 150 års bruk og endring. Nynorsken vart reist som eit norsk alternativ til dansk. Striden er framleis ikkje løyst, og nynorsken står framleis som eit alternativ til det me no kallar bokmål.

Teksten er henta frå ein artikkel av Erik Haugan i bladet Motmæle.

Du kan lesa meir om arbeidet og tankane til Ivar Aasen i artikkelen Det nasjonale ut or folkegrunnen av Håvard Tangen.